Kampen har som hansaby ein eldgammal tradisjon for handel og skipsfart og er kjend for sine gamle hus, blant anna har dei eit rådhus og mange kyrkjer som er bygde på 1300 og 1400-tallet. Byen har ei av de best bevarte gamle bykjernene i Nederland, blant anna restane av den gamle bymuren (sjå kartet under frå 1652) og dei mange kyrkjene.
På det gamle kartet ser me gamle festningsverk. Dei er nå bytta ut med flaumbeskyttelse, dels murar, dels portar som kan stengjast på kort varsel. Sterke konstruksjonar som skal halde vatnet ute.
I byen fins mange minne etter ei rik hansatid: gamle fiskebåtar og koggar, og mange bygnigar som skulle vise fram rikdommen til kjøpmennene. Me såg også ein bitteliten bustad og baksida av ein gammal tobakksfabrikk, den siste som var igjen, sjå bilete.
Kart av Kampen 1652. Godt festningsverk. |
I byen fins mange minne etter ei rik hansatid: gamle fiskebåtar og koggar, og mange bygnigar som skulle vise fram rikdommen til kjøpmennene. Me såg også ein bitteliten bustad og baksida av ein gammal tobakksfabrikk, den siste som var igjen, sjå bilete.
Dette var ein våt dag. Det regna kattar og hundar ein del av tida, men med godt regntøy var det ikkje så verst, for det var ikkje så kaldt. Problemet er at ein når det regnar syklar raskare og ikkje ser så nøye på skilta og kartet, så det som måtte hende, det hende. Me sykla feil. Ruta var i dag i utgangspunktet ganske lang, men me klarte å utvide henne ganske godt. Det blei nok opp mot 70 km i regn og vind. Det betyr at det gjekk ganske raskt på slutten, slik at me akkurat nådde middagen i båten kl 18.30. Alle sat benka då me kom dryppvåte inn, applaus! Men ingen sure miner. - Og god middag i dag også, og høg stemning!
Folk er svært hjelpsomme og imøtekomande i dette landet. Våre tyske venner på elsykkel møtte ein god vegvisar i Kampen då det var arbeid på vegen og omsykling.
Men ekstra flott var det då me sykla feil, og gjekk inn i eit hagesenter for å lesa kart og bruke Google-map under tak. Staden det hende heiter Mulligen, verkeleg ingen stor stad. Me blei bydd kaffe, og dama som ikkje kunne engelsk, henta sonen som snakka det. Han forklarte fleire alternative ruter og fekk oss inn på vegen igjen. Koseleg! Me kunne sikkert ha fått overnatta også dersom me hadde hatt behov.
Elburg (23000 innb) er eit syn. Byen har også røter tilbake i steinalder og romartid. I perioden 1392 - 1396 var byen bygd opp igjen etter ein storflaum etter ein byplan med kvadratiske kvartal. (Det må vel vere rekordtidleg!) Denne bystrukturen fins ennå. Også Elburg var ein hansaby. Men det gjekk tilbake med byen utover i moderne tid. Innbyggjarane nekta å betale for ein jernbanestasjon, så toget går forbi. Fisket minska då Zuidersjøen blei danna av eit dike mot Nordsjøen. Tilbake sto då Elburg med mellomalderbyen som dei viser fram til turistar, men det er slett ikkje dårleg, og det var ikkje fullstappa med turistar, det er tydelegvis ikkje slik her i denne delen av Nederland.
Følger med dere. Virker som en variert og fin tur. Godt tilrettelagt. Håper sola skinner i morgen!
SvarSlett