Viser innlegg med etiketten fjellsykling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjellsykling. Vis alle innlegg

søndag 22. juni 2014

Syklistglede over kraftutbygging i Sirdal

Igjen vil eg slå eit slag for tursykling på anleggsvegane til kraftverka og dammane i Sirdal.

Tur 1 frå Suleskar/ Ådneram er det 13 km god, asfaltert veg inn til Svartevassdammen kor det for tida er arbeid med utviding av dammen og stengt. Det er parkering like etter Suleskarvegen tar av til Setesdal, vi kjørte litt ekstra og tok sjansen på å parkere på ein privat parkeringsplass, sjølv med trugsmål om å bli taua bort. 

Det går oppover når ein syklar fra Øvre Sirdal til øvre Øvre Sirdal, men jamnt og ikkje bratt, og farten ned att var ikkje avskrekkande. Det fine er at det er bomveg, og derfor nesten ikkje bilar. Vi møtte tre bilar og ein ATV, ingen syklistar, ingen som gjekk... Det var rett nok juni og nokså kald vind, men likevel.

Tur 2 er frå Haugen opp Hønedalen til Hegrefoss kraftstasjon. Ganske bratt opp frå Haugen, men deretter kupert inntil Hegrefoss. Fjellfloraen i juni er prega av små, kvite blomar. Spesielt var det å sjå massevis av molteblomar, håper bare det kjem litt varme og insekt slik at det blir bær


Vidare kan ein og sykle på bilveg mot Lysebotn, eller opp Suleskardvegen. Men bilane kjører fort.

søndag 9. september 2012

Endelig på hjul igjen. På anleggsvegar i Sirdal





Kneskade har hindra sykling lenge, men nå ser det betre ut, og i helga prøvde eg forsiktig sykling på anleggsvegar i Sirdal.


1. Frå Haugen opp Hønedalen til vegen slutta, ca.13 km innover. Ein del stigning i starten, deretter innover i småkupert terreng. Heile tida på asfalt, vegen var stengd med bom, så freden var der, og fjellfølelsen. Eit herleg, bilfritt tilbod. Litt regn og vind, men fint.

2. Frå Kvæven til Deg. Ca. 3 km, men kan forlengast med å sykle i sjølve Sirdalen.  Degdammen er stor og imponerande, fantastisk! Mye ein kan oppleve med sykkel. Grusveg, men fin å sykle. Turen vår var fra hytta og blei 11 km. Og kneet held!!!