Viser innlegg med etiketten Whitehaven. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Whitehaven. Vis alle innlegg

mandag 22. juli 2013

Whitehaven - Silloth 28 miles - 45 km

I Whitehaven finn ein ikkje restar etter romarar direkte i byen, men det var eit fort 1,9 km utanfor bysenteret, i Parton. Men vikingar slo seg ned i Whitehaven i det tiande hundreåret. Det moderne Whitehaven byggjer på kolutskiping, særleg til Irland, frå 1600-talet og utetter til 1800-talet, då større hamner som Bristol og Liverpool tok over mykje av trafikken.

Spesielt for byen er at han er planmessig bygd, med gatenettet som eit rettvinkla nett. Det blir spekulert om Whitehaven var modell for byplanen til New York.

Whitehaven: Glenard Guesthouse var ok, men ikkje spesielt, og veldig tradisjonelt i maten, full English breakfast for begge, speilegg, bacon, bønner, pølse, steikt tomat, sopp og toast. Men ikkje blodpudding. 

Ut av Whitehaven var det igjen jernbanepreg heilt til Maryport. Først langs sjøen ganske langt til Parton, deretter litt inn i landet med ein og annan bakke, og renne ned til Workongton, slik toget ein gong gjorde. Me hadde tnkt å sykle ned til fyret ytst i Workington, og drikke kaffe, men plutselig var me forbi avstikkaren, og på vegen til Maryport, sjå under. 
Så godt merka er HCW mange stader, det burde ikkje vere mogleg å ta feil... 
Vi traff eit par i Whitehaven som anbefalte Maryport på det sterkaste, og ikkje minst lunsj på Curson grill. Det er mulig vi er litt kresne, Maryport var ok, men litt slitt og litt fordums, og Curson grill var etter vår meining ganske ordinær, grei nok, god service, men med mykje majones... I Maryport fekk vi med oss museet frå romartida. Maryport var ein stad kor det blei lasta inn korn frå Sør-England til troppene i Nordvestengland. Museet låg like ved utgravingsområdet, og vi kunne sjå former i landskapet som viste kor murane hadde vore. 


Fram til Maryport var sykkelvegen svært bra, både lettsykla og stort sett utan bilar. Etter Maryport blei det verrre, vi mått sykle ganske mange km på bilvegen. Landskapet langs sjøen er flott, men når eg syklar på smal bilveg i England, går det unna, og naturen blir ikkje beundra på same måten som elles. 


Heldigvis svingde 72 omsider inn på landevegar. Det var litt vind, men omtenksomme bønder har planta hekkar langs vegane, så det sjenerte oss ikkje så veldig. Litt vind var også godt og friskt, det er varmt i England i juli 2013. 

Silloth er ein nokså liten stad, og vi bur på B&B igjen: Nith View

torsdag 18. juli 2013

Hadrianmuren: Ravenglass - Whitehaven 32 km


Ravenglass, utgangspunktet for Hadrians sykkelveg, er ganske langt sør for sjølve Hadriansmuren. Forklaringa på at turen startar i Ravenglass, er at staden i 300 år var ein romersk garnison (castra) med 500 soldatar, og då var ein del av same forsvarsystemet som Hadrianmuren. Namnet var i romersk tid Glannaventa. Romarane fekk inn forsyningar til soldatane sine i nordvestengland over Ravenglass, og frå staden gjekk det ein romersk veg over Hardknottpasset til det romerske fortet i Ambleside. I dag er einaste resten etter romarane eit bad, Walls Castle.

I dag har landsbyen under 1000 innbyggjarar. Hovudattraksjon er den nedlagde jernbanen Ravenglass and Eskdale Railway.  Vi bur i Bay Horse Bed & Breakfast, eit restaurert vertshus kor farande tidlegare tok inn for å vente på lågvatn, slik at dei kunne kome seg over Esk-vadestaden (ford). Tre elver møtest i Ravenglass: Esk, Irt og Mite. Kastar ikkje bort energi på lange elvenamn der på staden.


Hadrians sykkelveg starta ved det romerske badet. Vi forsto ikkje heilt av kartet kor vi var, så vi sykla opp til badet og snudde og sykla same vegen tilbake. Då vi komnedover igjeb, såg vi skilta som viste inn på ein smal sti, langs jernbanesporet. Stien, som var akkurat brei nok for ein, gjekk over ei bru og vidare langs stranda.Det var flott å sykle der, bare vi og havet. Underlaget varierte, grus, utlagde plastmatter som gjorde laust underlag stabilt, murplater og asfalt, relativt seinsykla. Nokre stader var det plutselig heilt laus sand, vanskeleg å sykle, men det gjekk utan uhell.

Midt i det flotte strandlandskapt dukka Sellafield atomkraftverk opp, heilt usjarmerande, men sikkert bra for energitilførselen i Engalnd, og sysselsettinga i området her. Rett utanfor kraftverket var det naturvernområde og fuglereservat. 

Vi kom gjennom fleire pittoreske landsbyar på turen: Drigg, Seascale, Beckermet og byrn Egremont. Overalt blomar, i hagar og ville langs vegen. For det meste gjekk turen på eigne sykkelvegar eller småvegar, ein gong ut på ein større veg, men der var det sykkelsti. Ved Egremont og inn mot Whitehaven dukka det umisskjennelege preget av nedlagd jernbane opp: Fyllingar, over- og undergangar og rette strekk. Igejn ein nedlagd jerbane, og igjen ein nedlagd jernbane omgjort til sykkelveg, denne gong Whitehaven, Cleator & Egremont railway frå 1856.

I åra midt på 1800-talet blei det bygd minst åtte jernbanestrekningar i området hovudsakleg for å frakte kol og jern frå gruvene i området. Allerede då jernbanane sto ferdige, minka gruvedrifta, og i løpet av 1900-talet blei dei nedlagde. Sustrans starta eit stort arbeid her med å bruke desse jernbanestrekka til grunnstamme i eit samanhengande sykkelvegnett tvers over England: C2C. 

Ved Egremont mista vi ruta ein stad. Vi fekk straks hjep av forbipassserande, den første ga oss villedande hjelp, men den andre sykla framfor oss og hjelpte oss inn på sykkelvegen igjen. Kjekke engelskmenn. 

Ruta er veldig kort, så for ikkje å kome for tidleg fram, tok vi lunsj i havna i Whitehaven for vi kom oss oppover bakkane til Glenard Guesthouse. Lyst og romslig rom, stor, flott hage, men nok meir tradisjonelt b&b enn dagen før. I fint ver ser Whitehaven ut som ein heilt annan by enn de vi opplevde sist gong vi var her. Vi avslutta dagen med eit utmerka måltid med superlokal sjømat på The Waterfront, kan anbefalast. www.waterfrontwhitehaven.co.uk