Å starte eit opphald i ein by med ein guida sykkeltur er igjen ein suksess. Francesca i Fraulein Maria's Bicycle Tour tok oss tre timar rundt i byen med Sound of music -tema. Kjekt for fans av den filmen, men kjekt for oss andre og, sjølv om me ikkje "kjende oss igjen" heile tida. Ei gruppe på 15 personar glei heilt fint rundt i gamlebyen, gjemmon smug og portar i slott og kloster, besøkte ein gammal gravstad, såg klosteret der Fraulein Maria i Sound of Music var ei kort stund, osv, før det bar ned på sletta, via eit vatn, ein kanal og ein alle til Heilbrunn, kor lysthuset frå filmen står. -
Firmaet som hadde bysyklinga er medlem av Cycle Cities
Hotel zur Post utanfor bykjernen har garasjar for syklar og bilparkering for syklistar medan dei er på tur.
Firmaet som hadde bysyklinga er medlem av Cycle Cities
Det er hetebølge over Europa, godt over 30 grader, men sykling gir alltid ein liten vind, så det er behageleg. Men stopp ikkje i sola. Du blir kokt.
Hotel zur Post utanfor bykjernen har garasjar for syklar og bilparkering for syklistar medan dei er på tur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar