Viser innlegg med etiketten Pont du Gard. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pont du Gard. Vis alle innlegg

søndag 11. oktober 2015

Haustferie 2015 i Provence

F
Haustturen i år går til Provence, eit område vi har sykla i tidlegare, men både ruta og selskapet vi kjøper turen gjennom, France Bike, er nytt.

Traseen er Avignon - Arles - Saintes-Marie-de-la-Mer, St. Gilles, Pont du Gard - Uzès - Pont du Gard (sløyfe) - Avignon. Det vil seie at tre monument på UNESCO si verdsarvliste fins på turen: Pavepalasset i Avignon, heile byen Arles med mange manument frå romartida og middelalderen, og aquadukten Pont du Gard.
Blir flott å oppleve dette igjen!

Vi kjem til Avignon med direktefly til Paris, dette blir ein av dei siste turane for direkteruta Stavanger - Paris med Air France. Frå Paris tar vi hurtigtog, TGV, til Avignon. Tre timar frå Paris til Avignon er ikkje verst, det er ganske langt.

Pilfinner og Lille rektor er med, og denne gongen er det ikkje noko GPS-tull, så Pilfinnar vil kunne utfalde seg igjen.

Hotel Bristol ligg i sentrum i Avignon, ein by med 90 000 innbyggarar (300000 med omland). Byen er mest kjend for at han var paveby på 1300-talet, og pavepalasset ruvar godt i bybiletet. At paven flytta frå Roma i ein periode, gjekk sjølvsagt inn i eit spel om makt. Kongen av Frankrike var med, dei rike Tempelriddarane og. 

Denne gongen har me bestilt halvpensjon. Me har gode erfaringar med at operatøren finn restaurantar. Det slo til, No 26 med 11 bord var svært bra, både på mat, miljø og service.



Rundtur Pont du Gard - Uzès 40 km

Hu der hugsar eit bilete av eit flott byggverk frå romartida i geografiboka si frå barneskolen på sekstitalet, og tenkte vel aldri at ho ein gong skulle sykle over brua på biletet! Men slik har det blitt med dei rike nordmennene, dei flaksar rundt i verda og ser det meste.
 - Pont du Gard er bare eit fantastisk byggverk. Lille Rektor og Hu der sykla både fram og tilbake over brua, og fekk med seg både film og multimedieshow med god del opplysningar om bygginga og korleis forholda var då brua blei bygd.
 Viadukten over elva Gard er den største, men bare ein av mange dalpasseringar for den 50 km lange vannrenna som gjekk frå Usèz til Nimes. Vatnet blei ført til Nimes slik at romarane som hadde flytta dit kunne bade, og alle i byen kunne få drikkevatn. Kanalen blei ferdig nokre år før null, og blei brukt i over 500 år. Sjølve Pont du Gard er 360 m lang og 50 m høg. Steinane blei hogde til i området og så heiste på plass. Når siste stein i bogen blei kilt på plass, skulle bogen bere seg sjølv og stillaset under kunne takast bort. Her måtte det reknast og hoggast nøyaktig!
Elles gjekk turen i dag fram og tilbake til Usèz i ei sløyfe, i nordaustskråning til byen og i sørvestskråning frå byen. Det betydde god utsikt over det frodige, bølgande lanskspet med sypressar og vinmarker. Uzès er ein fin by, kjend for å teke imot både jødar og protestantar i tider dei har vore upopulære. Dessutan ein fin by med vakre bygningar og plassar.

Tilbake las Hu det kart, og lokka dei andre inn på ein veg utanom løypa for å unngå trafikk. Den alternative vegen var også merka som sykkelveg. Det gjekk veldig fint ei lita stund, men plutseleg fekk me svaret på kvifor me skulle ha sykla på hovudvegen, det meste av sykkelstien var rast ut, sikkert i ein flaum, og ikkje bygd opp at. Det gjekk trass alt å få syklane over avgrunnen og inn på betre veg. Deretter gjekk det susande tilbake til Pilfinnar som måtte stå over denne dagen på grunn av sjukdom. Greit av vi ikkje skifta hotell akkurat denne dagen.


søndag 27. september 2015

Saint-Gilles - Remoulins (Pont du Gard, 52 km)

Regnet forsvann, men nordavinden kom. Og me sykla nordover, ein ganske krevande dag, altså.
Først litt meir  sykling på flatmarkene med mange kanalar, mellom anna kanalen frå Sete til Rhone / Camargue (98 km). Det var herleg med kaffe ved kanalen etter å ha sykla gjennom svære floar som låg igjen etter gårsdagens regn (det vi aldri såg noko til) 
Under - siste rest av floane, fekk ikkje tatt bilete midt i sorpå, men eg skal lova det spruta. 

Straks landskapet begynte å stige, møtte vi vinmarkene, og byane kom tettare og var meir velstelte enn nede på flatlandet. Velstanden følgjer vinen, og vinranker er det mange kvadratkilometer av, sjå under.
Det var også litt fruktmarker i området, for eksempel kirsebær, eple og granateple. 

Men, vi har i dag måtta revidere forestillinga vår om at det er lett å få kjøpt mat i tida mellon 12 og 14 i alle byar i Frankrike. Jonquieres St-Vincent låg akkurat passe til i løypa for lunsj. Nå hadde vi hatt pique-nique to dagar, og ville gjerne sitje ved eit bord i ein restaurant og ha god lunsj. Vi fekk sitje, ved eit lite bord utanfor ei salsvogn midt i markedshallen utanfor Jonquieres saman med dei to søte barna til han som laga hamburgarar for oss. Og det var verkeleg herlege hamburgarar, men ikkje akkurat slik vi hadde tenkt, med serviettar og plastbeger som måtte reddast etterkvart som dei fauk av i vinden.

Så plutseleg var vi framme. Dei varsla 60 km hadde blitt 52, det passa godt. 
Hotellet Le Colombier er gammalt, men velhalde, og serverer ikkje vin utanom måltida. Spesielt i Frankrike. Velkomstdrikken blei kaffi og vatn. Like godt det, midt i vinlandet. 

lørdag 14. mars 2015

Pont-du-Gard igjen. I haustferien 2015.

Ein av dei verkeleg store turopplevingene var då me for nokre år sidan hadde ein sykkeltur kor traseen gjekk over den fantastiske brua Pont du Gard frå romartida. Nå skal me over brua igjen, i haustferien, saman med Lille Rektor og Pilfinnaren.

Brua ligg i Frankrike, Provence, og turen går slik: Avignon - Les Beaux - Arles - Saintes-Marie-des-la-Mer, Saint-Gilles, Pont du Gare, Uzés- Avignon. Vi måtte finne ein ny operatør, Pedalo si reise i dette distriktet i denne perioden var fullbooka (båt med 22 plasser). Me får håpe at France Bike er like solide som Pedalo. Sykkelturisme har blitt stort på kontinentet, og det er mange seriøse operatørar.

Denne gongen skal me prøve halvpensjon igjen. Me har hatt gode erfaringer med dei vala av litt bortgøymde restauratar operatørane ofte har gjort.

tirsdag 30. mars 2010

Provence, Frankrike

At sykkelruta vår gjennom Provence gjekk over Pont du Gard (biletet) var bare typisk for denne turen. Minne etter romertida, frå den tida då Provence var Provincia, var det overalt. Det romerske amfiteateret i Arles og det store teateret i Orange var begge fantastiske. Pavepalasset i Avignon var frå seinare tid, 1300-talet, men ikkje mindre imponerande. Uzés var ein fin mellomalderby som var koseleg å vere i.

Utanom byane var landskapet rikt: Vinmarker, vinmarker og vinmarker, salat, tomat, kirsebær, oliven, frukt. Valmuene blomstra for oss i mai, seinare kjem lavendelen. I Camargue, lengst ute mot havet, var det våtmark og rismarker. Fuglar, hestar og gras.

Ruta var slik: Orange - Avignon - Arles - rundtur i Camargue - Tarascon - Uzès - Orange. Kjøpt av Pedalo (er nå seniorkundar eller noko slikt) og operert av Rückenwind.

Om operatøren Rückenwind: Vi kom etter infomøtet hadde vore, og mista litt. Det var også
ein feil i vegvisaren på engelsk, det mangla ein null. ( 30 blei til 3). Heldigvis blei vi redda av tyskarar, legane Heike og Bernd, som hadde tysk beskrivelse. Men syklane var gode, servicen elles var det, hotella bra, og ikkje minst maten og vinen... Vi hadde halvpensjon og fekk maten i kjekke, små restaurantar. Eg legg på meg litt på slike reiser, sjølv om eg syklar 5 - 6 mil om dagen i kupert terreng!

Å sykle i Sør-Frankrike i mai er bare bra. Bare bra!!