Viser innlegg med etiketten Portugal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Portugal. Vis alle innlegg

onsdag 4. mars 2020

Sti og levadasykling på Madeira 42 km

Lokoloko kjørte oss heile vegen opp.
Planen å kjøpe sykkelrundtur på Madeira blei forlatt då det viste seg å vere svært vanskeleg å kome seg til Madeira med rutefly. Det blei pakketur om Oslo, Vingreiser, med hotell i Funchal. Det er mange byrå som tilbyr stisykling på Madeira.

For å vere sikker på at det blei sykling, hadde Hu der bestilt ein «cross country»-tur på forhånd, med turfirmaet Lokoloko. På flyplassen møtte vi ein erfaren Madeiraturist frå Stavanger: Det går ikkje an å sykla på Madeira, det er for bratt, sa han. Kanskje han hadde rett?

Over 1400 meter, over skyene!
Loko betyr gal, og det spelar på den tyske dama som starta selskapet som tilbyr fjell- og stisykling, rafting, klatring mm. Då ho for 10 år sidan starta firmaet, meint mange at ho var gal, men det siste seg at ho starta ein suksess, mange turistar liker å ha ein aktiv ferie.

Lokoloko, det kunne like godt ha vore Hu der det handla om. Hu det som er litt redd i nedoverbakke etter eit stygt fall i 2015. Her var det 1400 meter nedover! Nokre stader stupbratt. Og når det ikkje var stupbratt nedover, var det på smal levada. Levada er vanningsanlegg, ei renne med vatn laga for å frakte vatn frå nordsida av øya med mykje regn, til sørsida kor det ikkje er så mykje regn. Levadaene er som jernbanen, den held høgda, for då renn vatnet ikkje bort. Det betyr bruer over gjel og nedgraving i terreng. Ein tunnel kan og dukke opp. Greit å sykle på den måten. Men stien kan vere smal og uryddig, og inga sikring på kanten når stien ligg på ei smal hylle og 30 meter rett ned, så spennande å sykle! All nedstigning blei tatt før, mellom og etter levadasyklinga, og som sagt, bratt!

Hu der kom på gruppe med fire galne menn. Ei guide, ein tynn og sprek innfødd ca 30 år som hadde sykla fjellsykling sidan han var fødd, og elles dreiv han med paragliding. Phil fra Frankrike, dreven alpesyklist, Mike frå England, who preferred off road biking, og Han der, galen han og. Det blei litt fart nedover, kan du sei. Hu der lærte litt stisykkelteknikk, ned med setet og tyngdepunktet bakover, det gjekk betre då, som å stå på ski, og hu la seg sist i feltet. Men det var langt, over 40 km, og på slutten blei det eit svalestup som sikkert kunne blitt stygt etter ei for brå oppbremsing. Men det blei bare nokre ømme parti og tre skrubbsår. Lokoloko skaffa ein stor pose med is, så hevelsen på kneet gjekk ned.

Mike punkterte, guiden skifta slange, lett som bare det. 
Det var elles god valuta for pengane. Vi blei henta, fekk gode syklar, hjelm, guide, blei kjørde opp på toppen, og kjørde tilbake til hotellet. Det kosta vel 750 kr pr person.

I dag, dagen etter, er kroppen mør, både gangsperr og forslått! Gåturen er flytta ein dag fram, vi rekreerer. Hadde Hu der visst kor tøft det var, hadde hu nok ikkje tatt turen, men kjekt etterpå når det er gjort. Det var turkategori lett! Lurer på korleis dei middels turane er? For ikke å seie dei krevjande?
Terrenget litt lenger nede. Der sykla vi langs levada-anlegga (vanningskanalar).


Den blå streken viser første del av turen, deretter var det ned til kysten aust for Funchal

fredag 5. juni 2015

På friluftmuseum i Sagres

Ei bonusoppleving i Portugal. Sein heimreise gjer at me har tid til å sykle ut på fortet/ museet i Sagres. Det er ein tur langs klippekanten med oppslag om fortet, sjøfararutdanninga, vegetasjonen, fuglelivet og naturformasjonar. Både kjekt og interessant, og godt med sykkel. 

tirsdag 2. juni 2015

Tavira - Faro 42 km

Tavira var ein gong basert på fisking av tunfisk, nå er byen basert på turisme og er fint oppussa. Elva Gilhao renn gjennom byen. På begge sider er det gamal by, vi fann ein liten restaurant frå Trip Advisor: A Tasca. Vi steikte kjøtt på steinplate på bordet.


Recidencial Mares ligg ut mot elva, og me vakna til sol over stille elv, alt blått og kvitt.
På kartet ser det ut til å bli ein tur i nokså øde natur, men det er feil. Det er spor etter menneske over alt. Fiskarar i Santa Luzia, luksusferiestad i Pedras d'ei Rei, småbyane Fuseta og Olhao og tilslutt Faro. 

Me syklar gjennom våtmarkområdet Ria Formosa. Den gongen salt var viktig for bevaring av fisk og kjøtt, må dette ha vore eit viktig område. Fleire mil med område for saltutvinning av havvann. Eg har lurt på korleis denne utvinninga skjer, og trur eg forstår litt nå. Havvatn blir leia inn i store basseng. Saltet fell langsomt til botnen. Noko av det avsalta vatnet blir leia bort med til lågare basseng, noko fordampar nok. Til slutt kan dei rake saltet saman i store haugar. Men korleis dei får det reint er framleis eit mysterium for meg. Skal nok finne det ut.

Vegetasjonen i  området er halophytiske plantar som tåler salthaldig jord og mykje salt. Det er mykje av ein vekst med små lilla blomar som får det til å sjå ut som ei lyngmark på avstand, men også kaktus og tistlar.
Litoral Ecovia (den grøne kystvegen) er Portugal sin nordsjøveg. Mykje av vegen er på grus, frå fast og god til ganske laus. Elles ein god del på asfalterte og brulahde småvegar og litt på stygge bilvegar, men lite av det. Våre tyske venner var litt plaga av ristinga, men vi er nok meir vane med slikt og utrusta med hanskar og sykkelbukser. 

Løypa tok oss rundt Faro, vi fekk sjå fabrikkruinar og eit område med små, dårlege hus. Sigøynarar? Det var også nokre stader forlatte hus og åkrar, men det dominerer ikkje. Mykje er fint oppussa og velstelt.

Faro er hovudstaden i Algarve, men likevel ein nokså liten by, med 58000 innbyggjarar i heile kommunen. Mindre enn Sandnes, men mykje eldre. Byen har ein gamleby innanfor ein bymur, Vila-Adentro, delen der maurarane måtte bu, Mouraria og havnedelen Bairro Ribeirinho. To gonger har Faro blitt lagt i grus, først i 1596 av engelske tropper, så i 1755 av eit stort jordskjelv.

Faro har opp gjennom tidene vore ein viktig havneby mellom Middelhavet og Atlantaren, besøkt av fønikarar, grekarar, romarar, vestgotarar og korsfararar. På 14- og 1500-tal var byen utgangspunkt for oppdagingsekspedisjonar og blei velståande. 

mandag 1. juni 2015

Vila Real do Santo Antonio - Tavira 42 km

Første etappe Algarve. Denne turen startar i Faro med overnatting på Hotel Sol Algarve. Ankomstmøte var annonsert kl 08.30, heldigvis fann Lisa oss litt før og begynte på forklaring og demonstrasjon av GPS, for det blei plutseleg travelt. Vi skulle få informasjon, syklar, pakke og sjekke ut og vere på stasjonen før toget gjekk 09.30. Det klarte vi, godt hjelpt av Lisa som gjekk framfor oss og stoppa bussar og lastebilar då vi kom syklande mot kjøreretningen i ei einvegskjørt gate. Men vi nådde toget, og hadde ein fin tur til Vila Real do San Antonio saman med eit tysk par som syklar same rute.

Lisa Bikes hadde kart med bittesmå foto og GPS for å hjelpe oss å finne vegen. Det er alltid mannen i eit par som blir tiltrudd evnen til å finne vegen, så det var Han der som fekk sykkel med karthaldar og GPShaldar. Hu der stoler ikkje heilt på stadsansen til Han der, og sykla derfor det meste av turen med kartet i handa. Ruta er ikkje merka, så det er viktig å følge med på kartet, og når Han der etterkvart fann ut av GPSen gjekk det bra. Første lærdom var å forstå at pila på GPSen snur seg med brukaren, pila viser altså ikkje retningen ein skal i. Andre lærdom er at ein GPS av og til slår seg av og må startast på nytt. Tredje lærdom var at ruta var lilla, dei raude strekane er store vegar. Når det var lært, gjekk det ganske fint. Han der kontrollerte GPS og Hu der las kart ho hadde i handa. Ho Mista det bare ein gong.

I mai 2015 har temperaturen i Noreg vore låg. Herleg då å kome til 25 grader. Heilt avslappande første etappe  42 km nokså flatt. Roleg sykling og mange pausar.



Ein ispause i Monte Gordo kor vi fekk sjå ein fiskebåt kome inn og bli trekt på plass av ein traktor. Fint å sjå ay det framleis er litt fiske, for elles dominerer turismen totalt. I Monte Gordo er det mange store hotell bak stranden, og vidare på turen sykla vi gjennom fine rekkehusområde utan eit menneske. Trass i godt ver har ikkje turistsesongen begynt i mai, og tyskarane, engelskmennene og nordmennene som eig desse husa er framleis heime i landa sine. Det ser trist ut nå.

Men Algarve er ikkje trist. I dag sykla me forbi appelsintre, pinjer, oliventre, vindruer og masse blomar. Bougainville og hibiskus. Heile allear med hibiskus.

Deretter ut langs eit saltutvinningsområde før vi sykla inn i Tavira og lett fann hotellet. Takka vere Han der si brilliante lesing av GPSen.
Tavira er ein flott og koseleg by.

Faro - Olhao do Agua 42 km

Farvel til Hotel Sol Algarve i Faro for andre gong, over jernbanen og sykkelveg i rekreasjonsområdet der. Typisk for turen: delar av løypa er ny og super, men plutseleg er det stopp, graving og gjerder, og vi må finne ein veg, på jernbanesporet eller over ei mark. Lett å finne, nokon har gått der før, men ikkje alltid like lett å sykle - laus grus, steinar, sjøsand, gras...

Rundt Faro flyplass, deretter gjennom Ria Formosa, denne gong lagunen der trekkfuglane våre er om vinteren, saman med meir eksotiske fuglar. Vi såg nokre fuglar, men eg trur dei fleste var reiste til Norge. Men landskapet er flott, kilometer med god sykkelveg i naturområdet.

 Quinta do Lago, Vale do Lobo og Vilamoura er nok flotte eksempel på velstandsturisme. Flotte bygg i store parkar, golfbanar og Vilamoura som er Eurpoas største yachthavn. Då blei nok masseturismen i Q...... Eit sjokk. Ein vegg av svære hotell. Ein kilometer? Men det var ryddig og fint der, og brei steinsett strandpromenade som var fin å sykle på, og sikkert fint å vere der på hotell også. Men når vi kjem dit på ein slik tur, ser drt voldsomt ut. 
Frå Vale do Lobo. Har Torbjørn Egner vore her?
Meir turistslumaktig i Q.... Men fine strender.


Vi skulle ikkje heilt til Albufeira, men nesten, til Olhos de Agua med ferskvannskjelder og Hotel Velamar Olhos de Agua.

I dag hadde Han der uheppe med sykkelen, først punktering, deretter hoppa kjedet av og sette seg fast. Han fekk hjelp av hyggelege portugisarar, Roberto og mannen til Lisa som rykka ut, og av Hu der. Det gjekk bra! Hurra! Sykkelen må fungere. 

søndag 17. mai 2015

Salema - Cabo de Sao Vicente - Sagres 30 km


Fra Salema bratt opp på klippene til landsbyane Figueira og Raposeira. Henrik Sjøfararen budde av og til i huset sitt i Riposeira og han fekk også bygt eit kapell der som ennå står. Men vi sykla bare forbi, 

Vidare går turen gjennom Portugals andalusiske sletter, eit bølgete landskap utan eit tre, men bare låge vekstar. Her er det tørken og vinden som avgjer kva som klarer seg, og det er mykje kaktus, tistlar og sukkulentar. Spor etter landbruk, men få i drift. 


Vidare gjennom Vila do Bispo til Det sørvestlegaste fyrtårnet i Eurpoa, Cabo de Sao Vincente. Alt dette i herleg medvind, mest  grus, men også nesten åleine på vegen. Etter fyrbesøket snudde vi og fekk dermed motvind inn til Sagres (2000 innb.) i det ville klippelandskapet.  I festningen i Sagres var det sjøfartskole, og her samla dei beste kartografane, astronomane og sjøfararane og bygde karavellar til oppdagingsreisene. Tunger av klipper stikk ut i Atlanterhavet fleire stader, og det er flott å sjå bølgene som bryt, både frå sør og frå vest.


Hotel Mareta View er eit topp, nytt hotell med svært lekre fargar i interiøret, og ei nydeleg utsikt. Her ute i vest er temperaturen fem grader lågare enn bare få kilometer lenger aust, men 22 grader er ikkje dårleg det heller.


Hyggelege Petra og Horst frå Dusseldorfområdet syklar same turen, og har same gleden av slik anstrenging som vi har. Oppsummert: Herleg temperatur, men bør ikkje vere varmare. Svært gode hotell, og stor variasjon. Med både kart og GPS var det lett å finne fram, men det var to små ulikheter mellom dei. Karta var gode, men avstanden som var oppgitt var feil minst to av dagane, slik at turen var meir anstrengande enn han ser ut i brosjyren. Stader med restaurantar og kafear var oppgitt på kartet, det var også fint. Landskapet flott! Spennande! Interessant! Løypevalet godt, vi var innom det meste som var av interessante stader og fekk sjå mykje natur og alle typar turisme. Maten har vore god, spesielt når vi bruker råd frå Trip Advisor (Agua da Boca i Salema var eit godt val). Når sykkelvegen går på trafikkert veg, er det malt eit sykkelsymbol i gata, ikkje alltid lett å sjå, så Hu der var glad for å kome ut av vegen, sjølv på grus. Men alt i alt, 262 svært bra kilometer.



Portimao - Salema 52 km


Frå Portimao på lang strandpromenade, Alvor (Rio de Alvor) som faktisk ennå er ein fiskarlandsby, samt turistby. Lagunelandskap til byen Lagos, og langs gullkysten Costa d'Oiro til Burgau og vidare til Salemna, som framleis også har aktive fiskarar. I Salemna får vi hotell på stranda. Vi har sykla gjennom fleire turiststader i dag også, og desse ser fine ut, Alvor, Lagos, Luz og Salemna. Kanskje er dei to siste spesielt fine, ikkje så store. 


På vegen kan vi sjå mendronho-busken som gir smak til brennevinet aguardente de medronho. Heimebrent og sterkt skal det vere. Bæra treng eit år på å bli modne. Først er dei grøne, deretter gule, så orange og til slutt røde og svarte. Og då saman med neste års blomar.


Denne turen er klassifisert med vanskegrad 2. Og i katalogen ser han lett ut med etappar på mellom 40 og 45 km. Vel, for det første har kilometertalet vore betydeleg for lite mange fleire gonger. For det andre er det trekk ved løypa som gjer henne vanskelegare enn ein skulle tru, underlaget er ein ting, grus, stein sand er nemnt, stiar har. Me og vore innom. I dag sykla me for det meste på veg, men nå på. Slutten begynner me på klippelandskapet ut mot Atlanterhavet, og nå er det ikkje litt opp og ned lenger, det er NED og OPP. Stigning på 20 grader, sto det på skiltet. Og Hu der får ikkje full nytte av nedstigninga, ho bremsar!  Godt at sykkelen er ny og bremsene i orden.

Det fungerer godt med GPS og kart. Av og til styrer Han der med GPS inn i eit parallelt alternativ, og havnar på sandstrand med fire etg trapper for å kome opp på vegen. Hu der syklar heller tilbake og rundt. Eller, plutseleg er vegen blitt ein veldig fotturaktig sti ytters på kanten mot Atlanterhavet. Det går litt langsomt, men det gir ei fin oppleving og fine bilete:


Veret? Mellom 20 og 30 grader og lett medvind. Ikkje ei sky å sjå. Har kjøpt ny singlet mrf Portugal på, hadde bare t-skjorter med, og dei er vel varme! Noko negativt? Litt vel varmt i stigningare. He me det ikkje godt!
Hotel Recidencial Salema

Albufeira - Portimao 58 km


Frå hotell Valemar i Olhos de Agua kl 08.30 i fin stil. Terrenget er i ferd med å bli atskillig meir kupert enn dei første dagane, humpete. Det er også varmt, derfor kaffestopp etter få kilometer i Albufeira, kor me også prøvde å kjemme oss igjen frå ca år 2000. Hu der fann hotel Sol de Mar, bildet er i gata med frå hotellet. 
Sidan me i dag har rekord i å sykle gjennom turistplassar, kan me godt seie at Albufeira er ein av dei finare. Eg hadde ikkje trudd det var marknad for så mange hotellrom, resortar og feriewohnungen som me har sett i dag. Og at alle ligg i Algarve! Det er helst engelsk og tysk rundt øyrene våre, og litt portugisisk. Det er vel ikkje så farleg om skandinavane ikkje har oppdaga desse plassene når våre store naboar har det. Men når vi syklar ser vi også baksida. Femti meter frå sjøen er inntrykket eit heilt anna og meir lurvete enn det fine turistpreget på strandpromenaden. 

Under frå .Carvoeiro. Slike stader skulle me først bratt ned, deretter like bratt opp igjen. Varmt. Men me gjer det frivillig. Høyrer det er tre grader i Noreg.

Me fekk litt naturreservatet i dag også, Salgados, som er eit viktig fuglereservat. Sykling dels på treplankar sumpområder i reservatet. I tillegg til fuglane, fekk Hu der og fotografert ville skilpadder. 
Me var nedom kapellet Nossa Senhora da Rocha frå 1600-talet og langs klippene mot Carvoeiro og Ferragudo og over ei imponerande bru over elva Rio Arade til
Portimao.

Portimao er tidlegare fiske- og skipsbyggingsby, nå turistby. Me overnattar på  Hotel Jupiter. Eit firestjerners hotell av typen flott. Me kom fram kl 17.30. Lang dag med pauserekord: kaffe, is, vann, utsikt, fotografering, juice, fyrpausar og lang lunsj! Godt gjort.

Nokon hadde rekna feil. Det var oppgitt at turen i dag var 40 km. Då me hadde sykla 40 km, var det langt igjen, og Strava viste 58,7, sjå under. Då hadde me rett nok ei lita feilsykling på slutten, men maks ein kilometer.

I dag har me sykla mest på asfalt. Skal innrømme at det er litt godt etter dagar med mykje grus, trass i at ein del av dette er på trafikkerte vegar. Eg har sykkel med demping, det er godt på desse vegane, både grusvegar og halvdårlege asfaltvegar. Både demping og hanskar er godt å ha.
      

søndag 4. januar 2015

Portugal i 2015?


I 2011 blei eit forslag om sykkeltur i Portugal nedstemt, men nå er behovet for eit nytt, spennande reisemål i mai/ juni tilstades igjen, og nå ser det ut til at Algarvekysten blir vinnaren. Ein litt annan trase enn sist, absolutt heile sørkysten av Portugal, frå Villa Real på grensa til Spania, til Sagres, som ligg på den sørvestlege spissen av landet og den iberiske halvøya.
Turen går meir eller mindre langs kysten, forbi saltutvinningsområdet Flor de Sal, naturparken Ria Formosa med laguner og vadefuglar, gjennom feriestader (gjensyn med Albufeira) og fiskarlandsbyar, klipper, strender og fyrtårnet Cabo de Sao Vincente, verdens ende. Håper på lite vind den dagen fyret står på programmet. Ikkje mykje ly der:

Vi leitar nå etter passande flyreiser, og håpar at kursen på euro går litt ned. - Seljar av reisa: Pedalo!




 

onsdag 13. oktober 2010

Planar 2011

Nå er det lenge til neste langtur, men planlegginga er begynt. Ein tur tidleg i juni ein stad ved Middelhavet, bra eller?

Alternativ 1. Venezia - Kroatia langs kysten inst i Adriaterhavet til Kroatia. Ser veeldig kjekk ut. Her fins det både strender, kultur og godt ver (trur eg). Har vore i Venezia før, og det var jamen litt av ein by. Kjem gjerne igjen. Eg har ikkje vore dei andre stadane inne i bukta der, det kan bli spennande. Vanskegrad 2 av 4, det er vel akkurat passe?

Blir det ikkje Venezia, fins det fleire alternativ
Alternativ 2. Provence - Luberon. Rundtur med start og stopp i Aix-en Provence. Vakkert, kupert landskap. Sykling på småvegar og sykkelsti. Sykla ein flott tur lenger vest i Provence mai 2009, syklar gjerne meir i det området.
Alternativ 3. Tidleg juni er det vel heller ikkje for varmt i Portugal? Dette forslaget er ein tur i Alentejo, landskapet mellom Lisboa og Algarve.
Fleire gode forslag?