Viser innlegg med etiketten Sogndalstrand. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sogndalstrand. Vis alle innlegg

lørdag 9. oktober 2010

Ny sykkel?

Med Elkjøp og Hans kone i Sogndalstrand. Min gode sykkel i front.
Eg har lenge tenkt at alle dei fartsfantoma som fyk forbi meg på jobbvegen gjer det fordi dei er unge menn, streke og veltrente.  Eg har sykla der med min gode, nokså nye sykkel, som eg vann ein gong for fem-seks år sidan, godt utstyrt med bagasjebrett, solide skjermar, støtte, lykt, drikkeflaske, og ganske solid ramme også, og følt at eg hadde utstyret i orden! Men så var me på tur med Elkjøp og Hans kone. Elkjøp har trent mykje sykling i det siste, så det kunne aksepterast at han sykla lettare enn meg, men når Hans kone sykla frå meg i bakkane opp frå Rekefjord, då slo det meg at eg kanskje hadde litt tung sykkel. Det same tenkte Han der, han hadde også tung sykkel. Og Elkjøp var rask til å plante kjøpeidear i hovudet hans.

Han der utan skjermar
Dagen etter turen hadde Sykkelzentrum salg. Han der var kjapp, vips hadde han ny sykkel: Lett ramme, utan skjermar, støtte, lykt, flaskehaldar osv. Og vips, så sykla han frå Hu der. Han sykla bare det som "var naturleg i det giret", sa han, men det var ganske mykje fortare enn han pleier, og ikkje så koseleg for Hu der.

Dette er det tre løysingar på: At Han der alltid syklar sist, at Han der syklar med den gamle sykkelen på fellesturar eller at Hu der kjøper ny sykkel. Det er ikkje så lett for ei som er nøysomt oppdradd å kjøpe sin tredje sykkel når dei to første er heilt gode, og den siste (Brompton samanleggbar) er ny av året. Me får sjå.

I dag sykla me langs Stokkelandsvatnet, i Vagleskogen og i Sandvedparken i strålande haustver. Vagleskogen har vore joggeskog for oss, men det gjekk heilt fint å sykle. Vegane og stiane var godt vedlikehaldne.

søndag 5. september 2010

På tur i Sokndal

Sokndal er ein spesiell kommune. Han ligg i Rogaland, men er ein stor kontrast til Nord-Jæren. Når vi i Sandnes-Stavanger-området går for moderne effektivitet, så går Sokndal for cittaslow. Når vi i nord har vide flater, jordbruk og rette, breie vegar, har ein i Sokndal smale fjordar og bratte fjell, fiske, og svingete, smale vegar. På Jæren har ein rive gamle hus (riv raben), i Sokndal har ein teke vare på dei. - Bygda er eit ferieparadis, men eg visste ikkje at det var så fint å sykle der: Den ytre vegen mellom Egersund og Hauge er flott, der han går langs sjøen.

Sykkelturen denne gong starta i sentrum av Hauge i Dalane, først eit kort slag sørover langs rv. 44, deretter til høgre inn Hanebergveien. Idyll med ein gong langs elva, og endå meir idyll er det når ein etter kort tid kjem inn i den gamle hamna Sogndalstrand. I seglskutetida var det ei viktig hamn. Her kan ein gå på kafe, kjøpe kunst, og til og med overnatte. I amfiet er det spel kvar sommar, og det er konsertar.

Vidare kan ein sykle langs sjøen til Rekefjord, atter ein idyll, og ta av mot Egersund på nokså smal og lite trafikkert veg, Nordsjøruta. Mellom Rekefjord og Egersund er det eit strekk med grusveg.Vi snudde før vi kom til den, og sykla tilbake til Hauge, slik at vi fekk ein tur på ca. 2 mil. Flott tur i nydeleg ettersommarver! (Eller haust?)