Viser innlegg med etiketten Aquileia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aquileia. Vis alle innlegg

mandag 23. mai 2011

Aquileria - Trieste 60 km

Først eit par mil på slettelandet igjen, på landsvegar og noko på meir trafikkerte vegar. Så skiftar landskapet totalt karakter til fjellandskap. Vi får litt stigning opp til 120 meter over havet, ikkje verre enn at det går, og vi syklar gjennom dei første tunnelane på vegen. 

Veret har også endra karakter og blitt til sommarver, mellom 20 og 30 grader. Derfor blir lunsjen picnic på bryggekanten i Duino med utsikt over turkis Adriaterhav, og med ferskt brød, skinke, tomatar, vannmelon og ost kjøpt i den lokale butikken. 
Trieste er ein fin by. Hotell Italia er slett ikkje verst, det er fine butikkar, livlig kafe- og restaurantområde og havneområde. Byen var ei tid den fjerde største i det ungarsk-østerrikske riket, under habsburgarane, som havneby for riket, og ein viktig handelsby. Det er mange spor etter habsburgarane. Eitt tydeleg spor er lystslottet Miramare og den fantastiske parken rundt slottet, det var hertug Maxmillian som bygde det slottet  på 1860-talet. Eit anna spor er jernbanen som knytta Trieste til Europa og Asia. Nokre av jernbanetraseane er nedlagde og laga om til sykkelsti. Ein slik ein sykla vi på ut av Trieste neste dag. 
På begge sider av Trieste er det utbygd turisme, for eksempel i Sistiana og Miramare. Det er lite sandstrand, fjellet går meir og mindre rett ned i havet. Problemet er løyst med lange og breie strandpromenadar kor folk ligg og soler seg på betongen, litt uvant å sjå, og å sykle rundt øyrene på dei.


Vi legg merke til at gateskilta har to språk, og får opplyst at det er italiensk og friulisk! Endå eit nytt språk. Ungdom kan ikkje friulisk, det er eit språk bare dei gamle bruker, sa ein gjeng vi spurde.



søndag 22. mai 2011

Portogruaro - Marano Lugunare - Aquileria 78 km

Mellom Portogruaro og tvillingbyen Concordia Sagitaria er det ein svært fin sykkelsti, asfaltert, merka i to retningear og med eiga sykkelbru. Vi sykla denne vegen og opplevde eit yrande liv der, spesielt om morgonen var det kjekt å sjå hordar med skoleungdom kome syklande på stien mot oss. Gode sykkelstiar blir tydelegvis sett pris på.

Også denne etappen gjekk gjennom flatt jordbruksland, med ein avstikkar ned til fiskebyen Marano Lugnare for lunsj i Osteria Porta del Mar, som var anbefalt av Funactive. Veldig fin liten by, grunnlagt i romartida, med levande fiskeriverksemd, med blomar, reint og velstelt.

Denne etappen er ganske lang, men relativt lett. Han er også flat, null meter stigning, og når vi hadde vinden i godt lune, gjekk det veldig bra.

Overnattingsbyen Aquileia er kjent for dei romerske utgravingane sine. Det var ruinar overalt, dette skal viss vere eit av dei større funna av romerske ruinar. Spesielt interessante var ein del golvmosaikk som var godt bevart og tilgjengeleg i friluftsmuseum som var ope heile tida.

Det er ganske mange som syklar same ruta som oss. Ei gruppe på ti med guide frå Funactive, seks kanadiske damer, ein rørosing, eit tysk og to belgiske par. Vi meiner sjølv at vi er i god form, og liker ikkje heilt at dei andre syklar frå oss. Denne etappen "vann" vi nesten. Hurra! Spesielt fordi det var 17. mai! (vi sykla med små, norske sløyfer).


Ein del av dei andre hadde slått seg saman ei lang rekkje. Vi kom etter dei, og då blei det 14 syklistar på gule syklar etterkvarandre. Ganske mektig, så vi slepte dei frå oss. Det var vi glade for då det viste seg at dei sykla feil, mens Falkeøye hos oss såg den avgjerande pila, sjå biletet til høgre, ser du pila?. På dette punktet i løypa denne dagen var det avvik mellom kartet og merkinga, og der måtte vi hjelpe det kanadiske lokomotivet på rett spor igjen. Kartfrid hos oss blei etter dette sett opp til som ein av dei større autoritetar på kartlesing innanfor sykkelmiljøet i vestlege delar av Kanada, og konsultert når det dukka opp problem. Ho bør nok dele æra med Falkeøye