Viser innlegg med etiketten Randaberg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Randaberg. Vis alle innlegg

søndag 30. august 2015

Langs hav og vatn på nordlegaste Nord-Jæren 35,9 km


Fin-fin søndag i august, med vind frå sør med nye opplevingar! Vi trudde vi hadde prøvd det meste av sykkelvegar i området, men vi fann fleire stader vi ikkje hadde vore, og dei var veldig fine. Denne ruta kan svært gjerne passe som ei sløyfe i ein "Sternfahrt" rundt Stavanger eller Sandnes som eg fantaserer om å lage (dersom ein sykkelbutikk hengjer seg på.)

Vi tok syklane på bilen og kjørde så langt nord det er mogleg å kome på Jæren, til Tungenes, for å få medvind på slutten av turen. Antakelsane om at vinden er lettast på "innsida", på austsida mot Byfjorden viste seg å vere rette. Vi fekk ein fin tur. 


Frå Tungenes går det bare ein veg, men før Randabergfjellet tok vi av til venstre i retning Mekjarvik. Vi finn gardsvegen som til slutt blir ein liten sti før han kjem ut på ferjeleiet som nå bare har ferjer til Kvitsøy. Denne vegen var tidlegare ein del av Nordsjøruta, og grei å finne, nå var nokre av skilta borte. - Frå Mekjarvik og sørover er det flott sykkelveg langs bilvegen. Nesten for flott nå som det er få syklistar som skal denne vegen. Den fungerer ikkje som North Sea Route når det har blitt ein blindveg i staden for å føre til Karmøy. Dei undersjøiske tunnelane i Rennfast har øydelagt denne delen av Nordsjøruta, synd! Eg veit ikkje om det er alternativ busstransport gjennom tunnelane, eg håper det, men det blir likevel ikkje det same som ei ferje.


Når vi så hadde kryssa E39 (under) sykla vi gjennom byggefelt og søkte raskt ned mot sjøen, og vi fann, vi fann: Ein grusa gangveg som gjekk langs Byfjorden mellom bebyggelsen og sjøen heilt frå Grødem til Dusavik. - Over svaberga og gjennom litt skog som beskytta oss mot vinden. Den visste vi ikkje om, tidlegare har vi sykla lenger inne i gatene.

 Ved Dusavik tok vi inn, for så å finne ein liten snutt ned mot sjøen igjen. Men det blei veldig mykje opp og ned så sjønært, så det blei grei etterkvart å bruke gatene. Forbi Vardeneset kyrkje, skiltig Byfjordruta, deretter snudde vi vestover og følgde skilta Kampen og Eiganes. Fine bygater som på Stokka gjekk over til villastrøk, sykkelskilta veg gjennom Edvard Griegs gate, over E39 på bru og vidare mot Stokkavatnet, også ei ny, fin erfaring. Hadde matpakke og kaffe ved Lille Stokkavann, sykla deretter på nordsida av Store Stokkavann (mange folk) til Hålandsvatnet (ikkje fullt så mange folk) og langs det på nordsida til Viste Hageby.


Der fann vi skilting av Tungenes-ruta som går heilt ute mot havet, forbi Vistehola og Viste Strand Hotell (Mogleg is og kaffepause der). Vi møtte også medvinden på dette strekket, og ute mot havet var vinden mykje sterkare enn "inne i landet" på den andre sida. Herleg avslutning på turen tilbake til Tungenes, forbi åkrar med salat, kål, poteter, persille og gras. Alt friskt og grønt i år.


Så sjølv om denne turen gjekk gjennom tettbygde strok, var det mest natur heile vegen. Og trygge vegar.


fredag 25. juli 2014

Når det er varmt i Norge er det fint å sykle i sjøkanten.


ØNoen badar, noen går inn, noen sit i skuggen, vi svalar oss med ein frisk sykkeltur langs ein eller annan sjøkant. 

For eksempel 
1. Sandnes -Dale tur retur, kort kveldstur. Biletet under er frå Hana, sjøspeidarane. Bading i Holmavika mulig. Ta med mat og drikke. Butikk i Aspervika. 

2. Langs dobbelsporet Sandnes - Stavanger. Bading på Vaulen og deromkring. Kan utvidast med bytur i Stavanger, vidare over Stokka til Madla, langs Hafrsfjord, Sørnes, Forus og til Sandnes. Ein ganske lang tur. Eller ein kan ta toget tilbake til Sandnes.



3. Tungenesruta frå Tungenes fyr til Tanangerbrua. Kafe på fyret  mellom 12 og 16 om sommaren og på Viste strandhotell. Veldig fin på veg med utruleg lite trafikk, eit par snarvegar på sti, Vistehola, Vistnestunet og fyret som attraksjonar. Denne ruta kan gjerast til liten rundtur om Randaberg sentrum eller stor rundtur om Stavanger sentrum, frå Kvernevik langs Hafrsfjord og inn til byen, Nordsjøruta derfrå til Mekjarvik og Tungenes. Bading på Sande, Viste eller kor som helst. 
4. Hafrsfjord rundt: Sola ruinkyrkje - Risavika - Tananger - Sunde - Madla - Røyneberg -Joa - Sola 31 km, flatt. Kan sjå på Sola ruinkyrkje, Tjora gamle kyrkjegard ( som me ikkje fann), flammen i Risavika, det går tursti utanfor industrianlega, Sverd i fjell. Bading på Sunde og i Møllebukta, eller på Solastrand.
Under idyll i Tananger.
5. Vidare kan tur 4 forlengjast langs Solastrand til Ølberg, Vigdel eller bli ei sløyfe rundt flyplassen om Sola sentrum. Langs stranda er det ein fin og flott sykkelsti (bilete) som dessverre brått tar slutt ved Solastrand Gård. Derfrå må ein sykle i vegen i trafikken som kan vere nokså stor når det er rushtrafikk. I søndre del av stranden kan ein ta inn til Domsteinane og kikke på dei (bilete). 


lørdag 13. august 2011

Langs havet frå Tananger til Tungenes




Sterk vind frå søraust, men sol og god temperatur. Me sykla langs den ytre Nordsjøruta, heilt i havgapet. Parkerte ved kyrkja i Tananger og starta der. Turen er verkeleg ei flott oppleving, spesielt med vinden i ryggen. Me har sykla denne ruta før, men hugsa ikkje kor spesiell ruta er:

1. Svært kupert og nokre stader ganske dårleg dekke, så tempoet må vere lågt.
2. Mykje å sjå, i tillegg til det flotte med å sykle like ved Nordsjøen:

Tananger gamle havn - litt idyll, med m.a. Hummeren hotel
Tanangerbrua
Kiellandmonumentet (3) til minne om ulykka på plattformen Alexander Kielland i 1980
Vistehola (2) frå steinalderen
små badestrender
intensivt jordbruk og relativt lite busetnad
svaberg og lynghei, med blømande lyng
Tungenes fyr (1), som hadde kaffe og vaflar til sals (lø - sø 12 - 16) og litt opplysningar om fyret. Fyret er eit lei-fyr: Eit fyr som hjelpte båtane å finne leia inn i fjorden.
    Viser kvaliteten på dekket nokre stader, krev lågt tempo

    På Tungenes måtte me snu (syklar ennå ikkje på vatnet), og søkte oss innover i landet for å sleppe så sterk motvind. Det hjelpte. Stoppa i Randaberg sentrum (?) Kor er senteret? Ein butikk her og der og parkeringsplassar! Det hadde vore kjekt med eit sentralt torg som butikkane kunne vende mot. Spesielt når Randaberg vil kalle seg grøn landsby. Men det er vel ikkje så lett å snu eller flytte bygga når dei først er der.

    Frå Randaberg sentrum fann me ein veg med innkjøring forbudt for gjennomkjøring til Goavegen. Glimrande å sykle, nesten til Hålandsvatnet, som har nydeleg sti rundt. Her må det bli ein ny sykkeltur, for eksempel "Fire vatn i Stavanger": Hålandsvatnet, Stokkavatnet, Mosvatnet og Breiavatnet. 

    Resten av vegen til Tananger var tung i motvind, men det gjekk. Me var uventa trøytte etter ein tur som bare var på vel 40 km.


    søndag 2. mai 2010

    Randaberg og Stavanger mest på grus.

    Fantastisk tur søndag føremiddag. Starta på
    parkeringsplassen i Mekjarvik og følgde Nordsjøruta heile vegen til Hafrsfjordbrua. Verkeleg ei turistrute: Store delar heilt ute ved havet, på sti. Passerte Alexander Kiellandmonumnetet (plattformulykka 1980) og Svarthola på Viste (steinalderbuplass). Vil ein sykle fort, er ikkje dette rette løypa, men vil ein sjå vakker natur, havet og lyset,så er denne ruta verkeleg å anbefale. Etter å ha passert Hafrsfjordbrua sykla vi på turstien langs fjorden til Fluberget, framleis Nordsjøruta, forbi helleristningar mot Madla. Der skar vi inn mot golfbanen. Kryssa golfbanen med fare for å bli golfa ned, og fortsatte på sørsida av Store Stokkavann. Hadde eg ikkje gløymt kartet heime, hadde vi nok følgt Stokkavatnet til Tasta og sykla Tasta- eller Byfjordruta tilbake til Mekjarvik. I staden fekk vi ein fin tur gjennom Sandal, Eiganes - mange herskapelege bygg framleis, bispebustaden, Ledaal, Breidablikk, og nesten bilfritt i sidegatene - til sentrum, gjennom Gamle Stavanger og ut Byfjordruta derfrå. Siste del var den kjedelegaste: I Dusavikveien måtte vi bruke bilvegen. Ikkje bra. Betre på Grødem, der vi sykla gjennom byggefelt og søndagsstengde industriområde. Tilbake på Mekjarvik ville vi kjøpe is, men bua hadde lunsjpause! Fire ferjer til dagen gir vel rom for det.

    Heile turen tok 3,5 timar i rooleg tempo, og med mange pausar. Har ein sprekt besøk, er dette ein flott dagstur, særleg for innlandsfolk.