Viser innlegg med etiketten Stokkelandsvatnet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stokkelandsvatnet. Vis alle innlegg

lørdag 9. oktober 2010

Ny sykkel?

Med Elkjøp og Hans kone i Sogndalstrand. Min gode sykkel i front.
Eg har lenge tenkt at alle dei fartsfantoma som fyk forbi meg på jobbvegen gjer det fordi dei er unge menn, streke og veltrente.  Eg har sykla der med min gode, nokså nye sykkel, som eg vann ein gong for fem-seks år sidan, godt utstyrt med bagasjebrett, solide skjermar, støtte, lykt, drikkeflaske, og ganske solid ramme også, og følt at eg hadde utstyret i orden! Men så var me på tur med Elkjøp og Hans kone. Elkjøp har trent mykje sykling i det siste, så det kunne aksepterast at han sykla lettare enn meg, men når Hans kone sykla frå meg i bakkane opp frå Rekefjord, då slo det meg at eg kanskje hadde litt tung sykkel. Det same tenkte Han der, han hadde også tung sykkel. Og Elkjøp var rask til å plante kjøpeidear i hovudet hans.

Han der utan skjermar
Dagen etter turen hadde Sykkelzentrum salg. Han der var kjapp, vips hadde han ny sykkel: Lett ramme, utan skjermar, støtte, lykt, flaskehaldar osv. Og vips, så sykla han frå Hu der. Han sykla bare det som "var naturleg i det giret", sa han, men det var ganske mykje fortare enn han pleier, og ikkje så koseleg for Hu der.

Dette er det tre løysingar på: At Han der alltid syklar sist, at Han der syklar med den gamle sykkelen på fellesturar eller at Hu der kjøper ny sykkel. Det er ikkje så lett for ei som er nøysomt oppdradd å kjøpe sin tredje sykkel når dei to første er heilt gode, og den siste (Brompton samanleggbar) er ny av året. Me får sjå.

I dag sykla me langs Stokkelandsvatnet, i Vagleskogen og i Sandvedparken i strålande haustver. Vagleskogen har vore joggeskog for oss, men det gjekk heilt fint å sykle. Vegane og stiane var godt vedlikehaldne.

lørdag 25. september 2010

Rundt vatn på Jæren

Vatn er fine ting. Ein av dei turane me ikkje har sykla, er ein tur rundt fire sjøar i Sør-Tyskland. Førebels får me nøye oss med to vatn på Jæren. Både rundt Stokkelandsvatnet og rundt Frøylandsvatnet er det fine turstiar. Kva med ein to-vatn-tur, kanskje utvida med ein tur gjennom Sandvedparken til Sandnes? Ein får park, vatn, skog, landeveg og urbane Bryne og Sandnes!

Stokkelandsvatnet kan ein kome til frå Ganddal, Lundehaugen, Tronsholen eller Bogafjell. Det er til tider mange turgåarar og joggarar der, så ein må tilpasse farten til det. I utløpet mot Ganddal er det masse ender og svaner som kan matast. Frå Ganddal kan ein sykle via Foss-Eikeland og Orstad, heile vegen på sykkelsti eller fortau, til Frøyland og ta runden rundt Frøylandsvatnet. I skogen ved Frøylandsvatnet er det veldig fint og ikkje så mange folk. Klepp- og Timefolk har ikkje heilt oppdaga den perla dei bur ved, ser det ut til.

Trebru over jernbanen på Klepp
På Klepp stasjon har dei spandert ei flott bru over jernbanen. På Tu er det rensedammar, og Bryne er Bryne. Dersom ein syklar rundt, må ein på austsida av vatnet forlate skogen og sykle på sykkelsti.  Til gjengjeld passerer ein Njåskogen og Kverneland.

Runden, inkl ein tur til Sandnes er 35 km, målt på BikeMap. Eg fekk for første gong til å lage eit slikt kart.

fredag 2. april 2010

Sandnes: Rundt Stokkelandsvatnet og gjennom Sandvedparken

path marked brown Ein kort tur, men ei perle: Å sykle rundt Stokkelandsvatnet på Ganddal og vidare nedover Sandvedparken til Brueland og Sandnes. Sandvedparken er eit 2,7 kilometer langt parkdrag frå Ganddal stasjon til Sandnes langs Storånå, veldig smal nokre stader, men så vidar han seg ut til ein stor plen, for eksempel. Vi sykla heilt ned til Vågen og kikka på åpninga av Storånå ved den nye Vågen videregående skole. Både Stokkelandsvatnet og Sandvedparken er stader for turgjengarar og joggarar, så syklistar må ta det med ro.
Skjærtorsdag ettermiddag var det nokså få fotgjengarar der.