Viser innlegg med etiketten Stavanger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stavanger. Vis alle innlegg

søndag 18. juni 2017

I tettbygde strok - men lite bilveg - Rundtur Sandnes - Stavanger

Det er bygd mykje bra av gang- og sykkelvegar dei seinaste åra. Vi hadde ein fin runde i dag, med innlagd sosial vaffelstopp i Våland kolonihage, og fantastisk fin kunstutstilling på Rogaland kunstmuseum - Kitty Kielland. Runden var på 42 km, kart nede på sida.

Det herlege, utan trafikk, starta på Lura, sykkelstien langs Gandsfjorden blir vi aldri leie av. Sidan vi skulle til Tjensvoll, tok vi av ved Hillevåg, kryssa bussvegen (Rv 44) og Kildensenteret og kom opp til sjukehuset og vidare til Våland kolonihage på småvegar. I Våland kolonihage var Anton med foreldre, ein liten stopp der.

Vi sykla ut av kolonihagen like ved inngangen til Ryfast-tunnelen, over motorvegen på gangbru, og på sørsida av Mosvatnet og rundt det til kunstmuseet.
Tun på Kvalbein - Kitty Kielland

Kitty Kielland-utstillinga blir ståande til litt utpå hausten. Eg anbefaler alle, med eit snev av kunstinteresse, å ta turen innom. Mange flotte maleri, mange frå Jæren, samt kunsthistorie og litt kulturhistorie på veggene. Og dekor for Egersund Fayanse, bekkeblomst av Kitty Kielland.



Turen gjekk vidare gjennom det store utstillingsområdet til Stavanger forum, ned til gangvegen som går langs bekken gjennom Madla (Madlabekken?) til Møllebukta. Der var det vikingmarknad og mykje folk. Vi kom oss forbi, sjølv om bilane også hadde parkert i sykkelstien. Turen langs Hafrsfjord er også flott, og sykkelstien har utmerka kvalitet. Derfrå over Grannes til "Rumagkrysset" ved motorvegen, til Sørnes og igjen: Over ein sykkelveg i det grøne til Forus. På Forus er det mange sykkelvegar å velje mellom, og det er gjort ein del arbeid med det som sikkert skal bli sykkel-motorvegen. - Vi kryssa motorvegen ved kollektivbrua ved Statoil, og derfrå var det inn på diverse bilvegar heilt til vi kom opp Austråttvegen og kunne sykle på gang- og sykkelvegen nedanfor Austrått og Høyland skole.

Ein kjekk tur med fine sykkelstiar!



søndag 7. mai 2017

Rundtur Sandnes - Hommersåk - Stavanger - Sandnes med båt 32 km




Sykkelstien mellom Austrått og Hommersåk er langt frå ny, men veldig bra, godt skild frå biltrafikken, det tar 40 min i roleg tempo til Hommersåk. Søndag går båten mellom Hommersåk og Stavanger kl 11.30, (og kl 08.00, 13.45, 15.45, 17.30 og 19.40) den tar syklar gratis, og passasjeren betaler Kolumbus minstetakst. Etter ein fin tur innom hyttestadane Usken, Skjølsvik og Uskekalven, er ein i Stavanger etter ein halvtime.

Frå kaien i Stavanger kan ein sykle opp Klubbgata og finne skiltinga til Nordsjøruta, som går ut Lagårdsveien, over brua ved Paradis, ut Paradisveien, Consul Sigval Bergesens vei (som er stengd for biltrafikk på grunn av bygging) og inn på sykkelstien langs dobbeltsporet heilt til Lura. Derfrå var det vanleg Strandgata, Austråttbakken og sykkelsti over Iglenyr heim. Strekket frå Stavanger var 19,6 km. Ein flott tur som kan anbefalast, særleg ein soldag i mai. Dersom ein har kjekk slekt i Hommersåk, kan ein også overnatte og ta dette over to dagar.

søndag 30. august 2015

Langs hav og vatn på nordlegaste Nord-Jæren 35,9 km


Fin-fin søndag i august, med vind frå sør med nye opplevingar! Vi trudde vi hadde prøvd det meste av sykkelvegar i området, men vi fann fleire stader vi ikkje hadde vore, og dei var veldig fine. Denne ruta kan svært gjerne passe som ei sløyfe i ein "Sternfahrt" rundt Stavanger eller Sandnes som eg fantaserer om å lage (dersom ein sykkelbutikk hengjer seg på.)

Vi tok syklane på bilen og kjørde så langt nord det er mogleg å kome på Jæren, til Tungenes, for å få medvind på slutten av turen. Antakelsane om at vinden er lettast på "innsida", på austsida mot Byfjorden viste seg å vere rette. Vi fekk ein fin tur. 


Frå Tungenes går det bare ein veg, men før Randabergfjellet tok vi av til venstre i retning Mekjarvik. Vi finn gardsvegen som til slutt blir ein liten sti før han kjem ut på ferjeleiet som nå bare har ferjer til Kvitsøy. Denne vegen var tidlegare ein del av Nordsjøruta, og grei å finne, nå var nokre av skilta borte. - Frå Mekjarvik og sørover er det flott sykkelveg langs bilvegen. Nesten for flott nå som det er få syklistar som skal denne vegen. Den fungerer ikkje som North Sea Route når det har blitt ein blindveg i staden for å føre til Karmøy. Dei undersjøiske tunnelane i Rennfast har øydelagt denne delen av Nordsjøruta, synd! Eg veit ikkje om det er alternativ busstransport gjennom tunnelane, eg håper det, men det blir likevel ikkje det same som ei ferje.


Når vi så hadde kryssa E39 (under) sykla vi gjennom byggefelt og søkte raskt ned mot sjøen, og vi fann, vi fann: Ein grusa gangveg som gjekk langs Byfjorden mellom bebyggelsen og sjøen heilt frå Grødem til Dusavik. - Over svaberga og gjennom litt skog som beskytta oss mot vinden. Den visste vi ikkje om, tidlegare har vi sykla lenger inne i gatene.

 Ved Dusavik tok vi inn, for så å finne ein liten snutt ned mot sjøen igjen. Men det blei veldig mykje opp og ned så sjønært, så det blei grei etterkvart å bruke gatene. Forbi Vardeneset kyrkje, skiltig Byfjordruta, deretter snudde vi vestover og følgde skilta Kampen og Eiganes. Fine bygater som på Stokka gjekk over til villastrøk, sykkelskilta veg gjennom Edvard Griegs gate, over E39 på bru og vidare mot Stokkavatnet, også ei ny, fin erfaring. Hadde matpakke og kaffe ved Lille Stokkavann, sykla deretter på nordsida av Store Stokkavann (mange folk) til Hålandsvatnet (ikkje fullt så mange folk) og langs det på nordsida til Viste Hageby.


Der fann vi skilting av Tungenes-ruta som går heilt ute mot havet, forbi Vistehola og Viste Strand Hotell (Mogleg is og kaffepause der). Vi møtte også medvinden på dette strekket, og ute mot havet var vinden mykje sterkare enn "inne i landet" på den andre sida. Herleg avslutning på turen tilbake til Tungenes, forbi åkrar med salat, kål, poteter, persille og gras. Alt friskt og grønt i år.


Så sjølv om denne turen gjekk gjennom tettbygde strok, var det mest natur heile vegen. Og trygge vegar.


søndag 17. mai 2015

Ny sykkelsti langs diagonalen!

Heilt i det stille, uten eit ord i avisa, blei det i år (eller i fjor) åpna ein ny bit sykkelsti på sørsida av diagonalen mellom Gausel og Hinna, sjå rosa stilpa linje midt på kartet. Eg blei gjort merksam på dette alternativet av kollega Mary, som syklar el-sykkel frå Lura. Hadde dette vore ein bilveg, hadde det vore store oppslag i avisa, til samanlikning er ein viktig del av ein sykkelveg tilnærma hemmeleg.

Når eg syklar denne vegen, og over Lurahammaren, er vegen til jobben ca 1 km kortare enn andre alternativ. I tillegg er han ganske rask, fordi det er gode vegkryssingar og ikkje så mange farlege sidevegar/utkjørslar. Det betyr ca 14 km (istf 15 - 16) og 50 - 55 min. (istf 55 - 60).

I leit etter kart for å illustrere dette innlegget, kom eg over Stavanger kommune sine planar for sykkelvegnett. Det ser bra ut! - Og Stavanger har også hengt ut pumper og servicestasjon for sykkel, mellom anna i Sørmarka der eg syklar. Eg ser ikkje at Sandnes har noko liknande, verken servicestasjonar eller sykkelplan. Eg trur eg merker det og, på mi løype er det betre å sykle i Stavanger enn i Sandnes. Hurra for Stavanger!


fredag 25. juli 2014

Når det er varmt i Norge er det fint å sykle i sjøkanten.


ØNoen badar, noen går inn, noen sit i skuggen, vi svalar oss med ein frisk sykkeltur langs ein eller annan sjøkant. 

For eksempel 
1. Sandnes -Dale tur retur, kort kveldstur. Biletet under er frå Hana, sjøspeidarane. Bading i Holmavika mulig. Ta med mat og drikke. Butikk i Aspervika. 

2. Langs dobbelsporet Sandnes - Stavanger. Bading på Vaulen og deromkring. Kan utvidast med bytur i Stavanger, vidare over Stokka til Madla, langs Hafrsfjord, Sørnes, Forus og til Sandnes. Ein ganske lang tur. Eller ein kan ta toget tilbake til Sandnes.



3. Tungenesruta frå Tungenes fyr til Tanangerbrua. Kafe på fyret  mellom 12 og 16 om sommaren og på Viste strandhotell. Veldig fin på veg med utruleg lite trafikk, eit par snarvegar på sti, Vistehola, Vistnestunet og fyret som attraksjonar. Denne ruta kan gjerast til liten rundtur om Randaberg sentrum eller stor rundtur om Stavanger sentrum, frå Kvernevik langs Hafrsfjord og inn til byen, Nordsjøruta derfrå til Mekjarvik og Tungenes. Bading på Sande, Viste eller kor som helst. 
4. Hafrsfjord rundt: Sola ruinkyrkje - Risavika - Tananger - Sunde - Madla - Røyneberg -Joa - Sola 31 km, flatt. Kan sjå på Sola ruinkyrkje, Tjora gamle kyrkjegard ( som me ikkje fann), flammen i Risavika, det går tursti utanfor industrianlega, Sverd i fjell. Bading på Sunde og i Møllebukta, eller på Solastrand.
Under idyll i Tananger.
5. Vidare kan tur 4 forlengjast langs Solastrand til Ølberg, Vigdel eller bli ei sløyfe rundt flyplassen om Sola sentrum. Langs stranda er det ein fin og flott sykkelsti (bilete) som dessverre brått tar slutt ved Solastrand Gård. Derfrå må ein sykle i vegen i trafikken som kan vere nokså stor når det er rushtrafikk. I søndre del av stranden kan ein ta inn til Domsteinane og kikke på dei (bilete). 


lørdag 4. januar 2014

Sykkelmotorveg kan kome!

Stavanger Aftenblad har i dag eit stort oppslag om sykkelmotorvegen som nå blir planlagd mellom Sandnes og Stavanger. Overskrifta er 800 millionar for fem minutt, Dei framstiller det slik fordi ein syklist frå Stavanger til Forus kjem fem minutt fortare fram med ein slik veg i staden for slik han syklar i dag. Dei gløymer betra sikkerheit for syklistane, færre bilar på vegane og mindre behov for vegar og helsegevinst for syklistar. Eg synest motorvegen ser bra ut, men er ikkje sikker på om han kjem så raskt at eg kan bruke han til og frå jobb før eg blir pensjonist.

Film om dette, og reportasje, med ganske mange dumme kommentarar under, akkurat det Aftenbladet legg opp til med overskrifta. Dei bit på!

lørdag 6. juli 2013

Endå ei ny sykkelbru klar - i Jåttåvågen.

Her kjem Rolf syklande ned brua som kjem ned nordover frå Jåttåvågen stasjon, og rett inn på sykkelnettet langs Gandsfjorden. Ei ny bru som gjer det greit å vere syklist. 

Herlig, herlig langs sjøen Sandnes - Stavanger

Laurdag med god temperatur, sol og nesten stille. Tidleg føremiddag i Vågen, Sandnes. Havblikk og stille i byen. Hanapiren i bakgrunnen. 

Relativt greit med lite trafikk på Norestraen, til Lura og ned til sykkelvegen langs dobbelsporet frå Lura og nordover mot Stavanger, Det var fantastisk flott. 

Ein pause på Ostehuset ved Viking Stadion med scones og kaffi. Herlig, 
Vi prøvde den tøffe brua over jernbanen i Hillevåg, deretter snudde vi og sykla tilbake til Sandnes same veg vi kom. Planen var opprinneleg å sykle til Stavanger, skjære inn og ta ein annan veg tilbake, Sørmarka eller Hafrsfjord. Men når du syklar og håper det ikkje skal ta slutt, kva gjer du då: Snur og syklar tilbake same vegen tilbake. - Og kva oppdaga vi: Sykkelbrua over vegen som går ned til Viking Stadion, like ved Jåttåvågen stasjon, var åpna. 



tirsdag 2. juli 2013

Sykkelbrua over E39 ved Statoil Forus åpna

E
Endeleg, eit halvt år forseinka, åpna gang-, sykkel- og bussbrua over E39 på Forus. Andre dag, men alt full trafikk. Brua har kosta 140 millionar kroner, og går rett inn i sykkelvegnettet. 

På Forus er det elles store endringar og mykje bygging. Vidare på min veg nordover kom eg inn på ein riktig brei sykkelveg som munna ut i den gamle snarvegen til Sørnes, Sola. Hurra for nye sykkelvegar!!!

Har sykla til jobben fleire gonger over den nye brua. Under ser vi brua frå vest, du syklar ein flott allé før du syklar over brua. 


lørdag 29. juni 2013

Asfalt i Sørmarka

Opp frå ridesenteret på Hinna, gjenom Sørmarka i Stavanger går det ein sykkelveg som er ganske kupert, tildels bratt. Det er ein god del syklistar som syklar der, men sist eg gjorde det, med samanleggbar sykkel med små hjul, var det litt vanskeleg med ganske laus grus. Men nå er vegen asfaltert. Det var protestar i avisa frå turgåarar, men mange glade syklistar. Det asfaltete strekket går parallelt med motorvegen og er rein transportetappe. 

Legg til at dette var fredag og sykle til jobben i frisk morgonsol! Mandag som kjem opnar også kollektiv-/sykkelbrua over motorvegen ved Statoil. Nokon tenkjer på syklistane. Under: Asfaltsti i Sørmarka i morgonsol. Ullrigg i bakgrunnen

søndag 25. november 2012

Rundtur Lura - Stavanger - Madla - Forus - Lura nesten bare på sykkelsti

Utsikt over Gandsfjorden mot aust
Laurdag 24. november kl. 12.15 - 16.15 var det opphaldsver med solgløtt, 8 - 9 grader og nesten vindstille. Sykkelen hadde stått i ro i garasjen lenge, batteriet på lykta og sykkelcomputaren var utlada, men kva gjorde vel det? Ut på tur før regnet kjem igjen! TUR! Ikkje transport til jobb eller treningsrunde.

Vi fann ein flott runde på ca 40 km, nesten alt på sykkelsti, eigen sykkelveg eller i lite trafikkerte gater. Veldig bra. Vi ser bort frå strekket vi måtte ta til og frå, langs Nordestraen, det er tragisk at det ikkje er blitt betre der.

I forklaringa bruker eg namn frå sykkelkartet for Nordjæren. Første delen av turen er for ny til å vere med på kartet, men han går langs jernbanen.

Velodromen over Tjensvollkrysset, bare for mjuke traffikantar
Forklaringa begynner på Lura, vi sykla Gamlevegen mot Lurahammaren frå nord. Til høgre ned Lurastø,  tok undergangen under jernbanen og sykla nordover på sykkelstien mellom jernbanen og Gandsfjorden. Vi passa på å nyte dette, det var bare flott. Heldt deretter til høgre etter Mariero stasjon, og sykla gjennom Vaulen badeplass, sjølv om merkinga viser på "innsida" av jernbanesporet akkurat der.

Steinsetting ved Møllebukta i Hafrsfjord

Det går an å ta seg ein bystopp i Stavanger, men vi sykla over gangbrua over Lagårdsveien, og kom inn på Indre Ring over Våland, passerte det gamle sjukehuset og Arkeologis museum. Ved Mosvatnet heldt vi til høgre og sykla Madlaruta. For første gomg sykla vi på den nye sykkelvelodromen over Tjensvollkrysset, sjå bilete, og vidare på brei sykkelveg til Madlakrossen.

Frå Madlakrossen tok vi nordover igjen, Madlaveien til Møllebukta, og inn på ny sykkelrute Hafrsfjordruta, som er nydeleg steinsett ut mot fjorden, sjå bilete.

I neste rundkjøring sykla vi sykla sørover over Grannessletta, ved Sørnes følgde vi skilting mot Forus (Sørmarkruta), under Nesbuvegen og inn på snarvegen mellom Sørnes og Forus som berre er for syklistar, fotgjengarar og rulleski (vi møtte to). På Forus skjer det store omleggingar heile tida, men det kjem til å bli veldig flotte forhold for syklistar på nordlege Forus. Litt verre var det i området ved Tvedtsenteret/ Elkjøp. Men når det var passert, var det fint langs Svanholmen og Vassbotnen. Endå betre blir det nå kollektiv/sykkelbrua over E39 blir ferdig (forsinka frå desember 2012 til vår 2013).

Vi sykla over E39 ved IKEA, på venstre side av RV44, og Stavangervegen retning Lura til slutt. Heile tida på fortau/sykkelsti. (Kaffe og dessert på Lura Turistheim passa godt før vi sykla gjennom trafikken på Nordestraen heim til Austrått.)






lørdag 30. juli 2011

Sjøvegen til Hommersåk

Kvifor ta kortaste veg til Hommersåk, når ein har tid til ei flott oppleving?

1. Den alltid kjekke vegen langs Gandsfjorden ved dobbelsporet. Nå kan vi vegen og syklar ikkje feil, sjølv om det manglar merking her og der. Ettersommar med geitrams, blåklokke, rød- og kvitkløver og mange andre blomar. Naturen pyntar det fint!
2. Tall Ship Race - båtar i Stavanger, og mange folk - interessant.
3. Hurtigbåt Stavanger - Uskekalven - Stølsvik - Sjølvik - Usken - Hommersåk  - Å sjå plassar som eg ikkje visste om, å sjå på alle folka som skal i land med pikk og pakk, å vere på fjorden, flott ein sommardag.

Rundturen Austrått - Sandnes - Stavanger - Hommersåk - Austrått: 33 km sykling, 35 min. i båt.


søndag 19. juni 2011

Lang sykkeltur med to ferjer - 75 km

Inspirert av Rigmor Bjørgo, kom me på at det går an å reise med ferja på søndagstur.

Forsandbrua
Me sykla på nasjonal sykkelveg 2, om Vatne og Hogstad til Høle og derfrå langs sjøen til Lauvvik (25 km). Den nasjonale ruta går med båt til Lysebotn, derfrå om Valle i Setesdal til Telemark.

Me laga vår eiga rute, me tok ferja til Oanes saman med tyskarar, nederlendarar og andre turistar. Ferja tok 10 min., og etter Oanes var det to alternativ: Gamle eller nye riksveg 13. Den gamle riksvegen går langs fjorden i retning Idse til Jørpeland og er 35 km lang. Den nye går forbi brua til Forsand, om Høllesli og rett over fjellet til Jørpeland. Denne er 25 km lang. Me frykta at turen på gamlevegen kunne gjere heile turen vel lang, over 8 mil, og valde derfor den nye. Når det er ein ferjestrekning i nærleiken, kjem dei fleste bilane i klumpar, så trafikken var ikkje så sjenerande, men det var god stigning/ bratt utfor etterpå (Han der var oppe i over 60 km/t) og fleire tunnellar, som ikkje er så stas med sykkel utan lykt. Derfor lurer eg på om det hadde vore kjekkare å ta det andre alternativet. - Det kan vi gjere ein annan gong.

Gamlevegen er blitt sykkelsti ved Jørpeland. Herleg!
Då me nærma oss Jørpeland, fann me ein sykkelsti på venstre side av vegen som nok var "gamlevegen". Det var freden å sykle der, i forhold til hovudvegen utan sykkelsti. - Jørpeland viste godsida, men mellom Jørpeland og Tau var det også strekk utan sykkelsti. - Det skal visst bli det når Ryfast-tunnellane blir bygde, men aksjonistar hadde hengt opp skilt med "Gi oss sykkelsti nå!" - Og eg forstår dei.

Frå Tau tok me ferja til Stavanger, kikka litt på livet og cruiseskipet Queen Mary der, før me tok vegen langs sjøen/dobbelsporet heim.  Mange hadde funne vegen ut på gang- og sykkelvegen, men ikkje så mange eg hadde trudd. Siste stopp i Vågen på Sandnes, før oppstigninga til Austrått, som var noko tyngre enn vanleg med sju mil på sykkel bak oss.
Rast ved dobbelsporet langs Gandsfjorden

søndag 6. juni 2010

Langs dobbelsporet Sandnes - Stavanger


Vi prøvde i dag for første gong den nye gang- og sykkelvegen langs dobbelsporet frå Lura til Hillevåg (tur- retur, måtte bare sykle begge retningane). Det var sol og fint ver, og turen var bare fantastisk. Tenk at vi har slike perler her vi bur. Folk vi møtte bare smilte, i dag var det plass til både syklistar og fotgjengarar. Å byggje ein slik veg, som gir alle tilgang til å gå eller sykle sjøen, er ein flott ting. Eg reknar med at asfalt kjem på det som ennå er grus og at det blir skilta betre etterkvart. Men... blir det samanhengande turveg til Sandnes sentrum? Det hadde vore stort!

søndag 2. mai 2010

Randaberg og Stavanger mest på grus.

Fantastisk tur søndag føremiddag. Starta på
parkeringsplassen i Mekjarvik og følgde Nordsjøruta heile vegen til Hafrsfjordbrua. Verkeleg ei turistrute: Store delar heilt ute ved havet, på sti. Passerte Alexander Kiellandmonumnetet (plattformulykka 1980) og Svarthola på Viste (steinalderbuplass). Vil ein sykle fort, er ikkje dette rette løypa, men vil ein sjå vakker natur, havet og lyset,så er denne ruta verkeleg å anbefale. Etter å ha passert Hafrsfjordbrua sykla vi på turstien langs fjorden til Fluberget, framleis Nordsjøruta, forbi helleristningar mot Madla. Der skar vi inn mot golfbanen. Kryssa golfbanen med fare for å bli golfa ned, og fortsatte på sørsida av Store Stokkavann. Hadde eg ikkje gløymt kartet heime, hadde vi nok følgt Stokkavatnet til Tasta og sykla Tasta- eller Byfjordruta tilbake til Mekjarvik. I staden fekk vi ein fin tur gjennom Sandal, Eiganes - mange herskapelege bygg framleis, bispebustaden, Ledaal, Breidablikk, og nesten bilfritt i sidegatene - til sentrum, gjennom Gamle Stavanger og ut Byfjordruta derfrå. Siste del var den kjedelegaste: I Dusavikveien måtte vi bruke bilvegen. Ikkje bra. Betre på Grødem, der vi sykla gjennom byggefelt og søndagsstengde industriområde. Tilbake på Mekjarvik ville vi kjøpe is, men bua hadde lunsjpause! Fire ferjer til dagen gir vel rom for det.

Heile turen tok 3,5 timar i rooleg tempo, og med mange pausar. Har ein sprekt besøk, er dette ein flott dagstur, særleg for innlandsfolk.

torsdag 29. april 2010

Sandnes - Ullandhaug og omvendt

Sykle til jobben er for meg turen Sandnes aust - Ullandhaug, Stavanger. Du kan velje fleire alternativ når du skal sykle mellom dei to byane. For oss i austre delar av Sandnes er Strandgata (Norestraen) einaste realistiske valet, sjølv om det trafikkmessig er eit dårleg alternativ, med hus tett i vegen som gjer det umogleg med samanhengande sykkelsti. Men Norestraen er flat, noko alternativa ikkje er.

Vidare kan Lura kan passerast over Lurahammaren, det gjer ein når ein skal dit og liker bakkar. Elles er valet Forussletta, med gode sykkelforhold på høgre side. (Sjå opp for sidevegar og folk som ventar på bussen). Om morgonen kan ein krysse parkeringsplassen på Kvadrat og sykle mot IKEA langs Luramyrveien.

Etter IKEA har ein to alternativ som eg driv og forskar på:
1. Over Statoil, opp Godesetveien, gjennom bustadområda ved Gautesete skole, langs Jåttåvegen til gangbru over motorvegen (Asser Jåttens veg) og inn på same trasé som alternativ 2. Sykla denne i heile fjor. Prøver nå ut eit alternativ:
2. Over motorvegen ved IKEA, langs Vassbotnen og Svanholmen på sykkelsti heile vegen, kryssar ved Elkjøp,  vidare på ein av fleire sykkelstiar nord - sør mellom industribygga, ut på det som ser ut til å bli sykkelstamveg Forus - Sola, litt vanskeleg å finne når dei stadig grev på nye måtar, men bryet verdt: Du syklar midt i ein steinørken, så plutseleg er du inne i eit grønt landskap. Steingardar med mose, tett lauvskog, benkar og bord. Mange syklistar har funne strekket, som munnar ut i eit plankryss ved bomstasjonen på Nesbuvegen. Deretter til høgre og inn til diagonalen.

Eg har prøvd å sykle til Universitetet via Sørmarka. Ein gong var nok: Stigning og grus. Nei, sykle langs Grannesvegen. Der kan du glede deg over å betrakte bilkøen som kjem imot. Sykkelstien er grei, og når du svingar opp Kristine Bonnevies veg, er bakken opp til Ullandhaug såpass moderat at det går an å sykle opp.

Sykkelkart Sandnes - Stavangerområdet
Interaktivt sykkelkart Sandnes

mandag 29. mars 2010

Sykle til jobben

Klokka stilt til sommartid, litt halvmørkt kl. 07.00, men det kom seg fort. Det viste seg at vegen mellom Austrått og Ullandhaug hadde blitt lengre og bakkane brattare i løpet av den kalde vinteren. Det var tungt, i regnklede og med litt motvind.

Eg sykla Strandgata - Lura Rv 44 - IKEA - over motorvegen og nordover derfrå. Det er fint å forsere Forus på sykkelstiane mellom forretningsbygga, det er fleire parallelle. Hadde litt trøbbel med å finne sykkelstien over til Sørnes, mykje graving, men fann han til slutt og kom meg då omsider på jobb: Nesten 1 time og 10 min. Rekorden er 52.

Blei henta. Syklar heim i morgon.