Viser innlegg med etiketten Vestlandske hovedvei. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vestlandske hovedvei. Vis alle innlegg

lørdag 1. april 2017

Nærmiljø Moivika: Vestlandske hovudveg runde 20 km

Ein runde frå Moivika, nordover til Ogna, inn på Vestlandske hovudveg sørover til Hegrestad, ut på Rv 44 via Hellvik så tilbake til Moivika. Det blei 20 nokså krevande kilometer. Nokre kilometer på Rv 44, men tidleg laurdag er det ikkje så stor trafikk, og bilistane tek hensyn.


Me starta med ein kikk på den "nye" Ogna kyrkje, teikna av vår venn Erik Thesen. Kyrkja har ein eldre del som stammar frå 1250, blei seinare utvida, men brann ned etter lynnedslag i 1991. I 1995 blei kyrkja nyopna, med skip frå mellomalderen, med alter og preikestol som nøysltige kopiar frå 1600-talet, og ein moderne del med tilbygg på eine sida. Ei fin blanding av nytt og gamalt.

Etter Ogna kyrkje svinga me inn mot Hølland og kryssa Ogna-elva over Hølland bru, som er ei gammal steinbru laga til den vestlandske hovudvegen. Brua er 33,8 meter lang, har tre hvelv og blei laga i 1843 under leiing av Andreas Arnesen. (Biletet er henta på sandalsand.net)

Vidare inn gjennom Hølland gartneri og opp på sjølve vestlandske hovedveg. Vegen var tydelegvis under klargjering til Nordsjørittet. Den nordlegaste delen av vegen var klar, fast, jamn og fin. Seinare var han typisk "under arbeid", lausare og våtare. Nokre stader var oljegrusdekket tatt av, det var klargjering for meir oljegrus. Spesielt der Nordsjørittet har nedoverbakke, var det, eller ville det koma fast dekke. Sikkert nødvendig når fleire tusen syklistar ville koma i samla flokk. Det ser ut som arrangørane av Nordsjørittet har mektige vener, vegen blir godt stelt! Det er jo til glede for alle andre på tur.


Den vestlandske hovudveg var planlagd av danskar, som bygde vegar på flat mark. Då er nok den rette veg er den kortaste og beste. Men i "terrenget av Guds vrede" er den rette veg også ein ve-e-eldig kupert veg. Eg blir styrka i avgjerda om å ikkje sykle Nordsjørittet. Denne biten av rittet er årsaka. Eg bremsar i nedoverbakkane, dei er farlege. Eg vil ikkje ha 1000 ville syklistar bak meg då.


Me tok ein pause på gode benkar like før Hegrestad, og reflekterte over kor få folk som hadde tatt i bruk vegen denne dagen. Ingen andre enn oss.

Ikkje før det var sagt så kom dei to første syklistane, dei såg ut som dei trena til rittet. Like etter kom ei turgruppe med 30 - 40 vandrarar på vår alder, ganske gamle. Så vegen blir brukt. Det set me pris på.

Men det var ein på vegen me ikkje sette pris på, der og då, sjølv om han nok har like rett til å bruke vegen som me har. Det var bonden på Hegrestad som var ute med hevdaspreiaren for å gjødsle. Vegen er smal, traktoren tok heile vegen. Me trekte oss ut i vegkanten og håpa det beste, for spruten sto bort frå oss. Men ikkje alt. Delar av spruten sto rett opp, og hevd kom ut på vår side og. Lortsprut/ lortregn er ikkje kjekt. Me blei prikkete, syklane blei prikkete og sekken min blei prikkete.

Me sykla fort tilbake til hytta, kledde av oss direkte i vaskekummen i bua, vaska syklane og dusja grundig. Eg trur ikkje me luktar lenger, men den neonfarga sykkeljakken min (sjølvsagt den nyaste) har fått varige spor.

lørdag 2. juli 2011

Omvendt Nordsjøritt: Sandnes - Egersund 78 km

Å reise "med veret":

 Fredag bles det stiv bris frå nordvest, og tanken om å sykle i medvind til Egersund blei fødd. Motsett veg av Nordsjørittet, som fleire meiner går feil veg, fordi det er mest nordavind her i distriktet.

Ein kikk på yr.no viste at laurdag var betre enn søndag, og tidleg på laurdagen betre enn seint. (Regnvarsel).

Rast på Nordsjøruta på Brusand
Derfor glei me avgarde 8.45 frå Austrått, langs kjende vegar til Bryne. Vindstille, så tidleg på dagen, flott! Vestsida av Frøylandsvatnet er bra i all slags ver. Så sykla me gjennom Bryne, fann ikkje vegen til Hognestad som me hadde tenkt å ta, kom   i staden ut på rv 505. Men det var ikkje noko problem med trafikken, for det var sykkelsti nesten heile vegen til Varhaug.

På Varhaug ville me ha kaffe og is: Ingen kafe, men MIXen redda oss. Nå begynte det heldigvis å blåsa litt, så me fekk nyta medvinden til Vigrestad, på traseen til Nordsjøruta som me kom inn på der. - I dette jordbrukslandskapet som ligg litt inn frå havet, er det etterkvart fleire skogdottar og mykje tre, til dels store og gamle tre. Det luner, og det forblåste inntrykket er ikkje så sterkt.

Nordsjøruta går heilt nede på stranden etter Ogna Camping
Ved Brusand kryssa me både jernbane og veg og sykla på ein smal sti langs Hitlertennene - gjennom Ogna Camping og ut mot havet. Det er fint, sjå bilete.


Her har det gått tog! Mellom Hellvik og Egersund

Vegen vidare: Ogna - Hølland - Vestlandske hovudveg 6 - 7 km til Hegrestad. Gamle Vestlandske hovudveg er spennande. Det var den første vegen bygd for kjerrer i Rogaland, og ein del av vegen frå Oslo (Christiania) til Stavanger. Dei første planane om ein slik veg var frå 1700-talet, men denne delen sto ferdig i 1840-åra, bygd av dei lokale bøndene som pliktarbeid. Først som rideveg ca. 1810, utvida rundt 1820 for karjol. - Vegen går rett fram, opp ein bakke og ned ein bakke, slett ikkje utanom noko som helst. På oppslag langs vegen er det to forklaringar på dette: At arkitekten var dansk, og at det var viktig å få vegen så kort som mulig for å gjere han billig. Eg kan jo i tillegg tenkje meg at planar frå 1700-talet gjerne var planar med rette linjer, frå klassisismen og rasjonalismen: Som Kvadraturen i Kristiansand, som delar av Oslo, til og med Sandnes har rette linjer i den eldre bykjerna.

Etter seks mil på sykkelsetet var det heilt greit å gå av og trille i oppoverbakkane. Litt nifst i laus grus nedover, men det gjekk bra. Då var det herleg å koma ut på asfalt på Rv44, men her var det trafikk, så me tok av i retning Maurholen golfbane, og her var det asfalt for golfspelarane og hyttefolket.


Ny sykkelbru på turvegen inn mot Egersund.

Endeleg fann me turvegen frå Hellvik til Egersund som går på i den gamle jernbanetraseen. Den har eg lengta etter å sykle på, og eg blei ikkje skuffa. Sjølv om det låg ein jernbanetrase til grunn, med tunnel og steinfyllingar, er det gjort eit stort arbeid med jernbaneovergangar, ekstra strekk her og der, og ikkje minst sykkelbrua inn mot Egersund.  Flott natur langs havet, mange utsiktsplassar, fast grus og godt å sykle, og over 20 grader. - Kjempeflott!

Me tok toget heim, og vel heime hadde me sykla 80 km. Då eg var i dusjen, kom regnet. Snakk om verklaff!