torsdag 5. juli 2012

Østersjøen: Wismar - Kühlungsborn 42,5 km



Wismar - Drevenkirchen - Stove - Rurik - Insel Poel - Kühlungsborn


Ostseeradweg gjer det til piece of cake å vere kartlesar på denne turen. Såpass lett at Pilfinner fekk med seg Fluefangersken og Han der på eit utbrudd frå gruppa, utan kart.  Dei fire karta var hos dei andre, meir sindige typane som tok seg tid til kartlesing. Pilfinnar & co sykla rett og slett frå dei andre etter siste rast, då dei skulle konsultere kartet og finne den rette vegen. Etter ei tid var dei så greie å ringe dei andre og varsle at dei var "her", og det var jo til stor nytte for dei andre. Så det blei til at begge gruppene måtte finne fram på eiga hand, og det gjekk ganske fint for begge, alle visste dei skulle til Kühlingsborn. (kanskje var det litt konkurranse om å kome først...)

Men nå var det meir enn eitt hotell i Kühlingsborn, ganske mange, faktisk, og det skulle litt kløkt til for å finne fram til mål. Alle klarte det til slutt... Ringhotel Strandblick i Kühlungsborn


Hotella på turen: Alle tre hotella til nå har vore strålande, alle har vore firestjerners, med store, fine rom, god beliggenhet og god service. Vi får svært mykje for dei norske kronene våre i denne delen av Europa. Vi får også veldig god mat til ein rimeleg penge. Han der har vore på Trip Advisor og peila inn restaurantar på forhånd, og det har klaffa skikkeleg, Schippergesellschaft i Lubeck, Brauhaus am Lohberg i Wismar var to gode representantar for nordtysk tradisjon, kjekk, gammal innredning i gamle hus, og god mat. Matjesild og øl er typiske rettar for området, godt. I Kuhlungsborn var det også Trip Advisor som sende oss til pizzarestauranten Gallo Nero. Svært godt, men store porsjonar.

Elles innførte vi ein ny rett på kafe i Rurik, utanom menyen bestilte vi jordbær med is og krem, og då vi gjekk hadde det kome skilt i hagen om at dei hadde ein slik rett! 




Folket som syklar er kjekke og har det fint saman. Noen har fått sykkelrumper, noen kne slarkar litt, det er litt hoste, Velte-Petter veltar litt, men stort sett går det veldig bra. 


Ruta: Fin ekstratur ut på øya Poel for dei med friske rumper. Det blei litt langt mellom lunsjstader i lunsjtida. Elles heilt fin, det aller meste på sykkelvegar for dei som hadde kart og følgde det.


onsdag 4. juli 2012

Østersjøen: Lübeck - Wismar 78 km. Langt, men greit.


Lübeck - Travemünde - ferje over elva Trave - Priwall - Ivendorf - Bolkenhagen - Schwansee - Brook - Wismar.

Gamle Hansastadt Lübeck, den sentrale byen i Hansaforbundet, som handla rundt Østersjøen og Nordsjøen mellom 1100 og 1700. Hansaen var bare laust organisert, men fekk makt fordi dei var organisert, var taktiske, kunne skrive og føre regnskap. Dei handla mellom anna med stoff frå Brügge, ull frå London, tørrfisk frå Bergen, salt, vin og korn frå kontinentet, pels frå Novgorod, jern og kopar frå Stockholm, og tente seg rike. Det ser vi spor etter ennå.

Vi budde på Hotel Scandic i Lübeck, like utanfor gamlebyen og like ved sykkelstien ut av byen. Mecklenburger Radtour er operatørar på reisa. Nøyaktig justering av syklane før avreise, gode syklar og alt i orden. 

Heile strekket første dag på denne turen er opp mot 80 km. Det er ganske langt, og på orienteringa blei vi gjort ettertrykkelig oppmerksomme på at det fans fleire alternativ for å korte ned på strekket: tog på strekningen Lübeck - Travemunde, taxi til Travemunde eller taxi eller buss Boltenhagen - Wismar. 

Men dei visste ikkje kven dei hadde med å gjere; korte ned på turen, keslags snakk! Sandnes/ Hommersåkekspressen kom seg roleg, men sikkert fram alle mila, sjølv med litt forkjølelse i rekkene og litt motvind. Ekspressen består av åtte personar, mektig når han kjem sigande, med ein tendens til å stoppe i kryss som det av og til kjem bilar i. Men pytt, pytt, det vil helst gå bra.


Første del ut av Lubeck gjekk på sykkelsti skilta til Travemunde. Tunnelen under elva Trave måtte forserast ved hjelp av buss. Bussen er gratis, har eit lettvint system med tilhengar, sjå biletet, og går kvart 10.minutt. Ei mil lenger framme måtte vi ta ferje mellom Travemunde og Priwall. (Betaling i automat, husk eigen betaling for sykkelen). Flott småbåthavn, seglskute og tett med sommarhus i Priwall, før vi sykla inn i gamle DDR, som nesten var folketom. Nå var vi på Ostsee Radweg, som var tydeleg skilta. Fleire mil gjekk langs kystlinja. Delvis gjennom skog kor det var mange små innsekt som likte godt klær i typiske "sykkelfargar", sjølvlysande grønt og gult, samt kvitt. Bjørg sykla til tider rundt som ein insektsverm/ som ein svart tornado, og fekk namnet Fluefangersken. Vidare passerte vi gigantiske åkrar med jordbær, rug, poteter, bønner og mais. Noko turisme var det også på strekket, men ikkje så mykje som venta. Overalt velstelt og flott, ikkje mykje som minna om trist DDR lenger.

Wismar var strålande. Ikkje utan grunn på UNESCO si verdensarvliste. Hus med dei spesielle fasadane dei har i Nederland og Nord-Tyskland. Og vi fekk hotellrom på Arcona Steigenberger Hotel med utsikt mot rådhusplassen, fint! Som Hansaby eksporterte Wismar spesielt sild og øl. Dagens middag var for fleire av oss matjesild med øl i Brauhaus am Lohberg.

Nesten heile turen gjekk på sykkelsti, også inn og ut av byar! Det var bra skilta og lett å finne fram når vi også hadde kart. Bikeline dekker området med eiga kartbok for turen i vannfast materiale, med kart av løypa, detaljkart av byane og opplysningar om kjekke ting å sjå på turen. Heilt topp. Bikeline er eit team av sykkelinteresserte som ut frå eit sykkelprosjekt i 1987 i Wien har utvikla seg til å bli eit forlag som lagar sykkelkart på fem språk og i mange land i Europa. På vårt sykkelkart er kvar vindmølle og lehytte i skogen avmerka. Det kan vere nyttig. Eigne bykart i boka er nyttig, både når vi skal finne hotellet, og når vi skal ut i byen. 

Feiring av første etappe.



Interiør Brauhaus am Lohberg. Tørka humle under taket.




lørdag 9. juni 2012

Sjarmøretappe: Chalon-sur-Saône - Beaune 55 km


Utruleg kor mange nesten ikkje trafikkerte småvegar som nokon har laga for at vi skal kome til Frankrike og sykle. Åker og eng, i dag også kornblom og valmueeng i starten, solbær og druer i slutten då vi nærma oss Beaune igjen. Og ein liten skog. Løypeleggarane må ha vore svært lokalkjende, og dei har gjort ein god jobb med løype og kart. To vegar har vore svært små. Og når beskrivelsen seier "sving til venstre ved huset med blå skodder", så har nokon vore der og sett huset. Vi syklar etter kart, verbal beskrivelse og pilmerking. Pilmerkinga har vore noko variabel, og hadde ikkje vore tilstrekkeleg å sykle etter, men med kart og beskrivelse er det ofte ikkje så nødvendig med piler. Vi har i alle år brukt tysktalande byrå, og denne gong var det Rückenwind som sto for løypemerkinga. Og vi har lært, vi bestiller både engelsk og tysk versjon av løypebeskrivelsen, for ofte er den engelske versjonen av beskrivelsen ikkje heilt bra. Når 16.30 blir 17.30, når rett fram blir til venstre og det står Sackgasse i den engelske versjonen istf. cul-de-sac, det kan bli litt feil. Vi syklar etter den engelske beskrivelseb og har den tyske og kertet som kontroll.

Når vi er fire syklistar saman, kjem vi ikkje like mykje i kontakt med andre, men vi har kome i kontakt med eit tysk par klart over 70 som verkeleg er spreke. Dei sykla først ei veke i Nord- Bourgogne, deretter sykla dei nå ei veke her i sør. Dei syklar ikkje noko vesentleg seinare enn oss, og dei brukar GPS. 

Beaune, bare bra. Det gamle sjukehuset frå 1400-talet, imponerande, og nydeleg lite bysentrum. Og Panorama Hotel i Beaune har hatt den beste maten på turen, og det seier ikkje lite i Frankrike. 

Apropos mat. Denne dagen hadde vi vel den mest rurale matopplevinga også. Med mykje sykling i skog og mark blei det langt mellom landsbyane. Han der ville gjerne ha ein lekker salat på ein restaurant. Med lang mellom landsbyane måtte vi ta det som baud seg, og denne gongen blei det ein svært enkel variant, slett ikkje ein lekker salat:
Vi kom inn i "restauranten" og benka oss ved bordet med gule voksdukar stifta på. Raskt blei det dunka to flasker på bordet framfor oss, ei med vatn frå kranen, ei med rødvin frå tønna. Menyen var enkel, forrett, kjøtt eller fisk som hovudrett og dessert. Forretten var tre påleggskiver og ein sylta agurk, og kjøttretten var eit dampa kjøttstykke og ei kokt potet. Ingen saus, grønnsak eller garnityr... så fransk mat kan vere så mangt. - Desserten var god.

Lett og greit - Louhans - Chalon-sur-Saône 55 km


Regnvarsel for ettermiddagen gjorde at vi skifta taktikk, vi sykla ganske radig på denne etappen, og kunne vore framme før kl. 12.30. Nå kom ikkje regnet, og heldigvis kom vi over ein flott restaurant ved elva Saône, like før vi var framme. Der fekk vi oss eit godt trerettars måltid på terrassen, noko som gjorde at vi ikkje kom fram til hotellet før kl. 14.00. Hotellet St. Georges hadde vi budd på på veg sørover, og vi visste det var bra. Denne gong fann vi også eit koseleg sentrum i Chalon, som vi ikkje fann sist.

Chalon er ein av dei byane vi har besøkt som har best sykkelvegnett. Sist besøk i byen kom vi inn via kanalen og gode småvegar. Ut for vi på strålande tilrettelagt sykkelveg og Voie Verte. Denne gongen kom vi inn på sykkelveg langs elva Saone, og sykla ut på fortsettelsen av elvesykkelvegen. Akkurat det å kome til hotellet/sykle inn og ut av byar kan vere eit problem, men ikkje i Chalon. Under ser vi elvepromenaden i Chalon.

fredag 8. juni 2012

Bindingsverk og jordbruk - Mâcon - Louhans 65 km

Macon er i sørspissen av turen, vi snur nordover, og landskapet og vegane skiftar karakter. Vi syklar nordover i eit elve- og jordbrukslandskap på småvegar som nesten er bilfrie. Vi kan lure på kvifor det er så mange vegar når det er så lite folk og trafikk. -

Når lokalkjende legg opp løypa, kjem vi nokre gonger inn på vegar vi aldri hadde funne sjølv. Denne dagen svinga vi inn på eit tråkk mellom to uthus, og kom fram dit vi skulle (Han der kjem opp tråkket på biletet).

Vinstokkane frå dei første dagane er bytta ut med kveite, rug, solsikker, mais, raps, gras og grønnsaker, litt dyrehald. Ordet frodig passar godt. Ørnulf er i gang med å fuglekikking, og får med seg ørner som stuper, falk og andre store fuglar. - Og alt utan å sykle på noko som helst.

Landskapet bølgar seg som midt i Danmark, og er nokså lettsykla, noko som er godt når etappen er 65 km. Vi visste at hotellet vårt, Hotel du Cheval Rouge, var stengt til 16.30 (ikkje til 17.30 som det står i den engelske versjonen av vegbeskrivelsen), og tok det derfor ekstra, ekstra med ro. Det er løye kor mykje ein klarer når ein tar det med ro, dagen var ikkje hard i det heile tatt.

I denne delen av løypa er det ikkje flust med folk og restaurantar, landsbyane består gjerne av seks-sju hus, ikkje kyrkje og ikkje restaurant. Her må måltida planleggjast, og det kan vere lurt å ha med litt niste. Vi fann ein landsens lunsjrestaurant i St. Trivier, mat utan finesse og krøll, men veldig god. Spesielt var pølsene gode, meinte Pilfinnersken, som åt pølser med kokte poteter og eit enkelt smørstykke med god apetitt. 

I dette landskapet er det mange bindingsverkhus, og ennå er det nokre som har bustad og uthus (heimehus og fjos) i same bygget. Dei gamle pipene er også spesielle, sjå biletet, pipa til venstre.

Litt om veret: Vi drog frå Noreg i strålande ver, og vermeldinga for Bourgogne hadde varsla regn fleire dagar av turen. Etter kvart som turen nærma seg, blei det mindre og mindre regn, men det skulle kome ein del denne dagen. Vi pakka regntøy, men det var temmeleg skyfritt og varmt heile dagen. Sjølv om termometeret på apoteket viste 41 grader då vi kom fram i Louhans, så var det nok under 30, men det er også ganske varmt. Regnet kom som torevert om natta, og det var alt. Det gjorde ingenting at regntøyet låg ubrukt i sykkeltaskene.

Louhans var og ein fin, liten by. Hovudgata med arkadar på begge sidene, og vårt hotell med fin spisesal. Vi drakk bare lokal vin, og den var god. 

onsdag 6. juni 2012

Verdens lengste sykkeltunnell - Cluny - Mâcon - 35/47 km


Igjen ut på Voie Verte, i hovudsak det gamle jernbanesporet, men fleire stader er sporet brote, og då fekk vi merke det kuperte terrenget, i kontrast til det utjevna sporet.

Mykje natur:
Det var ikkje snø, men mengder av frø som gjorde sykkelstien bomullskvit.

Mest spesielt var det å sykle gjennom den 1,6 km lange tunnellen Tunnel du Bois Clair, den lengste sykkeltunnelen i Europa. I den fans det verneverdige flaggermus, og i periodar er tunnelen stengd for å verne desse. Herleg og friskt å sykle, godt opplyst, og med svært godt sykkelunderlag. Kanskje litt nedover, der gjekk raskt å trille gjennom.


Ellers flott og grønt landskap, både vimarker og anna jordbruk, og noko skog. Og landsbyar. Fantastisk natur.

I Prisse fann Pilfinnersken og Han der kooperativet si vinsmakaravdeling, og kom ut med verdens beste kvitvin, Pouilly-Fuissé. Etter vinsmaking sykla dei kortaste vegen til mål, det vil seie Voie Verte til Macon. Macon har fin promenade langs elva Saône.

Ørnulf og Hu der tok omvegen om vinmarkene i Fuissé, der Pouilly-Fuissé og andre gode vinar blir dyrka. Fantastisk og magisk å kome opp til dei små landsbyane med vinstokkar absolutt overalt i skråningane. Etter kloke overlegningar fann dei ut at nokre av desse druene måtte plukkast for hånd. Og at det nok har lønna seg i mange generasjonar å lage god vin, det var stor velstand.

Dag 1 - 3 på denne turen er mellom dei finaste etappane vi har sykla. 95 prosent av tida har vi sykla på eigne sykkelvegar i ein fantastisk natur mellom vakre landsbyar. Lett medvind og fin temperatur, sol heile tida. 




Voie Verte: Chalon-sur-Saône - Cluny 40 km



Kviledag for kartlesarene. 


Fantastisk sykkelsti: frå jernbanestasjonen i Chalon er det eigen sykkelsti, med lyskryss og eiga skilting ut av byen ca 1 km før han går inn på Voie Verte, som denne dagen låg på ein nedlagd jernbane. Rett strek på kartet.

I tillegg til at det var lett å finne fram, var løypa vedlg lettsykla, jernbanen er mest mulig rett, går nokre stader høgt på fylling over terrenget, og er nokre stader graven ned. Vi passerer små og store nedlagde jernbanestasjonar, flott.












Denne dagen hadde vi god tid, og spanderte tid på restaurantlunsj og på slottshagen til slottet Cormatin, i Louis XIII-stil, med hekklabyrint og buskar klipte som høner og andre små dyr. Flott

Hotellet i Cluny, Hostellerie d´Heloise, låg like ved den gamle jernbanestasjonen, det var lett å finne, og hadde sjel, spesielt Ørnulf syntes det. Det var gammal knirkeparkett og gammal stil, god mat og hyggelige folk. Men det mangla heis og AC, og det blei varmt om natta!! 


Staden Cluny var verdt eit lite besøk også, med fin hovudgate og klosterruinar.