Newhaven ligg ved utløpet til elva Ouse. Over tid har elva tatt med seg singel som har hopa seg opp ved utløpet av elva og flytta det. På 1600-talet laga dei ein kanal gjennom denne banken av sand og singel, og då blei det ei beskytta havn innanfor, det var opphavet til moderne Newhaven, med to avgangar til Dieppe kvar dag. Men grusen fortsatte å hope seg opp, og seinare er det bygd moloar for å styre dette.
Premier Inn Newhaven, heilt ok, men me bare sov der og hadde frokost.æ
National Cycle Network er eit rutenett i England drive av Sustrans. Det er ruter på kryss og tvers i Storbritannia, både eigne sykkelvegar, men ofte på vegar med lite trafikk. Vi syklar på NCN 2, NCN 20 og NCN 21 på vegen mot London.
Me sykla frå Newhaven langs klippene i South Downs til Brighton, som med sin flott pir, kafear og gammelby er ein populær ferieby i England. Først langs havna i Newhaven, deretter inn i bustadstrøk litt oppi høgda, deretter gjennom bustad- og feriehusstrøk i små nabobyar som Peacehaven og .... Deretter var det sykkelsti langs vegen, trygt, men bråkete. Heldigvis leia Nature Verte oss ut av NCN 20, og ned på strandpromenaden inn til Brighton. Der sykla me med klippene over oss på høgre side og havet på venstre i meir enn 4 km, for så å sykle vidare langs byen Brighton sin promenade. Flott.
Frå Brighton går vegen 90 grader rett inn i Sussex sitt bølgande landskap, kor me også passerar Devil's Dyke, ein dal som i følgje ein legende skal vere utgraven av djevelen. Bølgande landskap betyr opp og ned, ned og opp. Ruta var svært variert. Det mest primitive var stiar som nesten var gjengrodd, for eksempel med brennenesle, svært mykje av ruta gjekk på minimalt trafikkerte landevegar med fantastisk flotte eigedommar (er det bønder eller rike byfolk som bur slik?), men vi sykla også ein del saman med bilar. Då gjer eg meg så smal eg kan og sykøar på og likar meg ikkje. Her er også forbetringspotensial. Inn i Crawley tok ruta oss inn gJennom Tilgate Forest, eit stort naturområde. Trass i kupert landskap, regn og yr, så er me ikkje utsletne. Hurra!
Eg tar tilbake at stygt eg har tenkt og sagt om engelsk mat. Den beste lunsjen til nå hadde me på pubben Duke of York i Sayers Common. Salat med steikt laks, alt friskt og varmt. Etter middels mat i Frankrike, ein opptur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar