Viser innlegg med etiketten Runkeeper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Runkeeper. Vis alle innlegg

søndag 20. mai 2012

Nordsjøruta Sandnes - Sola - Bore + Kleppe og heim 54 km

Her er dagens rute på Runkeeper.

Vi fann skilta for Nordsjøruta, versjon 1B, på Stangeland i Sandnes, "bak rådhuset". I staden for å sykle på sykkelsti langs trafikkert veg over Soma, tok Nordsjøruta oss gjennom byggefelta på Stangeland, over rv. 44 til Malmheim, langt strekk på grusveg utan trafikk. Ut på Jutlandsvegen, også med lite trafikk, deretter over myrene på KIllinglandveien - litt søndagstrafikk der, og ut til sjøen: Ølberg, Vigdel og Hellestø. Veret blei bare betre og betre, og Nordsjøruta var godt skilta og lett å finne. Over i Klepp var skiltinga ikkje like god, men lokalkjennskap hjelpte: Sele, over hengebrua til Bore, ein tur ned i sanddynene, frå Bore mot Kleppe. Ved vegen til Horpestad sa me farvel til Nordsjøveien og sykla til Kleppe, og derfrå heim til Sandnes.

Nordsjøvegen er framleis ikkje den raskaste vegen mellom to punkt, men svært fin og opplevelsesrik. Ved Vigdel passerer han helleristningar, vi syklar på stranden osv. - Hadde "the missing link" av vegen langs stranden vore klar, hadde det vore endå finare, men det skal kome: Til Aftenbladet sitt oppslag om dette.

Mange blide folk å sjå langs vegen i fint ver. Syklistar, joggarar, folk som gjekk og tålmodige bilistar.

søndag 6. mai 2012

Runkeeper - eit nytt, kjekt leiketøy - eller nyttig verktøy?

I dag har eg brukt appen Runkeeper for første gong til å få kart over løypa vi syklar. Eg lasta ned appen på Iphone (gratis), fekk ein epost og registrerte meg, og vips, så kunne eg bruka han på søndagsturen. Me sykla på sykkelsti utanom bilveg, i Sandvedparken og langs det gamle jernbanesporet frå Foss-Eikeland til Bråstein. Utfordringa var om Runkeeper kunne følgje oss utanom bilveg. Det gjorde han. Me fekk ei nøyaktig kartteikning av kor me hadde sykla, sjå biletet. GPS er ikkje dumt!

Runkeeper kan gjere mykje meir enn å teikne kart. Han (ho) snakka kvart femte minutt om kor langt eg haddes sykla og kor fort, det same får eg diagram om. Vil eg ha meir, kan eg kjøpe tillegg og få måle puls og få det meste. Eg syns det er strålande å få kart!

Ei skjult perle - sykkelstien langs den gamle jernbanen frå Foss-Eikeland til Ålgård.