Der var heldigvis varmen nede på normal, og 1197 moh ville det seie 11 grader om morgonen. Det kjentes både friskt og greit då me tok avgarde frå hotellet og oppover 1,9 km til stasjonen. Vegen i Tauerndalen stoppar i Bøckstein, og alle, bilar som syklar og menneske, må ta toget fra Böckstein til Mallnitz som ligg over fjellet, og er øverst i dalen som heiter Mølltal. Det betyr at det som måtte vere av meir stigning også blei gjort av eit tog! - ei viss bekymring for kva som ville skje med koffertane våre blei gjort til skamme. Hotellet i Bøckstein kom med koffertane og bar dei inn i toget, me "passa på dei" i toget, og på stasjonen i Mallnitz sto taxien klar for å kjøre dei til hotellet i Spittal.
Kjekt med syklar på tog. Det samlar opp mange syklistar, og etter ei slik reise er me på hels med hu spreka med mann med el-sykkel (og heile bagasjen), nederlendarane som reiser med telt og all bagasje og ikkje minst tyskarane som syklar med puddelen sin! Dei siste syklar med Pedalo, og har same hotell som oss, så vi ser korleis det går. Legg merke til hunden i korga under.
Så litt om strekket. Frå Mallnitz var det 8 km nedover med bremsing heile tida. Bremsene heldt. Deretter var det fantastisk gode sykkelstiar heile vegen inn. Samarbeidsprosjektet Ciclovia Alpe Adria Radweg som blei sett i verk så seint som i 2008, må seiast å vere ein stor suksess og var ferdig i 2013. Prosjektet kunne hekte saman allerede eksisterande vegar, men det er likevel imponerande kva dei har fått til for 1,2 mill euro. Så då vi rulla inn i Spittal var vi godt nøgde med dagen, med temperatur på vel 20 grader etter kvart.
Men ennå var det kjekke ting i vente.
Erlebnishotel Post var et opplevingshotell, spennande langt ut over det vanlege. Og då me kom til restauranten son inngjekk i halvpensjonen vår, var den både flott, hadde god met, og ikkje minst personleg meny! Dette hugsar vi!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar