Viser innlegg med etiketten Frøylandsvatnet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Frøylandsvatnet. Vis alle innlegg

torsdag 27. juli 2017

Sykle heimanfrå til hytta i Hå 66 km

Ein heil feriesøndag til disposisjon. Fint ver med lett, nordleg vind. Det måtte bare bli denne dagen det skulle gjerast: Sykle til hytta, ikkje transportetappe, men ein fin tur i roleg tempo i medvind. Det blei kjempebra, men det føltes ganske langt. Transportetappe Austrått - Tronsholen - Stokkelandsvatnet - Ganddal - Foss-Eikeland til Orstad. Så eit godt val: Vestsida av Frøylandsvatnet denne gong. I god sommartemperatur er det ein fryd å sykle i skogen langs vatnet. Lite folk er ute i ferietida, nokre er og går på Ormen Lange, og i Sandtangen ruslar nokre brynefolk, men det er fredeleg.

Stien er ein flott veg inn i Bryne, plutseleg er vi der! Slik har vi sykla inn i byar på kontinentet, og vore begeistra over å sleppe lange innfartsvegar, her har vi det på Bryne, på same måte som Sandvedparken kan vere ein grøn sykkelveg inn i Sandnes. 

Når du kjem ut av skogen på gamle Kinoplassen og syklar rett fram, sørover, passerer du Høghuset på Jæren med Arne Garborg-senteret og Bryne vidaregåande skule. Vidare meir eller mindre rett fram kjem ein plutseleg til eit lite vatn, ein idyll på Bryne! Tjødnå? Det er skilta blindveg, men det kjem både joggarar og barnevogn i motsett retning, så eg prøver, og det går fint an å koma sørover. Men eg finn ikkje den litt meir vestlege vegen til Nærbø, og er straks inne på vegen over Garborg som eg sykla to veker tidlegare. 


På Nærbø bestemmer eg at eg vil ut mot havet, og finn vegen forbi Nærbø gamle kyrkje og Vigre ut til Nordsjøvegen og Grødalandstunet. Grødalandstunet er ein fin plass for nistepakken. Eg ser på det gamle gardstunet og skoren torv som heng og ligg til tørk. Torv har eg bare høyrt om.


Etter Grødalandstunet er Nordsjøvegen tydeleg skilta på Kongevegen, og det er godt, for vegen er bare to smale spor, så vidt plass til eit sykkeldekk i kvart. Men det er ein flott natur, på brinken ute mot havet med rullesteinar nedanfor. Ein passerer kyrkjegarden ved havet før vegen svingar inn i landet igjen. Der vegen svingar, er det skilta gangveg til Hårr! Det fins! 

Vidare følgde eg same rute som sist tur, Nordsjøruta gjennom Vigrestad, Stokkelnadsmarka, Brusand og Ogna, og langs riksvegen forbi Sirevåg og til hytta. Var ganske trøytt og nøgd då eg kom fram. Må også leggje til at vinden endra retning og friskna til litt utpå dagen. Dette var ein lengre og meir krevjande tur enn den transportetappen eg hadde i motsett retning, men du så fint! 



søndag 17. oktober 2010

Mange vegar fører til Klepp!

Klar haust er fint! Her ved Stokkelandsvatnet
Kvar helg tar me oss ein tur til far min på Kleppe. Sist søndag sykla me om Ålgård og Bryne for å kome dit, det blei 5 mil når me tok raka vegen (RV44) heim. I dag tok me ein annan, noko kortare variant: Austrått - Tronsholen - Stokkelandsvatnet - Ganddal - Foss-Eikeland - Orstad - Frøylandsvatnet nordvest - Klepp stasjon - Kleppe. Det blei 17 km, same som Rv 44, same strekningen. Heim igjen tok me ei Jærrute: Kleppe - Damsgård - Bore - Voll - Heigre - Skeiane - Brueland - heim. Den strekningen blei nesten 20 km, men veldig fin og variert i fint ver utan vind. Må me sykle om Sola neste gong for å variere?

Einsam forhaustar på Bore.
Ingen kyr.

Gammal steingard på
Skas, med rundballar
Jæren har endra seg. Den gamle vegen mellom Øvregård og Bore var ein gong (på 1960-talet) ein smal grusveg med steingjerder på begge sider. Nå er vegen framleis ganske smal, men han er nok utvida, for alle steingardar var borte, og han var sjølvsagt asfaltert. Steingardane var ikkje erstatta med noko. Dei som ikkje var fjerna på grunn av vegutviding eller ny sykkelsti, var ikkja vedlikehaldne. Det er så lite husdyrhald og husdyr på beite i Klepp at gjerder er overflødige, graset vaks heilt inn til vegen. I staden for gjerder, såg me forhaustarar og rundballar, og kjende me noko lukt, så var det lukt av silo. Melkekyrne er samla i store fellesfjøs. Graset blir framleis til dyrefor, men det er ikkje kyrne som et det på direkten. Dei einaste dyra me såg ute, var nokre få sauer og ein gjeng med ungstutar.

Når tek vi til å sjå på steingardane som kulturminne? Det er bevart ein gammal veg med steingardar tvers gjennom universitetsområdet på Ullandhaug. Elles veit eg ikkje om nokon.


lørdag 25. september 2010

Rundt vatn på Jæren

Vatn er fine ting. Ein av dei turane me ikkje har sykla, er ein tur rundt fire sjøar i Sør-Tyskland. Førebels får me nøye oss med to vatn på Jæren. Både rundt Stokkelandsvatnet og rundt Frøylandsvatnet er det fine turstiar. Kva med ein to-vatn-tur, kanskje utvida med ein tur gjennom Sandvedparken til Sandnes? Ein får park, vatn, skog, landeveg og urbane Bryne og Sandnes!

Stokkelandsvatnet kan ein kome til frå Ganddal, Lundehaugen, Tronsholen eller Bogafjell. Det er til tider mange turgåarar og joggarar der, så ein må tilpasse farten til det. I utløpet mot Ganddal er det masse ender og svaner som kan matast. Frå Ganddal kan ein sykle via Foss-Eikeland og Orstad, heile vegen på sykkelsti eller fortau, til Frøyland og ta runden rundt Frøylandsvatnet. I skogen ved Frøylandsvatnet er det veldig fint og ikkje så mange folk. Klepp- og Timefolk har ikkje heilt oppdaga den perla dei bur ved, ser det ut til.

Trebru over jernbanen på Klepp
På Klepp stasjon har dei spandert ei flott bru over jernbanen. På Tu er det rensedammar, og Bryne er Bryne. Dersom ein syklar rundt, må ein på austsida av vatnet forlate skogen og sykle på sykkelsti.  Til gjengjeld passerer ein Njåskogen og Kverneland.

Runden, inkl ein tur til Sandnes er 35 km, målt på BikeMap. Eg fekk for første gong til å lage eit slikt kart.