Viser innlegg med etiketten Voie verte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Voie verte. Vis alle innlegg

onsdag 6. juni 2012

Verdens lengste sykkeltunnell - Cluny - Mâcon - 35/47 km


Igjen ut på Voie Verte, i hovudsak det gamle jernbanesporet, men fleire stader er sporet brote, og då fekk vi merke det kuperte terrenget, i kontrast til det utjevna sporet.

Mykje natur:
Det var ikkje snø, men mengder av frø som gjorde sykkelstien bomullskvit.

Mest spesielt var det å sykle gjennom den 1,6 km lange tunnellen Tunnel du Bois Clair, den lengste sykkeltunnelen i Europa. I den fans det verneverdige flaggermus, og i periodar er tunnelen stengd for å verne desse. Herleg og friskt å sykle, godt opplyst, og med svært godt sykkelunderlag. Kanskje litt nedover, der gjekk raskt å trille gjennom.


Ellers flott og grønt landskap, både vimarker og anna jordbruk, og noko skog. Og landsbyar. Fantastisk natur.

I Prisse fann Pilfinnersken og Han der kooperativet si vinsmakaravdeling, og kom ut med verdens beste kvitvin, Pouilly-Fuissé. Etter vinsmaking sykla dei kortaste vegen til mål, det vil seie Voie Verte til Macon. Macon har fin promenade langs elva Saône.

Ørnulf og Hu der tok omvegen om vinmarkene i Fuissé, der Pouilly-Fuissé og andre gode vinar blir dyrka. Fantastisk og magisk å kome opp til dei små landsbyane med vinstokkar absolutt overalt i skråningane. Etter kloke overlegningar fann dei ut at nokre av desse druene måtte plukkast for hånd. Og at det nok har lønna seg i mange generasjonar å lage god vin, det var stor velstand.

Dag 1 - 3 på denne turen er mellom dei finaste etappane vi har sykla. 95 prosent av tida har vi sykla på eigne sykkelvegar i ein fantastisk natur mellom vakre landsbyar. Lett medvind og fin temperatur, sol heile tida. 




Voie Verte: Chalon-sur-Saône - Cluny 40 km



Kviledag for kartlesarene. 


Fantastisk sykkelsti: frå jernbanestasjonen i Chalon er det eigen sykkelsti, med lyskryss og eiga skilting ut av byen ca 1 km før han går inn på Voie Verte, som denne dagen låg på ein nedlagd jernbane. Rett strek på kartet.

I tillegg til at det var lett å finne fram, var løypa vedlg lettsykla, jernbanen er mest mulig rett, går nokre stader høgt på fylling over terrenget, og er nokre stader graven ned. Vi passerer små og store nedlagde jernbanestasjonar, flott.












Denne dagen hadde vi god tid, og spanderte tid på restaurantlunsj og på slottshagen til slottet Cormatin, i Louis XIII-stil, med hekklabyrint og buskar klipte som høner og andre små dyr. Flott

Hotellet i Cluny, Hostellerie d´Heloise, låg like ved den gamle jernbanestasjonen, det var lett å finne, og hadde sjel, spesielt Ørnulf syntes det. Det var gammal knirkeparkett og gammal stil, god mat og hyggelige folk. Men det mangla heis og AC, og det blei varmt om natta!! 


Staden Cluny var verdt eit lite besøk også, med fin hovudgate og klosterruinar. 




torsdag 31. mai 2012

Mellom vinrankene i Bourgogne: Beaune - Chalon-sur-Saone 45 km


Ørnulf, Pilfinnersken, Han der og Hu der starta sykkelturen på Hotel Panorama Beaune utanfor Beaune. Hotellet låg midt i vinmarkene, og vi sykla rett ut i dei. 800 m etter hotellet svingde vi inn mellom to murgjerder, og der var vi, litt oppe i lia, snirklande mellom vinmarkene frå landsby til landsby. Vinrankene i Bourgogne er ganske låge, og dei kjører med maskinar i åkrane, det kan vere grunnen til at dei held dei så låge som ein meter. 

Landsbyane vi sykla gjennom kan forvekslast med ei vinliste: Beaune - Pommard - Volnay - Mersault - Puligny-Motrachet - Corpeau - Chagny - Rully - Mellecey - Germolles  - Givry -  (Chalon-sur-Saône)

Overalt er det velstand, det har lønt seg i mange generasjonar å dyrke god vin. Mellom vinmarkene går det små gardsvegar som har blitt til Voie Verte, det grøne sporet, og er ein del av eit sykkelvegnett over heile Frankrike. Ein har brukt nedlagde jernbanespor, bygdevegar m.m. og laga sykkelveg. vi sykla oppe i lia og langs kanalen, Canal du Centre, ein kanal som går vestover til Loire-elva. Bygd for å frakte kol frå gruvene i Bourgogne.

Ruta vår passerete ogsaa eit svært slott, kor same familien har budd i 500 år. Vidare kom vi til Chagny på marknadsdagen, søndag. Markedet bugna av pølser, ost, frukt og grønnsaker, men også sko, klær og andre varer. Damene fekk kjøpt seg både klær og sko, mennene lærvesker til Iphone/pengar/kort, og alle var glade. Vi kjøpte også ein flott grilla Bressekylling som vi tok med til pique-nique. Det einaste som var vanskeleg i få tak i, var vatn. Det enda med at vi kjøpte ei flaske i neste landsby, kor vi også tok måltidet. Kylling og jordbær. Vinen venta vi med til kvelden i Chalon-Sur-Saone. Burgundervin er kjent, og spesielt finn vi mykje god kvitvin i distriktet.

Alt gjekk veldig fint, kart og vegbeskriving var upåklageleg, syklane ok, om enn tunge i forhold til dei vi har heime. Det var sol, omlag 25 grader, og alle vari godt humør. Hotellet vi komfram til i Chalon viste seg også å vere nyoppussa og fint,  Hotel Le Saint Georges 

Blomar langs vegen: fantastiske rosebuskar og klatreroser, kala, iris og peonar i dei flotte hagane. 

Kart og vegbeskriving laga av Rückenwind, som vi har gode erfaringar med. Operatør er eit fransk selskap; France a velo.



.