Viser innlegg med etiketten Esk Dale. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Esk Dale. Vis alle innlegg

fredag 6. august 2010

England: Castleton- Whitby (32 km)


Siste del av ruta er i dalen langs elva Esk nedover til havet. Vi fekk ikkje sykla den, eg hadde vore forkjøla eit par dagar, og blei bare verre og verre, så vi betemte oss for å ta toget frå Castleton Moors til endestasjonen Whitby. I turistsesongen gjekk det heile fem tog om dagen! Turen gjekk fram og tilbake over elva som slynga seg nedover i eit grønt, flott landskap. - Og plutseleg dukka vi ut av det grøne og høyrde måkar. Vi var ved kysten, i Whitby. Det hadde vore turistar av typen sportslege vandrarar før på turen, i Whitby var det alle typar, det var mange, og det var spesielt mange hundeeigarar. 


Ein del av den langstrakte stranden var "hundestrand" kor hundane fekk springe fritt. Elles hadde Whitby det meste på eit relativt begrensa område: Lang strand med kabinar til leie, fiskehavn, gamleby, klosterruinar frå 1100, ein bydel frå slutten på 1800-talet då turismen sette i gang, eit skrekkeleg, men heldigvis lite område med speleautomatar, hotel, restaurantar, golfbane, og ein super leikeplass, heilt ny. Og fuglar, som vi blei åtvara imot:


Det er første gongen eg ikkje har sykla alle etappane på ein sykkeltur. Denne gongen gjekk det greit å likevel følge opplegget, toget gjekk direkte same distansen vi skulle sykle, og toga i England tar syklar. Elles kunne vi ha prøvd å bli med kofferttransporten eller fått hjelp av turarrangøren på andre måtar. Vi kunne vel rett og slett ha sett igjen syklane, og latt arrangøren plukke dei opp nest siste stad, sidan vi avslutta syklinga då. 


Denne sykkelturen var av dei meir harde av dei vi har sykla, mest på grunn av det kuperte terrenget og stigninga. Men hadde eg vore frisk, hadde det ikkje vore noko problem å gjennomføre med normal god sykkelform. Turen var karakterisert som demanding. Når vi syklar på kontinentet, vel vi ikkje dei heilt lettaste, med etappar på ca. 4 mil eller mindre på flat mark. Vi vil gjerne ha litt utfordringar, og turen må kunne vare ei stund, men alt med måte.


Andre ruter frå kyst til kyst i England:  C2C 

torsdag 5. august 2010

England: Osmotherley - Castleton 37 km

Jeremy frå Discovery Travel hadde rett: Kvar dag på denne kyst-til-kyst-turen var flott og  forskjellig. Denne dagen sykla vi gjennom mange landsbyar på flatlandet før det igjen bar inn i eit aude område med sauer igjen: North York Moors. North York Moors er ei grøderik lynghei, det meste privat, men med over 1000 miles "public paths". Så også her var det mange vandrarar. Ei hei, er ikkje den nokså flat? Eg trudde det, men tok nok feil. Plutseleg var det ein bakke med 20% helling ned til ein bekk (sjå skiltet på biletet), og så opp på andre sida, like bratt. Over heia og ned Esk Dale går det jernbane til Whitby ved havet, og mange vandrarar tar toget eit stykke for å få nye utgangspunkt for turane sine.

Vi hadde overnatting i The Downe Arms i Castleton, ein landsby som låg på ein åsrygg med flott utsikt på begge sider. Rommet var bra med kjempefin utsikt, men maten var typisk engelsk. Til då hadde vi prøvd å unngå alt smultkokt. Her bestilte vi ein frisk forrett med masse småting som vi kunne plukke: Sopp, løk, reker... trudde vi. Det var feil: Alt var vendt i deig og frityrsteikt. Vi som nesten har vent oss av med å ete feitt her i Noreg, blei stapp mette av bare fire-fem småting (det var godt), og då sto hovedretten igjen. Eg hadde bestilt hamburger. Gjett om det var med haugar med chips? Smelta ost? Bacon? - Eg skrapte ut sjølve hamburgarene og åt kun dei. - Og eg som er oppdradd til å ete opp maten...

Frokost i England er også eit kapittel for seg. På alle overnattingsstader var det tilbod om cooked breakfast, full English. Det vil seie det meste av dette: Bacon, egg, pølser, tomatbønner, blodpudding, steikt sopp, steikt tomat, juice, te eller kaffi + toast. Dessutan kan ein få kornblanding, frukt, yoghurt, syltetøy og smør. Serveringa var i alle variantar, frå sjølvbetening til meny ein kunne bestille frå, og kelner som fylte på. Downe Arms tilbaud sjølvsagt full pakke.