Viser innlegg med etiketten Lura. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lura. Vis alle innlegg

søndag 25. november 2012

Rundtur Lura - Stavanger - Madla - Forus - Lura nesten bare på sykkelsti

Utsikt over Gandsfjorden mot aust
Laurdag 24. november kl. 12.15 - 16.15 var det opphaldsver med solgløtt, 8 - 9 grader og nesten vindstille. Sykkelen hadde stått i ro i garasjen lenge, batteriet på lykta og sykkelcomputaren var utlada, men kva gjorde vel det? Ut på tur før regnet kjem igjen! TUR! Ikkje transport til jobb eller treningsrunde.

Vi fann ein flott runde på ca 40 km, nesten alt på sykkelsti, eigen sykkelveg eller i lite trafikkerte gater. Veldig bra. Vi ser bort frå strekket vi måtte ta til og frå, langs Nordestraen, det er tragisk at det ikkje er blitt betre der.

I forklaringa bruker eg namn frå sykkelkartet for Nordjæren. Første delen av turen er for ny til å vere med på kartet, men han går langs jernbanen.

Velodromen over Tjensvollkrysset, bare for mjuke traffikantar
Forklaringa begynner på Lura, vi sykla Gamlevegen mot Lurahammaren frå nord. Til høgre ned Lurastø,  tok undergangen under jernbanen og sykla nordover på sykkelstien mellom jernbanen og Gandsfjorden. Vi passa på å nyte dette, det var bare flott. Heldt deretter til høgre etter Mariero stasjon, og sykla gjennom Vaulen badeplass, sjølv om merkinga viser på "innsida" av jernbanesporet akkurat der.

Steinsetting ved Møllebukta i Hafrsfjord

Det går an å ta seg ein bystopp i Stavanger, men vi sykla over gangbrua over Lagårdsveien, og kom inn på Indre Ring over Våland, passerte det gamle sjukehuset og Arkeologis museum. Ved Mosvatnet heldt vi til høgre og sykla Madlaruta. For første gomg sykla vi på den nye sykkelvelodromen over Tjensvollkrysset, sjå bilete, og vidare på brei sykkelveg til Madlakrossen.

Frå Madlakrossen tok vi nordover igjen, Madlaveien til Møllebukta, og inn på ny sykkelrute Hafrsfjordruta, som er nydeleg steinsett ut mot fjorden, sjå bilete.

I neste rundkjøring sykla vi sykla sørover over Grannessletta, ved Sørnes følgde vi skilting mot Forus (Sørmarkruta), under Nesbuvegen og inn på snarvegen mellom Sørnes og Forus som berre er for syklistar, fotgjengarar og rulleski (vi møtte to). På Forus skjer det store omleggingar heile tida, men det kjem til å bli veldig flotte forhold for syklistar på nordlege Forus. Litt verre var det i området ved Tvedtsenteret/ Elkjøp. Men når det var passert, var det fint langs Svanholmen og Vassbotnen. Endå betre blir det nå kollektiv/sykkelbrua over E39 blir ferdig (forsinka frå desember 2012 til vår 2013).

Vi sykla over E39 ved IKEA, på venstre side av RV44, og Stavangervegen retning Lura til slutt. Heile tida på fortau/sykkelsti. (Kaffe og dessert på Lura Turistheim passa godt før vi sykla gjennom trafikken på Nordestraen heim til Austrått.)






søndag 6. juni 2010

Langs dobbelsporet Sandnes - Stavanger


Vi prøvde i dag for første gong den nye gang- og sykkelvegen langs dobbelsporet frå Lura til Hillevåg (tur- retur, måtte bare sykle begge retningane). Det var sol og fint ver, og turen var bare fantastisk. Tenk at vi har slike perler her vi bur. Folk vi møtte bare smilte, i dag var det plass til både syklistar og fotgjengarar. Å byggje ein slik veg, som gir alle tilgang til å gå eller sykle sjøen, er ein flott ting. Eg reknar med at asfalt kjem på det som ennå er grus og at det blir skilta betre etterkvart. Men... blir det samanhengande turveg til Sandnes sentrum? Det hadde vore stort!

søndag 18. april 2010

Å sykle langs nye rv. 44 frå Lura til Skjæveland


Ein skulle tru at å sykle langs ein stor veg var triste saker. Men det er heilt feil. Den nye omkjøringsvegen frå E39 på Lura til Rv 44 på Skjæveland er planlagd og bygd med flott sykkelveg heile vegen. Det er ikkje bare ei asfaltert stripe, det er ein eigen veg, med mange avkjørsler og under- og overgangar, dammar, god støyskjerming og skilt. Til og med ei lita sykkelrundkøyring!

Først sykla vi sørover gjennom byggefeltet på Smeaheia. Vi stoppa ved ein dam med benker og grøntområde mellom vegen og husa. Frå Smeaheia kan ein to stader ta av på sykkelveg mot Soma, med undergangar under motorveg. Vidare sørover passerte vi Fredheim Arena, avkjøring mot Julebygda/Malmheim, Voll og sjølvsagt Skeiane og Sandve.

Vi observerte at følgjande lov gjaldt også her: Før ein bygger ein ny veg, skrik og protesterer dei som bur der, så kjem vegen, og så byggjer ein nye hus inntil. Det var verkeleg mange nye hus og stor byggjeverksemd der vi sykla forbi. - Og det verste av alt: Det blir sikkert triveleg å bu der! Støyskjerminga er så god at vegen truleg vil vere til lite plage. Han plaga ikkje oss då vi sykla, sjølv om det nok var ei mil langs vegen.

mandag 29. mars 2010

Sykle til jobben

Klokka stilt til sommartid, litt halvmørkt kl. 07.00, men det kom seg fort. Det viste seg at vegen mellom Austrått og Ullandhaug hadde blitt lengre og bakkane brattare i løpet av den kalde vinteren. Det var tungt, i regnklede og med litt motvind.

Eg sykla Strandgata - Lura Rv 44 - IKEA - over motorvegen og nordover derfrå. Det er fint å forsere Forus på sykkelstiane mellom forretningsbygga, det er fleire parallelle. Hadde litt trøbbel med å finne sykkelstien over til Sørnes, mykje graving, men fann han til slutt og kom meg då omsider på jobb: Nesten 1 time og 10 min. Rekorden er 52.

Blei henta. Syklar heim i morgon.