Viser innlegg med etiketten Faro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Faro. Vis alle innlegg

tirsdag 2. juni 2015

Tavira - Faro 42 km

Tavira var ein gong basert på fisking av tunfisk, nå er byen basert på turisme og er fint oppussa. Elva Gilhao renn gjennom byen. På begge sider er det gamal by, vi fann ein liten restaurant frå Trip Advisor: A Tasca. Vi steikte kjøtt på steinplate på bordet.


Recidencial Mares ligg ut mot elva, og me vakna til sol over stille elv, alt blått og kvitt.
På kartet ser det ut til å bli ein tur i nokså øde natur, men det er feil. Det er spor etter menneske over alt. Fiskarar i Santa Luzia, luksusferiestad i Pedras d'ei Rei, småbyane Fuseta og Olhao og tilslutt Faro. 

Me syklar gjennom våtmarkområdet Ria Formosa. Den gongen salt var viktig for bevaring av fisk og kjøtt, må dette ha vore eit viktig område. Fleire mil med område for saltutvinning av havvann. Eg har lurt på korleis denne utvinninga skjer, og trur eg forstår litt nå. Havvatn blir leia inn i store basseng. Saltet fell langsomt til botnen. Noko av det avsalta vatnet blir leia bort med til lågare basseng, noko fordampar nok. Til slutt kan dei rake saltet saman i store haugar. Men korleis dei får det reint er framleis eit mysterium for meg. Skal nok finne det ut.

Vegetasjonen i  området er halophytiske plantar som tåler salthaldig jord og mykje salt. Det er mykje av ein vekst med små lilla blomar som får det til å sjå ut som ei lyngmark på avstand, men også kaktus og tistlar.
Litoral Ecovia (den grøne kystvegen) er Portugal sin nordsjøveg. Mykje av vegen er på grus, frå fast og god til ganske laus. Elles ein god del på asfalterte og brulahde småvegar og litt på stygge bilvegar, men lite av det. Våre tyske venner var litt plaga av ristinga, men vi er nok meir vane med slikt og utrusta med hanskar og sykkelbukser. 

Løypa tok oss rundt Faro, vi fekk sjå fabrikkruinar og eit område med små, dårlege hus. Sigøynarar? Det var også nokre stader forlatte hus og åkrar, men det dominerer ikkje. Mykje er fint oppussa og velstelt.

Faro er hovudstaden i Algarve, men likevel ein nokså liten by, med 58000 innbyggjarar i heile kommunen. Mindre enn Sandnes, men mykje eldre. Byen har ein gamleby innanfor ein bymur, Vila-Adentro, delen der maurarane måtte bu, Mouraria og havnedelen Bairro Ribeirinho. To gonger har Faro blitt lagt i grus, først i 1596 av engelske tropper, så i 1755 av eit stort jordskjelv.

Faro har opp gjennom tidene vore ein viktig havneby mellom Middelhavet og Atlantaren, besøkt av fønikarar, grekarar, romarar, vestgotarar og korsfararar. På 14- og 1500-tal var byen utgangspunkt for oppdagingsekspedisjonar og blei velståande. 

mandag 1. juni 2015

Faro - Olhao do Agua 42 km

Farvel til Hotel Sol Algarve i Faro for andre gong, over jernbanen og sykkelveg i rekreasjonsområdet der. Typisk for turen: delar av løypa er ny og super, men plutseleg er det stopp, graving og gjerder, og vi må finne ein veg, på jernbanesporet eller over ei mark. Lett å finne, nokon har gått der før, men ikkje alltid like lett å sykle - laus grus, steinar, sjøsand, gras...

Rundt Faro flyplass, deretter gjennom Ria Formosa, denne gong lagunen der trekkfuglane våre er om vinteren, saman med meir eksotiske fuglar. Vi såg nokre fuglar, men eg trur dei fleste var reiste til Norge. Men landskapet er flott, kilometer med god sykkelveg i naturområdet.

 Quinta do Lago, Vale do Lobo og Vilamoura er nok flotte eksempel på velstandsturisme. Flotte bygg i store parkar, golfbanar og Vilamoura som er Eurpoas største yachthavn. Då blei nok masseturismen i Q...... Eit sjokk. Ein vegg av svære hotell. Ein kilometer? Men det var ryddig og fint der, og brei steinsett strandpromenade som var fin å sykle på, og sikkert fint å vere der på hotell også. Men når vi kjem dit på ein slik tur, ser drt voldsomt ut. 
Frå Vale do Lobo. Har Torbjørn Egner vore her?
Meir turistslumaktig i Q.... Men fine strender.


Vi skulle ikkje heilt til Albufeira, men nesten, til Olhos de Agua med ferskvannskjelder og Hotel Velamar Olhos de Agua.

I dag hadde Han der uheppe med sykkelen, først punktering, deretter hoppa kjedet av og sette seg fast. Han fekk hjelp av hyggelege portugisarar, Roberto og mannen til Lisa som rykka ut, og av Hu der. Det gjekk bra! Hurra! Sykkelen må fungere.