Viser innlegg med etiketten Carlisle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Carlisle. Vis alle innlegg

onsdag 24. juli 2013

Carlisle - Haltwhistle 42 km

Carlisle (vel 70000 innbyggjarar) ligg 16 km frå grensa til Skottland, og har vore eit viktig militært støttepunkt då England og Skottland var to rike. Det er i dag godt bevarte bymurar, og Carlisle slott frå 1092. Byen har og vore skotsk og har eit skotsk preg. I Tullie house finn vi historien til området og til Hadrianmuren. Til fin nettside om romarane i Cumbria.


Hadrianmuren var ein voll bygd av stein og torv, bygd frå år 122, for å forsterke grensa og verne mot piktarane. Muren var 4 - 5 m høg og 6 m brei, ikkje slik som denne resten som fins i dag. Muren går frå Wallsend til Solway Firth. Muren er 117 km og den sterkaste befesta grensa i Romarriket. I tillegg til at muren var festningsverk, var det også kontroll med trafikken gjennom portane, slik at det kunne krevast toll for varer frakta gjennom dei. Sjølv om stein er tatt frå muren til annan bruk, står mykje igjen. Muren er på UNESCO si verdsarvliste.


Inn og ut av Carlisle gjekk turen i grøntområder og parkar. Frå  Warwick Lodge var det ganske kort veg til Rickerby Park (med ungfe på beite), og fin veg ut sv byen. Elles var 72-ruta mellom Carlisle og Brampton eit godt døme på at den rette veg mellom to punkt ikkje er den finaste sykkelvegen. På små landevegar med hekkar på begge sider gjekk det i kryss og tvers og opp og ned til søte landsbyar som Linstock, Crosby-on-Eden, Newby, Warwick Bridge, Allenwood, How, Hayton, Low Gettbridge og Aarons Town før kaffepause i Brampton. Cupcakes og kaffe. I Brampton kjøpte me også med oss sandwiches på eit bakeri, som me fann den perfekte stad å ete ein time seinare, etter ei lengre stigning, i Banks.

Me hadde i grunnen rekna med å treffe mange andre syklistar på ein slik tur på ei nasjonal sykkelrute, gjerne bu på same staden, slik me ofte har gjort på kontinentet. Men til nå har det vore få. Då me toucha linja for Hadrianmuren, begynte me å treffe vandrarar, og i dag har me truffe syklistar som tar same løypa som oss. Eit hollandsk par som har vore sju veker på tur (Nederland, Belgia, Frankrike, Irland, England, Nederland) og overnattar i telt, for eksempel. 

Sykkelturen i høgda langs muren var veldig fin, gode vegar, og eigne vegar der det var litt trafikk. Fekk med oss Birdoswald romarfort og lærte litt meir om romanane, før me trilla fint og flott inn i Haltwhistle, midt i England, og fann overnattingsstaden Hall Meadows veldig lett. Der blei me tatt imot i ein fantastisk hage av hund, mann og kone. 

tirsdag 23. juli 2013

Silloth - Carlisle 58 km

Silloth kjem av sæ (eng) hlada (norr), som betyr sjø-låve. Opp mot 3000 innbyggjarar.
I 1860-åra kom jernbanen til Silloth, og då kom også turismen. Silloth blei ein av dei første turistbyane i nordvestengland. I dag blir ein del av desse turistområda pussa opp igjen. Nith View guesthouse i Silloth ligg i turiststripa mot sjøen. Nedanfor Main street er det eit parkområde som minst er 50 m bredt, med litt tre, men mest store plenar, tennisbanar og liknande. Nedanfor der igjen er det lang strandpromenade og trapper ned til sjøen sikkert ein km, sjå under. Dette er dimensjonert for ti gonger så mange turistar som er der, Når det for eksempel bare var eitt hotell Golf, god mat) serverte skikkelig middag, så seier det noko om pågangen av turistar i Silloth i dag. Vi var også åleine på B&B'en.
Dag 3 fekk vi beskjed om at det var meldt regn utpå dagen i området, så vi skynda oss avgarde. I det eg skulle lukka porten etter oss, begynte det å regne, og det regna og det tordna verre dei første timane. Han der blei tatt inn i eit hus då han skulle ta på seg regnbuksa, igjen koseleg nordengelsk gjestfrihet. Etter kvart letta det litt, men ikkje meir enn at vi tok ein snarveg, og unnlot å sykle heile kystvegen langs Solway. Til og med snarvegane var merka med HCW-skilt!! Vi som tenkte vi måtte konsentrere oss og lese kart.
Godt humør i regnet ved Newton Arlosh. På vegen vi valde var det ikkje mogleg å kjøpe kaffi eller mat. Vi var for tidlege til dei få pubane som fans, for vi sykla som uver, tok snarveg, og var framme i Carlisle kl 12. Å sykle fort og kome tidleg fram er mot alle våre prinsipp, men i tillegg til det dårlege veret, hadde vi avtale med ei kjekk jente og mora hennar, som kom med toget frå Newcastle. Dagen var redda.

I Warwick Lodge var det også ubegrensa internett, ein klar fordel. God mat på Casa Romana. 
Tidevatnet går høgt, eller landet er lågt over havet her på Solway-kysten, ved høgvatn kan sjøen stå over vegen.