Viser innlegg med etiketten Høle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Høle. Vis alle innlegg

mandag 20. juli 2020

Førebuingar til sykling i Norge.

Å sykle frå hotell til hotell i Noreg er faktisk ei ny oppleving for oss, etter mange år i Mellom- og Sør-Europa. Det er mykje nytt: Veret, det kuperte terrengent, å frakte bagasjen sjølv og å bruke eigne syklar. Nytt for oss er det også å kjøre bil fram til startstaden. 

Dette nye medførte fleire val: 

Dersom me skulle bruke dei lette, "vanlege" syklane våre, måtte minst ein av oss montere bagasjebrett. Sjølv om det bare var to overnattingar med sykkel, ville det truleg vere mykje å sykle med all bagasjen på ryggen. 

Å bruke el-syklane ville vere ein risikosport for Han der, el-sykkelen hans ville truleg ikkje ha god nok rekkevidde. Ein kikk på kartet viste at seint dag 1 (55 km) var det ei saftig stigning. - Då dette gjekk opp for Han der, blei turen døypt til Dødsmarsjen.

Slik kunne me ikkje ha det. Lille rektor kom med eit veldig godt forslag: Han der kunne låne Pilfinnar sin el-sykkel. Den hadde god rekkevidde. Då Han der hadde tenkt litt over det, kom han til at han like gjerne kunne kjøre seg ny el-sykkel sjølv. Dette ville gi han ein sykkel som kunne gjere Dødsmarsjen om til ein parademarsj, og dessutan ville han ein gong for alle få slutt på det der at Hu der hadde meir el-kraft og sykla frå han. Som sagt så gjort: Ny Raymon el-sykkel kom raskt i hus, tidsnok til eit par prøveturar før Telemark. På el-syklane er det bagasjebrett, og med våre eigne to sykkelvesker og lån av eitt sett frå Lille rektor, har vi meir enn nok lastekapasitet, både til regntøy og mat vi må ha med oss. 

Prøvetur 1 var bytur i Sandnes sentrum ++ i regn (brukte 10% av batterikrafta), prøvetur 2 var Austrått - Bergsagel - Hommersåk- Austrått, 42 km. Då var det gått 40% av elkrafta på Hu der sin sykkel, litt meir på Han der sin. Det bør halde.

I dag har me kjørt Hunnedalen, Sirdal, Suleskar, Setesdal og over fjellet igjen til Telemark. Dette er delar av vegen Ranveig og Marie sykla då dei sykla frå Sandnes til Gol ca år 2000, eller litt før det. Dei hadde i tillegg 800 m rett opp frå Lysebotn i regn før dette, og dei var begge i tenåra. Eg er så imponert over det dei klarte, med relativt enkelt utstyr. Det er stigningar i masse, og lange fjellstrekk utan vidare ly. Det var nok mindre trafikk då, for i år var det stor trafikk, spesielt Suleskar, men likevel.

Me køyrde alle småvegar som fanst, og vegen verka ganske lang, men me fekk også inspisert vegen me skal sykle i morgon. Konklusjon: Me må ha med niste.





 


søndag 19. juni 2011

Lang sykkeltur med to ferjer - 75 km

Inspirert av Rigmor Bjørgo, kom me på at det går an å reise med ferja på søndagstur.

Forsandbrua
Me sykla på nasjonal sykkelveg 2, om Vatne og Hogstad til Høle og derfrå langs sjøen til Lauvvik (25 km). Den nasjonale ruta går med båt til Lysebotn, derfrå om Valle i Setesdal til Telemark.

Me laga vår eiga rute, me tok ferja til Oanes saman med tyskarar, nederlendarar og andre turistar. Ferja tok 10 min., og etter Oanes var det to alternativ: Gamle eller nye riksveg 13. Den gamle riksvegen går langs fjorden i retning Idse til Jørpeland og er 35 km lang. Den nye går forbi brua til Forsand, om Høllesli og rett over fjellet til Jørpeland. Denne er 25 km lang. Me frykta at turen på gamlevegen kunne gjere heile turen vel lang, over 8 mil, og valde derfor den nye. Når det er ein ferjestrekning i nærleiken, kjem dei fleste bilane i klumpar, så trafikken var ikkje så sjenerande, men det var god stigning/ bratt utfor etterpå (Han der var oppe i over 60 km/t) og fleire tunnellar, som ikkje er så stas med sykkel utan lykt. Derfor lurer eg på om det hadde vore kjekkare å ta det andre alternativet. - Det kan vi gjere ein annan gong.

Gamlevegen er blitt sykkelsti ved Jørpeland. Herleg!
Då me nærma oss Jørpeland, fann me ein sykkelsti på venstre side av vegen som nok var "gamlevegen". Det var freden å sykle der, i forhold til hovudvegen utan sykkelsti. - Jørpeland viste godsida, men mellom Jørpeland og Tau var det også strekk utan sykkelsti. - Det skal visst bli det når Ryfast-tunnellane blir bygde, men aksjonistar hadde hengt opp skilt med "Gi oss sykkelsti nå!" - Og eg forstår dei.

Frå Tau tok me ferja til Stavanger, kikka litt på livet og cruiseskipet Queen Mary der, før me tok vegen langs sjøen/dobbelsporet heim.  Mange hadde funne vegen ut på gang- og sykkelvegen, men ikkje så mange eg hadde trudd. Siste stopp i Vågen på Sandnes, før oppstigninga til Austrått, som var noko tyngre enn vanleg med sju mil på sykkel bak oss.
Rast ved dobbelsporet langs Gandsfjorden

søndag 12. juni 2011

Vakkert og variert i Sandnes aust. 47 km



Kjempeflott tur i austre del av Sandnes:

Frå Austrått via Sviland - Søredalen - Hommeland - Høle - Ims - Hogstad - Vatne og til Austrått igjen. Ruta ligg på Bikemap med namnet Søredalen - Høle.

Ruta er god trafikkmessig, første del til Sviland og siste del frå Hogstad på sykkelsti, resten på lite trafikkerte vegar. Det geniale var å ta gjennom Søredalen frå Sviland og ikkje gjennom den meir trafikkerte Noredalen. Det blei meir stigning og noko lengre enn alternativet, men herleg lite trafikk.

Grønt og vakkert i juni: Tiriltunge, hundekjeks, smørblom, lupin, prestekrage, blåklokke m.m. i vegkanten. Traktorar i ferd med å lage rundballar (trass i at det var første pinsedag), ganske mange bubilar, men dagen etter Nordsjørittet var det få syklistar å sjå.