Dette er ein hard etappe, spesielt dersom det er feil med sykkelen og det regnar. Me tar det kronologisk.
Hotel Ibis Maisons Laffitte var svært lett å finne, og greit å bu på. Restauranten me hadde funne på Trip Advisor, Bouche a Oreille, var stengd mandagar, så det blei middag på hotellet med Joanne og Harold frå Canada. Veldig koseleg.
Maisons Laffitte er først og fremst kjent for slottet sitt, bygd ca 1650 og brukt av kong Ludvig XV som jaktslott på 1700-talet. Slottet er eit eksempel på typisk fransk barokk. Dessutan har staden ein heilt spesiell, rettlinja og symmetrisk byplan. Opplysningstida har slått tungt inn, med mange praktbustader.
Frå Maisons Laffitte går sykkelruta gjennom skogen St. Germain-en-Laye, vidare i Oisedalen, ein dal med mykje lys som har vore inspirasjon for impresjonistiske målarar som Daumier, Pissarro (sjå bilete), Césanne og van Gogh. Området er nasjonalpark, med mange idyllar. Midt i dette grøne landskapet reiser det seg plutseleg ein gjeng med nye bustadblokker på 7 - 8 etasjar! Rundt jernbanestasjonen Cergy-le-Haut har det reist seg ein by midt i skogen! Trur ikkje det var så mange arbeidsplassar. Men me fekk kjøpt god lunsj som me tok med oss til picnic. Det var lurt å ikkje bruke tid til lunsj på restaurant ein så lang dag,
Så gjekk turen gjennom eit parklandskap, Vexin Francais, med gamle landsbyar, slott og kyrkjer,
til elva Epte, som markerer starten av Normandie.

Dag 1 på turen var ganske flat, denne dagen var ikkje det, det var ein god del stigning. Dessutan gjekk ein god del av ruta på sølete grusvegar (det regna også) med innslag av leire, det var sugande. Då eg sleit som verst, forsto eg etterkvart at bakhjulet var skeivt og tok borti andre delar av sykkelen, slik at eg sykla med tilleggsbelastning. Det var hardt!!! Sykkelen blei fiksa fleire gonger, og fram skulle me, sjølv om eg var ganske pest etter 45 km, og me skulle ha 75. Dei siste 20 km frå Bray et Lu til Gisors på NEDLAGD JERNBANE redda oss. Her ein gjnbrukt stasjonsbygning langs linja.
Stadnamn: I Noreg heiter stadar Klepp, Tu, Ims, til nød to stavingar som Sola, Bryne, Sandnes og Austrått. I området vi er nå er det lite med bare eit ord, jfr dei kursiverte stadnamna over. Eller kva med Conflans Sainte Honorine eller Wy-Dit-le-Joli-Village? - Og der bur bare 330 personar!!
hei! Følger med dere med stor interesse. Dette er absolutt en tur vi også kunne tenke oss. Ja det er nange små veier i Frankrike som er flotte sykkelveier. Du er flink til å legge ut lenker. Fant en fransk syllel
SvarSlettHei! Følger med dere med stor inteesse. Dette er absolutt en tur vi kan tenke oss. Du er flink til å legge ut lenker. Fant en fransk sykkelturisme nett side som jeg ikke har sett før. Ja det er mange små veier i Frankrike som er flotte sykkelveier og de har gode kart. Håper sola vil skinne på dere etterhvert. God tur videe. Kartleseren hilser. Hilsen Rigmor