Vi vakna til tordenver i St. Johann, ca 580 moh, og er nå på Gasthof zur Post i Bøckstein, ca 1160 moh. Og korleis kom vi dit? Sykkel og slit? Nei du, vi tok toget. Både av frykt for å ruste ( eller bli våte), å bli peste, og å bli eksosforgifta i tunnel, valde vi toget 80 prosent av vegen og 90 prosent av stigninga. Det var sikkert lurt, sjølv om det lenge såg ut til å kome veldig lite regn. Vi følte oss lurde, heilt til vi gjekk på friluftsmuseum i Bøckstein uten regntøy. Då fossa regnet ned.
Ein god ting med regnet, temperaturen har gått ned til fin sommar, sånn litt over 20 grader, og i natt er det visst slutt på regnet. - og i morgon passerer vi toppen. Det føles litt juksete, ikkje noko slit, to mil sykla, og i morgon skal vi fossa nedover.
I staden for mykje sykling, fekk vi altså med oss friluftsmuseet i Bøckstein som er eit museum over bergverdrifta i området oppe i alpane, det er funnne mange mineralar, også gull. Her oppe er det også varme kjelder og kalde kjelder, og derfor kurbad for ganske lenge sidan, og turisme nå. Namna Bad Gastein og Bad Hofgastein vitnar om det.
Nede ved St. Johann tok vi turen inn i Lichtensteinslukta (-klamm) som er ei elv son har grove ei smal renne i fjellet, og som det gjekk an å gå inn til på fint tillaga galleri og bruer. Veldig fint, og tydelegvis kjent, då vi kom ut, fossa busslastene imot oss. Greit å vere tidleg ute.
Ein god ting med regnet, temperaturen har gått ned til fin sommar, sånn litt over 20 grader, og i natt er det visst slutt på regnet. - og i morgon passerer vi toppen. Det føles litt juksete, ikkje noko slit, to mil sykla, og i morgon skal vi fossa nedover.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar