I reisebeskrivelsen er dette strekket sett opp med 55 -60 km, alt etter velde trasear. Då me kom fram til Hotel Principe i Udine, viste min sykkelcomputer 82,3. Det var også 30 grader, så det var ei påkjenning, men godt å kjenne at dei gamle skrottane ennå klarer slikt, og godt nøgd at me tok det så med ro at me ikkje var peste.
Ein veldig variert dag. Først var det siste del av alpene. Nedre del av Vale Canale er nokså smal, og elveløpet tar nokre stader heile breidda av dalen. Det var lite vatn i elva nå, så det ser jo litt dumt ut at det er lange, mektige bruer over ei og anna fisle-elv, men det er nok ein grunn.
I Venzone var me plutseleg ute av alpene og komne til Italia. Det var marknadsdag og pynta med lavendel og lilla.
Landskapet utvida seg, og var kupert og flatt heilt fram til Udine. Det var her utfordringane kom. Nå var det fleire alternayiv å sykle, ikkje bare ei elv å følgje. Det var opp til tre merka val, og her gjorde me val som gjorde turen ganske mykje lengre enn minimum. Det første valet var gjennomtenkt og gjekk gjennom ein fin skog, eit naturreservat. Dei andre to ekstrarundane var fordi me tok feil. Problemet blei mat og ikkje minst drikke. Me begynte å sleppe opp for vatn. På kartet sto det avmerka mange interessante stader, San Stefano, Avilla, Treppo Grande, Cacelle, Carvacco og me kom til desse stadane, ofte opp ein varm bakke. Kyrkjetårnet var å sjå på lang lei. Men kafe eller butikk? Nei! Klokka var 12.30, ho var 13, ho var 13.30. Og kva gjer italienarane på landsbygda då? Då stenger dei alle skodder, alle portar og alle dører og held seg inne. Ikkje eit menneske me kunne spørje om vatn. Til slutt sykla me inn i ein større stad, Tricecino, utanfor løypa, tre km ekstra, for å få kjøpt noko, og lykka var stor då den fjerde staden me prøvde var åpen. Me fekk kjøpt både vatn og sandwich på kafeen på torget der.
Me sykla på godt merka vegar inn i Udine, men ut over det blei det lite me fekk sjå av byen. Men god mat blei det, og tilfeldigvis kom våre tyske venner Marion og Peter på same restaurant. Igjen ein kjekk kveld.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar