Med vervarsel som sa 32 grader Celsius kl 11, fann me ut at det var lurt å starte litt tidleg for å få litt av morgonfriskheten. Det var godt. Etter Golling er det ca 150 stigning opp Pass Lueg 550 m.o.h. Jevnt og ikkje så bratt oppover, og med ein kjølig trekk og skygge i det smale passet. På det smalaste var det bare plass til elva, jernbanen og vegen, ikkje sykkelsti, sjå biletet.
Utanom strekket i passet på veg, har det vore super standard på sykkelstien. Mykje oppover langs elva. Og vegen har mange namn, Alpe-Adria Radweg, Tauern Radweg, EU-sykkelveg 7 på dette strekket. Østerrike har kome langt med sykkelvegar, og det er mange syklistar å sjå, både langvegsfarane og lokale. Sykkel- og fotturisme ( og skiturisme om vinteren, sjølvsagt) er ein betydeleg næringsveg i området. Det vi ser elles oppover dalen av næringsvegar er kraftverk ( 6 - 7 til nå), tømmerhogst, trelast og ved og jordbruk.
Lang lunsj i Bishofshofen, deretter tidleg innkomst til Gasthof Lechner i St. Johann. Godt med ein dusj og ny svette.greit med kort strekk i varmen, 40 km. Så var det neste dag: denne dagen er det 4-500 meter stigning, fordel på to bratte stigningar med ein tunnel på 1,5 km som det ikkje blir anbefalt å sykle. I tillegg er det meldt uhorvelege mengder regn! Me held på med plan B. Det er ikkje sikkert det blir så mykje sykling!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar