onsdag 8. oktober 2014

Nafplion - Mykene - Nafplion 55 km som blei 51 km

Å vere syklist i Hellas er pionerarbeid. Etter fire sykkeldagar har vi nesten ikkje sett andre syklistar, i alle fall ikkje godt vaksne syklistar med stødige syklar, slett ikkje med hjelm, og absolutt ikkje i regn! Vi har sett noen barn på sykkel, noen sprekingar på racer, og noen gamle menn på transportetappe i godt ver! Så dersom sykkelturismen raskt skal få eit oppsving, må det satsast på utlendingar, tyskarar og canadiar, for eksempel.


Mykje kan liggje til rette for slik turisme, det fins nok småvegar mellom appelsintrea som kan brukast, og klimaet ligg til rette for sykling vår og haust. Nå i oktober opplever vi halve dagar med torever, men det er akseptabelt for ein gjennomsnitts tursyklist når temperaturen er så god som 20 grader, På plussida ligg også alle kulturskattane, den gode maten og alle dei gjestfrie grekarane. 

Vi fekk med oss UNESCO-severdigheten Akropolis i Tyrins frå 1500-1300 f.Kr., over. Men det regna så skrekkeleg då vi skulle til borga i Mykene, som var et viktig økonomisk og militært maktsentrum i Hellas i bronsealderen, at vi snudde før vi kom til borga og sykla tilbake til Nafplion. Tenk det! Den topp severdigheten! Men alle var einige. Vi fekk brukt både gamasjar, lause armar og føter, regnjakkar, regnbukser, og det gjekk greit. Men turen tilbake i regn var ein heilt annan enn turen opp mot Mykene i sol og varme var noko heilt anna. Nærværende er våt!

tirsdag 7. oktober 2014

Nafplion - rundtur til kysten 50 km

Dagen starta med styrtregn, og sykkelrundturen blei erstatta med museumsbesøk medan det regna, og 999 trapper og besøk på Palamidifestningen over byen Nafplion, flott, "ny" fesrning frå 1700-talet. Sjølv Han der med krykke, og Pilfinnar så og seie utan meniskar klarte trappene både opp og ned.
Greit å ta ein sykkelpause når det er rundturar. Det hadde vore vanskelegare dersom vi skulle forflytte oss mellom hotell. 

Utsikt frå trappene opp til festningen.




mandag 6. oktober 2014

Paralion Astros - Nafplion 45 km


Utruleg variert. Første dag på høgsletta, andre dag over fjellpass ned til havet og i dag sykling i ein appelsinhage på flatlandet rundt Argos etter å ha sykla ei stund langs klippekysten. Det er slutt på sesongen, så trafikken på vegen er ikkje stor, sjølv ein måndag, Halvparten av etappen i dag var langs sjøen, på ein ganske stor veg, medan resten gjekk på veldig små vegar mellom appelsintrea. Vi såg også lime, granateple, oliven, bønner, melon, mais, kål, epler osv, Det var godt vanningssystem, og nyplantingar. Godt å sjå optimisme.
i  
I Argos fekk vi kome inn på det store amfiteateret frå 400 f Kr. Det har tatt 20000 personar, og låg fint i terrenget. Inne på amfiet blei Hu der overfalt av ein gresk plante som spruta gift på henne då ho blei litt klåfingra, men vakta redda henne med såpe og vatn og Antibac!


Elles herleg ved havet!


I Nafplion: 

Tripoli - Paralio Astros 58 km (650 m ned)

Etter ein nydeleg, heimelaga gresk middag med oliven, gammaldags brød, gresk salat, grøn salat med mynte, fylte paprika, store bønner, aubergine med kjøttfyll, kylling med sopp og saus og yoghurt med sjokolade, ah!, sov vi godt og vakna opplagde til andre sykkeldag. 

Turen starta på høgsletta og gjekk frå severdighet til severdighet. Først kikka vi på antikke ruiner i Tegea, kor vi såg korleis søylene var bygde opp. Kort etter fann me ein kafe for litt drikke. Der blei vi tatt i mot med åpne armar, juke-boxen blei sett i gang for oss, og vi fekk historien til ein park som blei anlagt på grunnlag av arv frå utvandra grekarar, til glede for fattig ungdom. Nøklane til ei nyrestaurert kyrkje blei henta, og vi fekk sjå på kyrkja inne og.



Etter dette gjekk turen opp gjennom eit pass, før vi suste dei 650 metrane nedover til kysten. Dels var det småvegar, dels var vi inne på ein større veg. Men det var ikkje generande trafikk på nokon måte. Vi fekk meir moschofilerodruer enn vi kunne ete av ein bonde, og hadde med på pic-nicen vi hadde øverst i passet. 


Temperaturen i fjellet var ca 15 grader, og når det begynte å regna, blei det ganske kjølig. Men etterkvart vi kom nedover, steig temperaturen merkbart. Like før Astros fekk vi kome inn i klosteret, sjølv om det var stengt, flott hage og kyrkje igjen. Og plutselig var vi nede ved havet! Paralium Astros.


Denne dagen var gjennombrudd for zinksalven (normalt brukt på barnerumper mot bleiesår). Rumper som ikkje normalt er vant til å sitje timevis på sykkel, kan bli såre. Pilfinnar og Nærværende kunne lett fått det litt vondt, men zinksalven kan brukast forebyggande. Den kan smørast på utsette stader med hendene eller alternativt med papir for dei mindre erfarne. Godt å vite.     

Hotel Ariadne var også eit kjekt, romslig leilighetshotel med personleg tone og få gjester. 




lørdag 4. oktober 2014

Tripoli - Kapsia -Tripoli 50 km

UKDet var spennande å leggje eit nytt land til på lista over sykkelland: Hellas. Trafikken i Hellas er ikkje akkurat kjend for å vere roleg. Men vi reknar med kvalitet når vi kjøper tur gjennom Pedalo.

Vi reiste til Aten og blei henta av Arkas travel, Sjåføren Christos Panagiotoupolos viste seg å vere den som hadde utvikla sykkelturen vi skal på / den første sykkelturisme i Hellas av denne type, Han hadde til og med fått ein EU-pris for det, Dessutan var det han og familien hans som dreiv sykkelutleige, bagasjetransport og hotellet vi skulle bu på i Tripoli,

Vi hadde ein svært interessant biltur frå flyplassen til Tripoli, dei to timane gjekk som ein røyk. I tillegg til å bli oppdatert på gresk næringsliv, skattepolitikk, OL, greske gudar/ greske fjell m,m,.fekk vi avtalt vinsmaking undervegs på første sykkeldag, heimelaga middag med mora til Kristos lørdag og sightseeing rundt Korintkanalen på vegen tilbake til Aten! 

Hotel Palatino viste seg å vere eit heilt nytt og flott hotell, og roma våre var små leiliheiter med to balkongar, to rom og kjøkken! Fantastisk! Når så restaurant Klimatia hadde svært god mat til ein rimelig penge, er alt bare flott, flott, flott. 


Og betre skulle det bli. Høgdepunktet første sykkeldag var nok besøket på vingarden Kalogri i Kapsia. Då vi endeleg fann han, blei vi tatt imot som gamle venner av mor og dotter, som snakka god engelsk, Vi blei vist rundt i dei gamle husa, fekk prøve den gode, økologiske vinen og fekk typisk pai (med feta) og kake. Det blei til at vi kjøpte litt, spesielt Tilstedeværende får tung koffert etter dette med kjøp av seks flasker. Flaskene blei leverte på hotellet, så dei seinka ikkje oss. - I området dyrkar dei ei særeigen raud drue som gir kvitvin. 




Før det var vi innom i fantastiske dryppsteinholer, Cava Kapsia, med ein ikkje like fantastisk guie som bare snakka gresk. Og før det igjen sleit vi med å finne vegen.

Vegane i Hellas er dårleg skilta, og for å finne fram, blei vi utstyrt med kart og GPS. Saka var bare det at då vi ein gong kom ut av sporet, leia GPSen oss inn på tilbakevegen. Plutseleg var vi, lenge før tida, tilbake på kjende trakter i Tripoli. Kartlesar Lille Rektor hadde lenge etterlyst både bekkar og store vegar vi skulle krysse, men ho blei ikkje høyrd av Hu der og Han der som hadde fått los med kvar sin GPS. Resultat blei at turen blei 60 km i staden for 43. Men når terrenget var flatt, veret akkurat passe og humøret på topp, så gjekk det fint. Biletet viser korleis vi sykla rundt oss sjølv!


lørdag 6. september 2014

Endeleg Amsterdam


Amsterdam er vel den ultimate sykkelby! Og endeleg fekk eg sykle i Amsterdam også. Geografien i Amsterdam, med kanalar som dannar byplanen, hindrar biltrafikk og gjer sykkel til det desidert beste framkomstmidlet. Byen er paddeflat, kompakt og tilrettelagd for syklar. Avstandane er små, og parkeringsplassane få. Syklar er parkert overalt, og sjølv om det sikkert ikkje er dyre syklar, har dei skikkelege låsar. Sykkelantrekket er vanlege klede, og hjelm er ikkje brukt. Ein noko annan kultur enn i Noreg. Ein annan kultur er det også at sykkelen nærmast har forkjørsrett. Det er direkte farleg for fotgjengarar å gå i eller å krysse sykkelstien utan å sjå seg godt om.

Legg merke til at det er parkert syklar på brua, låste i rekkverket. Syklar er parkerte overalt. Faktisk kan det vere eit problem, og skilt med sykkelparkering forbudt er ikkje uvanleg.
Vi kjøpte oss ein tre timar lang guida sykkeltur av Yellow bike. Det fins også grøne, kvite og røde syklar, så det er godt med tilbud, Bysyklar såg eg ikkje. 

Yellow Bikes kan ha opptil 50 turar ein god laurdag om sommaren, og med gjennomsnitt 10 personar pr tur, blir det ganske mange turistar svimande på sykkel gjennom  byen. Men ein kjekk måte å sjå byen på er det. Vår tur gjekk først til Amsterdam hamn (under havnivå!), vestover til øyene kor det var eit triveleg bumiljø, ein stor runde til museumsområdet og Vondelpark (med drikkepause), før me snirkla oss tilbake til utgangspunktet i sentrumsområdet ved Dam. På turen var vi 10 stk, frå Belgia, USA, Canada, India og Norge. Vi fekk mellom anna vite at husa i Amsterdam var smale fordi dei ein gong i tida betalte skatt i forhold til kor stor fasade dei hadde til ein kanal. Og at Nederland var tilnærma avkristna (kyrkjene blei lagde ned). 



Det var ein grei tur, men faktisk litt styr å halde seg i ei gruppe med så mange i så tett sykkeltrafikk. Det kunne kanskje vore like kjekt å leige sykkel og sykle på eiga hånd i einså tilrettelagt by. Eg hadde budd der tre dagar før og gått ein del og blitt kjend, så eg hadde nok funne fram. Men paret frå USA i gruppa vår kom nesten direkte frå flyet til sykkeltur. Det var ein lur start! 

I 1960 var det planar om å legge lok på kanalane for å få plass til bilar. Heldigvis blei det ikkje slik. Etter at 3000 syklistar ( av dei 450 barn) var drepne i trafikken i Amsterdam i 1971, blei politikken lagd om, og eit stort arbeid for å leggje tilrette for sykling blei sett i gang. I dag er det 400 km sykkelvegar i Amsterdam, og ein antar at 50% av reisene i byen er på to hjul.

tirsdag 12. august 2014

Verona Bike


Verona er ein gammal by med begrensa biltrafikk i indre bykjerne. Det ligg godt tilrette for sykling i dei smale gatene, både med og mot kjøreretningen. Den nestlengste elva i Italia, Adige, slyngar seg gjennom byen og begrensar også bilkjøringa. Så syklistar kan kruse i fred gjennom smågatene, langs elva og fram og tilbake over bruene, som gå- og sykkelbrua Ponte Scaligero ved den gamle borga Castelveccio frå 1300-talet (under). Andre attraksjonar det går an å sykle til er amfiteateret Arena, som er vidkjent for utandørs operaforestillingar, plassane sentralt i byen, Julie i Romeo & Julie sin balkong, bymuren osv. Når det er godt over 30 grader Celsius, slik det var i august 2014, gir det luftning å sykle, spesielt ved elva og under trea, og Hu der blei heilt lykkeleg då det var mogleg å utvide ein frå før fantastisk operatur med ein dag på sykkel!

Dei har tydelegvis fått bysykkelordning, Verona Bike, som  fungerer heilt utmerka. Ein kjøper tilgang på turistkontoret like ved Arena for to euro for eitt døgn/ fem euro for ei veke. Ein får ein kode som ein tastar inn på stasjonen, og der får ein eit nummer som angir kva sykkel ein skal ta i løpet av 30 sekund. Så kan ein sykle. Den første halvtimen er gratis, den andre kostar 0,5 euro, den tredje og fjerde 0,75 euro, osv. Etter seks timar låses bruken, og dersom ein skulle ha sykkelen ute meir enn 24 timar, får ein ei bot på 150 euro. Alt blir trekt på kortet ein registrerte på Turistkontoret. (Systemet liknar på det i 
London). Det er kart over dei 20 godt plasserte stasjonane ein kan parkere syklane, deretter sjå seg om på ein av attraksjonane, ete lunsj og ta ein ny sykkel på same eller ein annan stasjon.

Byen har nok eit stykke å gå når det gjelder opparbeiding og merking av sykkelvegar, men dei fins og blir flittig brukt av dei lokale syklistane.