
Me har bare sykla på den gamle delen av Nederland, men rett over bukta frå Spakenburg har me "det nye landet" Flevoland. Det me spesielt legg merke til er ei heil rekke med vindmøller, moderne vindmøller på ei lang rekke.
I dag avslutta me turen på polderland og oppå eit dike. Det var slik eg hadde tenkt ein sykkeltur i Nederland skulle vere, sykle over jordbruksland på den store flatheten og ein og annan landsby. Slik har det ikkje vore. Rett nok var den siste timen i dag slik, elles har det vore mykje skog og landsbyar, me har sykla på fleire sider av ein stor skog som heiter Veluwe. Det er ein gammal skog med svært høge tre, både løv- og barskog. Og faktisk litt kupert.
Sykkelsti i Nederland heiter vietspad. Det er det ekstremt mykje av. Undelaget varierer: Støypte plater som er gode å sykle på, hardstampa grus som er litt tyngre å sykle på, men heilt ok. Vanleg er og støypte steinar lagt i fiskebeinsmønster, det ristar og humpar litt og sjølvsagt er det asfalt. Ein del av sykkelstiane går også på vegar, enten gardsvegar eller ein tydeleg tildelt del av vegen, kvite striper eller rødmaling eller begge delar. El-sykkelgjengen var svært begeistra over vegen som var merka: Sykkelveg, bilen er ein gjest. Syklar kan konsekvent kjøre mot einvegskøyring, men skal halde seg unna fotgjengaren sitt område, både fortau og gangområde i sentrum av byane (kan sykle i gangfart, ser det ut til). I nokre vegkryss og rundkjøringar har syklistane forkjørsrett. Bilistane er fantastiske til å ta hensyn. Ser dei ein syklist som kanskje tenkjer på å krysse vegen, så stoppar dei. - Slike kryssingar er merka tydeleg, det gjeld ikkje over alt.
I byen Putten var me innom minnesmerket etter ein gjengjeldingsaksjon etter at ein tysk offiser var drepen av nederlandska motstandsfolk. I 1944 blei byen brend, og nesten alle menn blei sende til konsentrasjonsleirar. Av 602 som blei sende til leirane, kom bare 49 tilbake.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar