Fleire av syklistane vi har truffe på våre turar, har anbefalt oss å sykle langs den tyske Østersjøen. Vi hadde lyst til det. Og når det seks mann store reisefølgjet vårt også kan tenkje seg det, så blir valet lett.
Hansabyar med godt bevarte gamlebyar, strender med badeanlegg, fyr, skrenter og mykje natur blir tema sommaren 2012. Turen i juli går frå Lübeck via Wismar og Rostock til Stralsund, den gule løypa på kartet. Turesn startar i gamle Vest-Tyskland, men mykje av turen i gamle DDR.
Det er paddeflatt, så det blir bestilt syklar med 7 gir.
Lübeck var den sentrale byen i Hansaforbundet som dreiv handel i Østersjø- og Nordsjøbyar. Hansaforbundet hadde kontor i Bergen i nord, i Riga i aust og i Belgia/ Nederland i vest. Dei handla med salt, sølv og tørrfisk og mykje anna, og hadde stor makt. Det historiske bysenteret i Lübeck er på UNESCO si verdsarvliste.
Wismar er og ein Hansaby på UNESCO-lista på grunn av mursteinshusa sine. Byen var frå 1648 til 1803/1903 under Sverige. Rostock var ein av dei større Hansabyane, og han ligg bra til strategisk. Både svenskar, danskar og franskmenn har kjempa om byen og til tider rådd over han. Stralsund kor turen sluttar, er også ein Hansaby med gamleby på UNESCO-lista, og har på same måten som nabobyane hatt mange herskarar opp gjennom tidene.