Viser innlegg med etiketten Yorkshire. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Yorkshire. Vis alle innlegg

tirsdag 19. april 2011

Cinder trail frå Whitby via Robin Hood Bay til Scarborough.


21 miles/ 33,5 km. Del av nasjonal sykkelrute nr. 1.

Mange jernbaneruter i England er nedlagde, etter at Richard Beeting hadde sett i verk ei sterk modernisering av britisk samferdsel på 1960-talet. Frå siste del på 1800-talet hadde England jernbanespor på kryss og tvers, det blei for dyrt og gjekk for langsamt, fann dei ut, og 3000 stasjonar blei nedlagde, og mange kilometer jernbanelinjer blei tatt ut or drift.

Heldigvis er mange av dei nedlagde linjene omlaga til sykkel- og turvegar. Ein slik turveg er Cinder trail mellom Scarborough og Whitby. Å gjere ei jernbanerute om til sykkelsti er heilt genialt, når ein først er så dum å leggje ned jernbanen: traseen ligg klar med bruer og undergangar. Det er bare å ta bort svillane og jevne ut underlaget. Verken syklistar eller tog likar sterk stigning eller bråe svingar, så ein jernbanetrase er perfekt for sykling.

Eg sykla bare ein del av Cinder trail på min medbrakte Brompton samanleggbare sykkel. Ein dag frå vårt utgangspunkt i Robin Hood Bay til Whitby tur- retur, ein annan dag t/r Ravenscar, halvvegs til Scarborough. Cinder trail heiter som han heiter fordi jernbanen var lagd på cinder, slagg, i staden for på småstein. Dette underlaget er det nok litt igjen av, for underlaget var godt og hardt å sykle på for det meste, som oljegrus, nesten.  Det gjekk stort sett veldig greit å sykle, sjølv med små Brompton-hjul.

Denne ruta var fantastisk godt merka. Eg sykla utan kart, hadde bare sett ruta i ein reklamebrosjyre, og visste kor eg skulle starte ved stasjonen i Robin Hood Bay.

Dersom vi startar i Whitby, er den største utfordringa å finne utgangspunktet, sjå biletet over.  Finn ein bare dette, er ein redda. Resten av vegen er svært lett å finne. Nokså fort etter Whitby kryssar ein elva Esk på Larpool viadukten, ei meget avansert gang- og sykkelveibru, ta ein kikk på lenka.

Derfrå kjem ein til Hawsker gamle stasjon, med sykkelutleige og gamle jernbanevogner, kryssar vegen eit par gonger (utan større problem), for så vidare, totalt bilfritt, sykle langs frodige, grøne bakkar ut mot havet med ei fantastisk utsikt, før ein ser Robin Hood Bay. Dei la jernbanen flott til i dei tider sist på 1800-talet då dei bygde linja. 

Syklar ein heile ruta, må ein ikkje la vere å dra ned i Robin Hood Bay. Tidlegare ein isolert fiskarlandsby og smuglarhamn ( for eksempel for te, brennevin og tobakk), nå ein malerisk turistby med svært mykje opprinneleg sjarm intakt. Robin Hood Bay er også avslutningspunkt for dei som går Coast-to-coast, tvers over England, og mellomstasjon for the Cleveland Way, ei lang, samanhengande vandrerute i Yorkshire, først på moors og dales, så langs kysten på klippekanten. Heilt nydeleg.

Frå RHB syklar ein derimot litt lenger inne i landet sørover mot Raven Hill/Ravenscar og Scarborough. Her varierte underlaget noko. Nokre stader vel ujamt, men stort sett bra. Det er interessant å sjå korleis dei har fylt ut ravinar og plassert toglinja i det kuperte og skrånande landskapet. Det er litt av eit landskap i nordaustre Yorkshire, klippekanten ligg høgt over havet, og kvar minste bekk har skore seg djupt ned i landskapet. Difor er det svært bratt her og der. Mellom Robin Hood Bay og Ravenscar er det ganske aude. Eg passerte fire-fem gardar. Ikkje mykje for ein jernbane.


Då jernbanen kom i 1885, blei det bygt hotell og satsa på turisme både i Whitby, Robin Hood Bay og i Ravenscar. I Whitby har det vore suksess, i Robin Hood Bay ganske vellukka, men i Ravenscar er tilgjenget til stranden for vanskeleg og bratt, og staden har ikkje blitt nokon turistsuksess, heller ein fiasko. Vidare går traseen til Scarborough, men der har eg ikkje sykla. Derimot hadde eg meg ein tur på sykkelsti/ nedlagd jernbane inne i York by, men det er ein annan historie. 




torsdag 5. august 2010

England: Osmotherley - Castleton 37 km

Jeremy frå Discovery Travel hadde rett: Kvar dag på denne kyst-til-kyst-turen var flott og  forskjellig. Denne dagen sykla vi gjennom mange landsbyar på flatlandet før det igjen bar inn i eit aude område med sauer igjen: North York Moors. North York Moors er ei grøderik lynghei, det meste privat, men med over 1000 miles "public paths". Så også her var det mange vandrarar. Ei hei, er ikkje den nokså flat? Eg trudde det, men tok nok feil. Plutseleg var det ein bakke med 20% helling ned til ein bekk (sjå skiltet på biletet), og så opp på andre sida, like bratt. Over heia og ned Esk Dale går det jernbane til Whitby ved havet, og mange vandrarar tar toget eit stykke for å få nye utgangspunkt for turane sine.

Vi hadde overnatting i The Downe Arms i Castleton, ein landsby som låg på ein åsrygg med flott utsikt på begge sider. Rommet var bra med kjempefin utsikt, men maten var typisk engelsk. Til då hadde vi prøvd å unngå alt smultkokt. Her bestilte vi ein frisk forrett med masse småting som vi kunne plukke: Sopp, løk, reker... trudde vi. Det var feil: Alt var vendt i deig og frityrsteikt. Vi som nesten har vent oss av med å ete feitt her i Noreg, blei stapp mette av bare fire-fem småting (det var godt), og då sto hovedretten igjen. Eg hadde bestilt hamburger. Gjett om det var med haugar med chips? Smelta ost? Bacon? - Eg skrapte ut sjølve hamburgarene og åt kun dei. - Og eg som er oppdradd til å ete opp maten...

Frokost i England er også eit kapittel for seg. På alle overnattingsstader var det tilbod om cooked breakfast, full English. Det vil seie det meste av dette: Bacon, egg, pølser, tomatbønner, blodpudding, steikt sopp, steikt tomat, juice, te eller kaffi + toast. Dessutan kan ein få kornblanding, frukt, yoghurt, syltetøy og smør. Serveringa var i alle variantar, frå sjølvbetening til meny ein kunne bestille frå, og kelner som fylte på. Downe Arms tilbaud sjølvsagt full pakke.

onsdag 4. august 2010

England: Reeth - Osmotherley 56 km


Etter Reeth sykla vi nedover Swaledale til byen Richmond og vidare utover på slettelandet. Det var kjekt å kunne sykle litt på flatt land også, å kunne trø på litt, delvis på større vegar, men mest på gards- og skogsvegar.

Sykkelstiar var det svært lite av på heile denne turen. Ruta tok i bruk småvegar med svært lite trafikk, og bilane som kom tok svært godt hensyn. Desse småvegane følgjer sjølvsagt terrenget, og når terrenget har ei mengd med elver og bekkar (mange heiter beck), så blir det mange elveovergangar. Bruer er ein fin ting, og det var det mange av, men litt spesielt var det også at fleire plassar passerte ein elva ved hjelp av ein "ford", ein vadeplass, som på biletet. Nokre stader var det laga fotgjengarovergang ved sida, som vi bar syklane over, for når det hadde regna, var det ganske stor vassføring over fordane. Tørrare dagar såg vi tørrlagde fordar, til og med midt i landsbyar. 



Vi kjem nær naturen når vi syklar. Ei kjekk oppleving denne dagen var vesle harefrøken i vegkanten. 


Ei anna kjekk oppleving var hotellet: The Three Tuns i Osmotherley, i fleire samanhengande, nyrestaurerte gamle hus.Vi fekk rom med peis, liten gang ut til badet og direkte tilgang til salongen, alt i fin gammal stil. Og restauranten hadde same kvalitet. Kan anbefalast!


Osmotherley er truleg eit navn frå vikingtida: Åsmund sin rydning. Det var elles svært mange -by-namn på turen, kan nemne Swainby, Faceby, Kirkby, Ingleby, Great Buby. Antar by betyr det same som på norsk: Bu, by, bust (gard, bustad), og at i det minste ein del av namna opprinneleg er skandinaviske. Dessutan la vi som sagt merke til at elvene heitte beck, og dalane dale. I York heiter gatene gate, og ei elv heiter Foss. Vi er ikkje dei første nordmenn i dette distriktet, nokon var her for over 1000 år sidan. Dessutan var gamalengelsk eit germansk språk, og kanskje er det også ei forklaring på likskapen. 

tirsdag 3. august 2010

England: Appleby - Reeth 53 km

I den grad England har fjellovergangar, er strekningen mellom Appleby og Reeth over Penninene ein av dei. Sjølv om ein bare kjem seg opp på mellom 500 og 600 m.o.h., gir det aude og snaue preget ein viss fjellfølelse, og legg ein til vind og sauer, er fjellfølelsen komplett. Ein mellomting mellom Høgjæren og Hardangervidda, går det an å tenke seg det?

Vi forlot Cumbria og Lake District og kom inn i Yorkshire Dales National Park. 33 miles uten butikk, vi var varsla og hadde med niste frå siste større plass: Kirkby Stephen. Vegen var grei å sykle, men etterkvart forsto eg kvifor vi møtte så få bilar, vegen var skikkeleg smal, og spesielt nedover Swaledale etter fjellovergangen var vegen smal og kanta med solide steingardar (dikes) som gjorde passering vanskeleg.  Dessuten var det svært bratte heng, 20% opp eller ned fleire plassar. Litt stress å sykle, til og med nedover.

Det gjekk nesten for fort nedover gjennom dei pittoreske småstadane Keld (også namn på finare flaskevatn i England), Thwaite, Muker, Gunnerside og Low Row til Reeth,  kor vi tok inn på The Buck Hotel, som nok i våre auge var meir ein koseleg pub enn eit hotell.  Truleg på grunn av turismen er desse fjellbygdene tekne godt vare på.

Engelskmenn er flinke med stein. I Cumbria og øvre Yorkshire bruker dei stein til det meste: Hus, tak, gjerde. Biletet viser eit parti ca. frå Keld i Swaledale som viser det flotte systemet med åkrar avgrensa av steingjerder, og med ei høyløe av stein på kvar åker. Amatørteori: Å oppbevare høy i løa på åkeren er lettare enn å frakte det heim til garden, For alle husa som folk bur i ligg i oppi lia.

Lenger nede på flatlandet blir steingjerdene avløyst av hekkar.