Viser innlegg med etiketten Hellvik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hellvik. Vis alle innlegg

torsdag 27. juli 2017

Moivika nærmiljø: Helvik - Egersund t/r 32 km

Igjen ein fin tur til Egersund, fra hytta i Moivika, Rv 44 til Hellvik og inn på gamle jernbanen. Mange stopp og god lunsj på Mocca i Egersund (nypilla reker i ein stor haug på ferskt brød). Ganske mange som nytta dagen på tur, etterkvart. Under ser vi Maurholen gamle stasjon, han har åpen kafe i helgene om sommaren. 



Heim tok med vegen inn like etter Joker på Hellvik og ein skogsveg (noko gamal jernbane) til Egersund Granitt sitt uttak, derfrå ned til Sannarnes. Litt kortare på den smale bilvegen.


torsdag 25. mai 2017

Nærmiljø Moivika: Egersund Granite - Hellvik 15 km

I dag gjorde me ei kjekk oppdaging: Det går an å sykle opp frå Sannarnes mot Egersund Granite, ta til høgre når ein kjem til bommen til steinbrotet og kome inn på ein skogsveg som fører til eit større turområde aust for jernbane og Rv44. Dette området er lett å kome til med bil dersom ein kjører inn til venstre like før Hellvik Joker. Mange av stiane er nok først og fremst for fotgjengarar, men vi kunne sykla heile vegen frå bommen og ut til riksvegen i fin skog. Eit stykke gjekk den vegen vi sykla på tydeligvis på den gamle jernbanetraseen.  Då var vegen god å sykle på.

Biletet er frå ein annan tur, då vi stakk opp til steinbrotet til Egersund Granite - på eige ansvar.

For å gjere sykkelturen litt lengre, sykla vi inn i Hellvik og ut i Trosavika. Veldig fint, og lite trafikk på vegen. Då blei samla tur 15 km.

søndag 30. april 2017

Nærmiljø Moivika: Hellvik - Egersund på den gamle jernbanen 30 km t-r

I dag blei det sykkeltur tur-retur Egersund. Fra Moivika sørover langs Rv 44 til skilt Hellvik stasjon, inn til turvegen gamle jernbane. Den kom på det som var den smalspora jernbanen til Egersund, bygd i perioden 1874 - 1878. Den gamle jernbanen slynga seg i det sterkt kuperte landskapet for å unngå så mange tunnelar. Likevel var det behov for både høge fyllingar og sprenging i landskapet. I den gamle traseen er det ein liten tunnel, men ei flott fylling laga av steinar som er håndkilte. Imponerande arbeid.



Då banen blei gjort breispora, blei mykje av banen lagt i tunnelar, men noko av banen ligg framleis i den gamle traseen. Det betyr at sykkelvegen nokre stader er fin og flat, men seks stader går han utanom, over eller under den nye. Det betyr for syklistar og fotgjengarar sterke, bråe stigningar og nedstigningar, slik at turen blir litt krevjande. Tur-retur Moivika-Egersund i vind frå sør gjorde to gamlingar ganske forblåste og trøytte på ein god måte.




Landskapet er skog og fjell. Anortositt-fjell er eit snaut fjell, likevel er det her blitt skog og lunt. I eldre tider var det mange stasjonar på jernbanane. Nedlagde Maurholen stasjon (holdeplass) ligg mellom Hellvik og Egersund, midt i skogen. Det viser seg at denne stasjonen betente Eigerøya før øya fekk bru. Eigerøyfolk kom med båt til vika nedanfor stasjonen. Då Eigerøy fekk bru, blei  stasjonen nedlagd og bygningane blei feriestad for tilsette på jernbanen. I fin stad i skogen med tilgang til sjø og vatn. Nå er det festlokale til utleige, med ei fin grasslette framfor. Vi ser at det er ein mykje brukt rasteplass.

Turstien er ei perle, både for dei som kjem frå Egersund og går delar av ruta, og dei som tek heile turen. Stien åpna i 2005, og avgjerande for heile strekket var brua like nord for Egersund, konstruert av lærlingar ved Aker Solutions. Det er mange rasteplassar, delvis møblerte med bord og benker gitt av organisasjonar.




søndag 5. juni 2016

Nærmiljø Moivika: Hellvik



Skadbergvågen? ved Hellvik. Sørlandet neste!

Tur 2 gjekk sørover, utforsking av Hellvik, som hadde mykje meir å by på enn eg trudde. For det første er det ganske stort, med industri, fleire byggefelt og nybygg. Me tok av RV 44 inn mot Hellvik havn, sykla gjennom havneområdet og utover Trosavigvegen og kom til idyll etter idyll på "utsida" av Hellvik, turveg, badestrand, skjærgård og hytter. Hurra for norsk strandlov som gjer at hyttene er bygde eit  stykke frå strandkanten, slik at det er mogleg å ferdast for alle ut mot havet.


Tilbaketuren gjekk gjennom ganske store,velstelte byggefelt, deretter ut på RV 44 og raskt tilbake til hytta. Lengde 14 km. Det hadde vore mogleg å sykle Vestlandske hovudveg til Ogna dersom vi ville ha hatt ein lengre tur. Men Han der måtte heim og slikke såra sine frå gårsdagens velt.

Nærmiljø Moivika: Sirevåg - Ogna - Brusand


Med ny hytte i Moivika i heilt sør i Hå, på grensa til Egersund, må det bli meir sykling i Norge ei stund, og mindre i utlandet. Første helga i juni kom med eit fantastisk ver, over 20 varmegrader og nesten ikkje vind. Me lasta syklane på bilen og var klar for først å utforske nærområdet rundt hytta.


Tur 1 gjekk nordover til Sirevåg, Ogna og Brusand. Hytta ligg slik at vi alltid må sykle litt på Rv 44, og det er ikkje så kjekt. Men trafikken er ikkje så stor, og bilistane tek hensyn. Vi utforska Sirevåg, som er mykje meir enn det vi ser langs vegen, med mange nye hus og levande industri tilknytta sjøen, og litt turisme. Etter Sirevåg er det flott sykkelsti, og før vi kjem til Ogna, ved Vedafjell, er det gang- og sykkelvei på vestsida av jernbanen og heilt ned mot sjøen til Ogna Camping. Finfin turveg og fine badeplassar.  Sidan vi ikkje ville ha så lang tur, sykla vi tilbake same vegen, utan å ta turen om Sirevåg. Heile var 22 km, og gjekk heilt fint til Han der sklei på grusen på parkeringsplassen i Moivika og måtte doktorerast  på tre skrubbsår med mykje grus i. Men det gjekk godt.
Strand mellom Ogna og Brusand.
Sirevåg konferansesenter

lørdag 2. juli 2011

Omvendt Nordsjøritt: Sandnes - Egersund 78 km

Å reise "med veret":

 Fredag bles det stiv bris frå nordvest, og tanken om å sykle i medvind til Egersund blei fødd. Motsett veg av Nordsjørittet, som fleire meiner går feil veg, fordi det er mest nordavind her i distriktet.

Ein kikk på yr.no viste at laurdag var betre enn søndag, og tidleg på laurdagen betre enn seint. (Regnvarsel).

Rast på Nordsjøruta på Brusand
Derfor glei me avgarde 8.45 frå Austrått, langs kjende vegar til Bryne. Vindstille, så tidleg på dagen, flott! Vestsida av Frøylandsvatnet er bra i all slags ver. Så sykla me gjennom Bryne, fann ikkje vegen til Hognestad som me hadde tenkt å ta, kom   i staden ut på rv 505. Men det var ikkje noko problem med trafikken, for det var sykkelsti nesten heile vegen til Varhaug.

På Varhaug ville me ha kaffe og is: Ingen kafe, men MIXen redda oss. Nå begynte det heldigvis å blåsa litt, så me fekk nyta medvinden til Vigrestad, på traseen til Nordsjøruta som me kom inn på der. - I dette jordbrukslandskapet som ligg litt inn frå havet, er det etterkvart fleire skogdottar og mykje tre, til dels store og gamle tre. Det luner, og det forblåste inntrykket er ikkje så sterkt.

Nordsjøruta går heilt nede på stranden etter Ogna Camping
Ved Brusand kryssa me både jernbane og veg og sykla på ein smal sti langs Hitlertennene - gjennom Ogna Camping og ut mot havet. Det er fint, sjå bilete.


Her har det gått tog! Mellom Hellvik og Egersund

Vegen vidare: Ogna - Hølland - Vestlandske hovudveg 6 - 7 km til Hegrestad. Gamle Vestlandske hovudveg er spennande. Det var den første vegen bygd for kjerrer i Rogaland, og ein del av vegen frå Oslo (Christiania) til Stavanger. Dei første planane om ein slik veg var frå 1700-talet, men denne delen sto ferdig i 1840-åra, bygd av dei lokale bøndene som pliktarbeid. Først som rideveg ca. 1810, utvida rundt 1820 for karjol. - Vegen går rett fram, opp ein bakke og ned ein bakke, slett ikkje utanom noko som helst. På oppslag langs vegen er det to forklaringar på dette: At arkitekten var dansk, og at det var viktig å få vegen så kort som mulig for å gjere han billig. Eg kan jo i tillegg tenkje meg at planar frå 1700-talet gjerne var planar med rette linjer, frå klassisismen og rasjonalismen: Som Kvadraturen i Kristiansand, som delar av Oslo, til og med Sandnes har rette linjer i den eldre bykjerna.

Etter seks mil på sykkelsetet var det heilt greit å gå av og trille i oppoverbakkane. Litt nifst i laus grus nedover, men det gjekk bra. Då var det herleg å koma ut på asfalt på Rv44, men her var det trafikk, så me tok av i retning Maurholen golfbane, og her var det asfalt for golfspelarane og hyttefolket.


Ny sykkelbru på turvegen inn mot Egersund.

Endeleg fann me turvegen frå Hellvik til Egersund som går på i den gamle jernbanetraseen. Den har eg lengta etter å sykle på, og eg blei ikkje skuffa. Sjølv om det låg ein jernbanetrase til grunn, med tunnel og steinfyllingar, er det gjort eit stort arbeid med jernbaneovergangar, ekstra strekk her og der, og ikkje minst sykkelbrua inn mot Egersund.  Flott natur langs havet, mange utsiktsplassar, fast grus og godt å sykle, og over 20 grader. - Kjempeflott!

Me tok toget heim, og vel heime hadde me sykla 80 km. Då eg var i dusjen, kom regnet. Snakk om verklaff!