Viser innlegg med etiketten sykkeltur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sykkeltur. Vis alle innlegg

søndag 10. oktober 2010

Langs bilvegar på Jæren

Nå har vi tulla nok rundt på idylliske skogsstiar og fine sykkelvegar. Livet skal ikkje vere slik, her må ein sykle på den verkelege vegen skal det bli kilometer! Vi kan ikkje ha det heilt godt heile tida!

Som sagt, så gjort: Vi la ut frå Austrått, langs E39 er det faktisk svært bra sykkelsti forbi Ålgård (12 km - Han der har fått sykkelcomputer). På Ålgård svinga vi av på RV506 mot Bryne, og nå var det slutt på det som heitte sykkelsti. Men vegen er såpass smal at trafikken gjekk nokså roleg. Naturen på Høgjæren er veldig fin, vegen passerer friområdet ved Melsvatnet, og kjem ned ved Lye. Der møter RV506 RV505, i det vi nærmer oss meir tettbygde strok er sykkelstien der igjen. Å kome til Bryne (30km) austfrå er eit syn: Flotte hus langs ei brei gate med sykkel- og gangsti på begge sider og alléplanting. Lurer på om lyefolk legg merke til det?  Frå Bryne sykla vi langs RV44 til Kleppe. same vegen som eg sykla i perioden 1970- 1973, i gymnastida. Vegen var den same som for 40 år sidan, men det har gått frå frå 0 til 100% sykkelsti, ein har fått bompengestasjon, og vegen er lagt om ut av Bryne og på Braut. På Kleppe (35,5 km) hadde vi matpause i Stakken 4, det gjorde godt, før vi sykla heim over Skjæveland, Ganddal og Åsedalen, framleis langs rv44. - Sykkelsti heile vegen. Ein liten ekstrarunde på slutten ga 50,5 km, ei god dagsøkt. Han der var flink og sykla sist heile vegen.

Eg har lagt ut ruta på BikeMap, sjå kartet her, men du kan zoome og finne fleire opplysningar på:
BikeMap.

søndag 18. april 2010

Å sykle langs nye rv. 44 frå Lura til Skjæveland


Ein skulle tru at å sykle langs ein stor veg var triste saker. Men det er heilt feil. Den nye omkjøringsvegen frå E39 på Lura til Rv 44 på Skjæveland er planlagd og bygd med flott sykkelveg heile vegen. Det er ikkje bare ei asfaltert stripe, det er ein eigen veg, med mange avkjørsler og under- og overgangar, dammar, god støyskjerming og skilt. Til og med ei lita sykkelrundkøyring!

Først sykla vi sørover gjennom byggefeltet på Smeaheia. Vi stoppa ved ein dam med benker og grøntområde mellom vegen og husa. Frå Smeaheia kan ein to stader ta av på sykkelveg mot Soma, med undergangar under motorveg. Vidare sørover passerte vi Fredheim Arena, avkjøring mot Julebygda/Malmheim, Voll og sjølvsagt Skeiane og Sandve.

Vi observerte at følgjande lov gjaldt også her: Før ein bygger ein ny veg, skrik og protesterer dei som bur der, så kjem vegen, og så byggjer ein nye hus inntil. Det var verkeleg mange nye hus og stor byggjeverksemd der vi sykla forbi. - Og det verste av alt: Det blir sikkert triveleg å bu der! Støyskjerminga er så god at vegen truleg vil vere til lite plage. Han plaga ikkje oss då vi sykla, sjølv om det nok var ei mil langs vegen.

søndag 11. april 2010

Sandnes - Orstad - Ålgård - Sandnes

Søndagføremiddag, vår, lite vind og strålande sol. Frå alle hol dukkar det opp syklistar: Fartsfantom i gult og svart, turistar med vanlege syklar og joggedress. Herleg. Nesten meir syklar enn bilar på småvegane.

Vi sykla frå Austrått, om Tronsholen og Stokkelandsvatnet til Ganddal. Vidare på sykkelsti til Orstad, kor vi tok opp ein fin, ny sykkelsti (sjå bilete) til den nye Orstad kyrkje. Vidare gjennom byggefeltet ned til vegen som går til Figgjo. Opp den vegen, her er ikkje sykkelsti, men lite trafikk, til høgre i T-krysset, retning Ålgård, 8 km høgt oppe til Ålgård, så langs Figgjoelva og heim.
Dette var ein lengre tur, opp mot 4 mil. Turen tok tre timar, inkl. pause og fotografering. 1000 kcal. Godt å slappe av etterpå.

mandag 5. april 2010

Sandnes: Austrått - Hana - Dale -Sandnes

Dale mottakssenterFin tur: Austrått - Hana - Aspervik - Gramstad - Dale og retur om Sandnes og Austrått skole. 1 t 20 min (540 kcal). Frå Sandnes til Gramstad er det sykkelsti, frå Gramstad til Dale må ein sykle på bilveg, men det nesten ikkje trafikk på den sida av Gandsfjorden. Litt ironisk då å kome til skiltet på Dale som seier: Vitale Dale. Like ironisk som vi oppfatta det då vi ein gong overnatta på ein gudsforlatt stad på Jylland, Gedsted, og slagordet der var Gedsted - stedet der følger med i tiden. Men eg ser at på Dale er det ein visjon - eller eit reklametriks, alt etter kva språk ein vel å bruke. Det skal bli vitalt, ein fin stad å bu, når det bare kjem i gang bygging der. Det blir når det blir betre vegsamband utanom Sandnes sentrum. Dale har vore psykiatrisk sjukehus, flott var det ein gong, påbegynt i 1911.

Veien frå Gramstad til Dale er egentlig veldig kupert. I dag hadde ein nok bygd ein veg som var meir jevn, kanskje nede ved sjøen. Nå følgjer han terrenget. Det fekk oss til å lure på om det opprinneleg var ein gammal kjerreveg, eller endå eldre, ein sti, som var opphavet til trasévalet. Det går det vel an å finne ut.

søndag 4. april 2010

Langs Donau: Wien - Budapest

I påskeregn er det kjekt å sjå fram til sykkeltur langs Donau i mai. Donauetappe nr. 6. Den første lange sykkelturen vår skulle ha vore i 2005, frå Donaus utspring Donaueshingen og ei veke langs elva. På grunn av hoftetrøbbel avlyste vi reisa då, og så, etter mange omgangar Frankrike, blir det endeleg Donau. Dette er ei klassisk sykkelrute, og det blir nok meir folk her enn det har vore på dei fleste turane våre. Men ruta er interessant, vi syklar i kjerneområdet til keisardømmet Østerrike- Ungarn, er innom både Wien (Østerrike), Bratislava (Slovakia) og Budapest (Ungarn). I Wien har vi ekstradag, tema blir truleg art noveau - Klimt.

Donau-Radweg  Teil 5 [Wien – Budapest] | Drei Länder, ein Fluss

fredag 2. april 2010

Sandnes: Sviland - Arboretet


 Liten tur: Rundtur frå Austrått over Auestad og på sykkelsti til og forbi Sviland. Ut på bilvei forbi Rogaland Arboret til Bråsteinvatnet og langs E39 på sykkelsti igjen til Austrått. Det er nå samanhengande sykkelsti frå Hana til Sviland, den nyaste delen ligg til og med eit stykke frå vegen, sjå bilete. Flott. Ca. 1 time på heile runden.

Eit alternativ på denne turen er å sykle gjennom Arboretet, for eksempel opp til Melshei og vidare til Høyland kyrkje, eller på austsida av Bråsteinvatnet. Det bør vere litt tørt i veret før eg vil anbefale den siste traseen. I Arboretet er vegane tørre og fine grusvegar, men når du skal til Bråstein, må du passere vegar det går dyr på som kan vere "sorpete". Fin sommartur. Søndagar kan ein kjøpe vafler i Arboretet.

Sandnes: Rundt Stokkelandsvatnet og gjennom Sandvedparken

path marked brown Ein kort tur, men ei perle: Å sykle rundt Stokkelandsvatnet på Ganddal og vidare nedover Sandvedparken til Brueland og Sandnes. Sandvedparken er eit 2,7 kilometer langt parkdrag frå Ganddal stasjon til Sandnes langs Storånå, veldig smal nokre stader, men så vidar han seg ut til ein stor plen, for eksempel. Vi sykla heilt ned til Vågen og kikka på åpninga av Storånå ved den nye Vågen videregående skole. Både Stokkelandsvatnet og Sandvedparken er stader for turgjengarar og joggarar, så syklistar må ta det med ro.
Skjærtorsdag ettermiddag var det nokså få fotgjengarar der.

onsdag 31. mars 2010

Loiredalen, Frankrike




Fram og tilbake over Loire, og en runde i landskapet ut mot havet: Saumur - Angers - Ingrandes sur Loire - Nantes - Mesquier - Quimiac - Brière. Bare navna gjev sommarstemning.


Sommarsyklinga 2009 som kunne blitt varm, 30 grader og meir, men det gjekk fint. Spennande, særprega landskap. Spesielt kan nemnast den første etappen frå Saumur til Angers som gjekk i ein dal på UNESCO-lista, hånddriven ferje før Angers (styrkeprøve for Kjell - sjå bilete), og det fantastiske saltlandskapet ytterst mot havet i Guerande-området, sjå også bilete. Dessutan hugsar vi togtransporten frå Nantes til St.Nazaire. - Nokre tyskarar eig verda meir enn andre, og okkuperer toga med syklane sine. Men den norske gruppa tok ei lita hevn, og pressa dei!


Endeleg ein tur som var Pedalo sin eigen. Hotellstandarden var variert, L'hotel i Nantes var moderne og bra, men Relais Marine i gamlebyen i Quimiac var det beste. Kjem gjerne tilbake dit. PÅ denne turen var maten og vinen var eit kapittel for seg. I området er det mykje skaldyroppdrett. Fann på ein brutal måte ut at eg absolutt ikkje tåler østers, men elles var det mykje godt. Pic-nic var eit fint alternativ undervegs nokre gonger, og menyen då var litt betre enn standard norsk matpakke. I Oudon hadde me trerettars god lunsj med fri vin til 10 euro! Der dei lokale åt lunsj.




tirsdag 30. mars 2010

Provence, Frankrike

At sykkelruta vår gjennom Provence gjekk over Pont du Gard (biletet) var bare typisk for denne turen. Minne etter romertida, frå den tida då Provence var Provincia, var det overalt. Det romerske amfiteateret i Arles og det store teateret i Orange var begge fantastiske. Pavepalasset i Avignon var frå seinare tid, 1300-talet, men ikkje mindre imponerande. Uzés var ein fin mellomalderby som var koseleg å vere i.

Utanom byane var landskapet rikt: Vinmarker, vinmarker og vinmarker, salat, tomat, kirsebær, oliven, frukt. Valmuene blomstra for oss i mai, seinare kjem lavendelen. I Camargue, lengst ute mot havet, var det våtmark og rismarker. Fuglar, hestar og gras.

Ruta var slik: Orange - Avignon - Arles - rundtur i Camargue - Tarascon - Uzès - Orange. Kjøpt av Pedalo (er nå seniorkundar eller noko slikt) og operert av Rückenwind.

Om operatøren Rückenwind: Vi kom etter infomøtet hadde vore, og mista litt. Det var også
ein feil i vegvisaren på engelsk, det mangla ein null. ( 30 blei til 3). Heldigvis blei vi redda av tyskarar, legane Heike og Bernd, som hadde tysk beskrivelse. Men syklane var gode, servicen elles var det, hotella bra, og ikkje minst maten og vinen... Vi hadde halvpensjon og fekk maten i kjekke, små restaurantar. Eg legg på meg litt på slike reiser, sjølv om eg syklar 5 - 6 mil om dagen i kupert terreng!

Å sykle i Sør-Frankrike i mai er bare bra. Bare bra!!


mandag 29. mars 2010

Sykle til jobben

Klokka stilt til sommartid, litt halvmørkt kl. 07.00, men det kom seg fort. Det viste seg at vegen mellom Austrått og Ullandhaug hadde blitt lengre og bakkane brattare i løpet av den kalde vinteren. Det var tungt, i regnklede og med litt motvind.

Eg sykla Strandgata - Lura Rv 44 - IKEA - over motorvegen og nordover derfrå. Det er fint å forsere Forus på sykkelstiane mellom forretningsbygga, det er fleire parallelle. Hadde litt trøbbel med å finne sykkelstien over til Sørnes, mykje graving, men fann han til slutt og kom meg då omsider på jobb: Nesten 1 time og 10 min. Rekorden er 52.

Blei henta. Syklar heim i morgon.

søndag 28. mars 2010

På grensa mellom Tyskland og Polen


Når ein syklar, opplever ein landet og landskapet på ein annan måte enn når ein reiser fort. Ein kjem nok også til stader ein ikkje hadde kome til på annan måte. Turen vi tok sommaren 2008, frå Zittau på grensa mellom Tsjekkia og Tyskland, til Berlin, gjekk i stor grad utanom bilvegane. Først sykla vi på dikene langs elva Neisse, grensa mellom Tyskland og Polen, etterpå gjennom store skogs- og parkområde inn mot Berlin. Bildet med tysk grensepåle står der ei bru var kutta under den kalde krigen.


Vi sykla fleire gonger fram og tilbake over grensa til Polen. Sjølv om det nok ennå var forskjell mellom austre og vestre delar av Tyskland, så var forskjellane mellom Tyskland og Polen der i sør skrikande. Medan Tyskland framsto som ryddig og fint, om enn litt aude, var Polen nærst forlatt og mangla vedlikehald, sjå t.d. skiltet til venstre. Det var også ganske interessant å kjøre gjennom nedlagde grensestasjonar. Før die Wende: Stor aktivitet og mange folk, nå: Ei sjappe med billige sigarettar, elles sto stasjonane tomme.

Ruta vi sykla var slik: Zittau - Görlitz - Bad Maskau - Guben - Beeskow - Fürstenwalde - Berlin Köpenick. Vi kjøpte igjen hos Pedalo, som har gitt oss gode reiser, denne gong var det Die Landpartie som var lokale operatørar, og dei hadde gruppetur samtidig med vår tur, turgjengen. Ganske kjedeleg å kome bak dei!

Interessant på vegen:
  • Dikene langs elva, og dei store bufferområda som låg brakk i tilfelle flaum.
  • Flotte parkar, spesielt vakker var roseparken i Forst.
Sosialt: Vi blei kjende med Iris og Hans frå Köln. Fekk mykje kunnskap om aust-vest og om økologisk gardsbruk.
  • I Berlin fekk vi også eit innblikk i korleis kommunist-fiffen hadde det: Vi sykla først gjennom ein flott bydel kor dei hadde budd, så budde vi på eit storhotell som hadde vore samlingsstad.
Die Landpartie er også flinke, einaste vi hadde trøbbel med, var då vi skulle skifte mellom to kart, forklaring på tysk og etappen var spesielt lang (opp mot 8 mil). Men: Hotella var bare fantastiske. Eg nemner to:




Hotel Tuchmacher i Görlitz; nyrestaurert borgarhus, men mykje gammalt bevart i ein nydeleg by. Huset er opprinneleg frå 1528, i renessansestil. Og sjølv om det framsto som nyoppussa, hadde dei dei gamle store steinplatene i golv og trapper som var glattpolerte av bruk og med søkk der folk hadde gått.
  • Schloss Steinhöfel, verkeleg eit slott frå seint 1700-tal i klassisk stil, alt i gult. Litt spesielt var de tå kome fram. Vegen vi hadde sykla på, hadde vore spesielt sorpete, og vi var ganske skitne, og hotellet var ganske fint og lysegult! Sjå til venstre.

Mandelblomstringa på Mallorca



Etter to kjekke sykkelferiar, sykling på eiga hånd, men med merka rute og bagasjetransport, begynte vi i 2008 å sjå oss om etter turar utanom sommarsesongen. Vi fann Mallorca rundt i februar: Tema var blomstring av mandelblomar, men det var også mykje anna å oppleve.

Vi fekk sett store delar av øya, både storbyen Palma, koselege Puerto de Soller (gjensyn frå 1970-talet), turistmaskinen Alcudia i lågsesong, men også gamlebyen Alcudia og det fantastiske våtmarkreservatet der. Vi sykla også innom meir normale stader som Porto Christo og San Jordi, og fekk med oss eit variert landskap, sjå klippebiletet under. Og ikkje minst: Vi blei transporterte over fjellet i nord (1500 moh), slik at vi fekk med oss klosteret Lluc.

Denne turen hadde eit visst preg av gruppereise: Vi hadde ein fellesmiddag, felles transport

over fjellet og til slutt hadde vi ei felles omvisning i Palma, vi var på sjokoladebutikk saman og inne i eit borgarhus med innelukka, fin gardsplass. Det var koseleg: Vi blei kjent med eit belgisk ( Gilbert og Francine) og fleire tyske par, sykkelentusiastar. Vi fekk tips om kjekke sykkelturar:
  • Provence (Orange - Camargue)
  • Toscana
  • Verona rundt
  • Bodensee rundt
  • Loiredalen
  • Østersjøtur i Tyskland
Kanskje var det fordi det var lågseseong, men vi hadde svært gode og fine hotell til ein relativt grei pris. Igjen kjøpte vi turen av Pedalo, denne gongen var det EuroBike som var lokal operatør.
EuroBike - best til nå. I gruppa som sykla samtidig var det nokre som nok var i tyngste vektklasse (tysk vektklasse), og i og med at turen var ganske hard, øya er kupert og etappane litt lange, så var det godt for dei at Stefan frå EuroBike kunne kontaktast og kome og hente dei! Det går altså også an.


Canal du Midi - Sør-Frankrike



Vår første sykkeltur frå hotell til hotell med bagasjefrakt gjekk i 2006 frå Toulouse til Narbonne i Sør-Frankrike. Det var i juli, ganske varmt, og turen starta ganske dårleg: Vi fekk ganske dårlege syklar av Bicyclette Verte, den eine så dårleg at kjedet rauk fleire gonger, første gong 100 meter etter start. Likevel: Turen blei ei stor oppleving. Sidan han for ein stor del gjekk langs kanalen og under platantrea som voks der, hadde vi både skugge og litt kjøl frå vatnet, så temperaturen var grei. Dessutan var kanalen fredeleg, slusene fine, landskapet vakkert og byane interessante, hotella greie og maten god!! Det er jo Frankrike! Særleg var det kjekt å stoppe i Carcasonne og besøke middelalderborga, som er heilt Disney. Narbonne er også fin, og utanfor Narbonne sykla vi til kysten og såg fransk turisme og møtte norske kjenningar. Dessutan har kanalen, som blei groven ut for å lage ei ferdselsåre frå Atlantaren til Middelhavet, ei interessant historie.

Ruta: Toulouse - Castelnaudary - Carcasonne ( 2 netter) - Narbonne (2 netter) - rundtur til Gruissan Plage (kysten).



Våre første sykkelvenner var Louise og Guy frå Canada. Det var vi og dei som sykla denne ruta den dagen. Dei hadde om mulig endå dårlegare syklar enn vi hadde.




Sandnes - Figgjo - Ålgård


28.03.2010
Endeleg er det greit å sykle, snøen er borte. I dag frå heimen på Austrått, Kyrkjeveien, til Bråstein, så langs E39 på sykkelsti. Frå Bråstein til Figgjo går stien inntil vegen , og bilane bråker jo, men på høgre sida renn Figgjoelva. Når du kjem til Figgjo, kan du gå på museum eller kjøpe kaffe, is eller steintøy på Figgjo AS sitt fabrikkutsal, som har ope også søndagar. Frå Figgjo til Ålgård går sykkelstien på sørsida av elva (ånå), mens vegen går på nordsida, og det har blitt ein kjekk turveg langs elva. På Figgjo lagar dei eit nytt amfi ved sykkelstien, sjå bilete til høgre, du syklar vidare forbi gamle Figgjo trikotasjefabrikk, ein staseleg fabrikkbygning med store vindusflater som nå dessverre står tom og forfell. Oppover langs elva finn ein bord og benkar og fiskeplassar, og når ein kjem til Ålgård, er det ender og svaner i elva.

I dag tok vi til høgre for Coop Ålgård, passerte Ålgård kyrkje bygd 1917 og sykla gjennom det gamle sentrum ut til E39 igjen. Vi ville prøve den nye sykkelstien langs Limavatnet. Flott å sykle langs vatnet, men ennå er det ikkje asfaltert, det ventar eg på. Vi snudde ved enden av vatnet og sykla langs E39 heim. Det gjekk ganske mykje fortare, det er slakt nedover frå Ålgård til Sandnes. Heile turen tok ca. 2 timar i roleg tempo med små pausar.

Sykkelkart Sandnes i PDF-format. Første del av turen på side 9 - 11 - 13.