Viser innlegg med etiketten Spakenburg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spakenburg. Vis alle innlegg

fredag 30. juni 2017

(Spakenburg) - Huisen - Amsterdam


Siste dag på sykkel. Båten gjekk frå Spakenburg til Huisen medan me hadde frokost. Det hadde vore mulig å sykla frå Spakenburg, men denne turen er nok laga for personar som ikkje vil eller kan sykle så langt som over 60 km pr dag, derfor første del med båt. Turen er lagt opp slik at alle høgdepunkt i området er med.

Høgdepunkta i dag var var garnisonsbyen Naarden og sluse- og slottbyen Muiden. I Naarden er åttekanta med vollgrav og festningsverk. 


Muiden er kjent for slusa som regulerer eit heilt vannsystem innover i Nederland. I ein tidlegare krig slepte dei vatn inn i området sør for Muiden for å vanskeleggjere framrýkkinga til fienden. 


I Muiden prøve me kippering, laga i ei bu på gata som bare selde fisk. Kippering er fish & chips utan chips, og nylaga var dette veldig godt.


Så skulle me sykle inn i Amsterdam. Innsykling i byar er lakkmustesten på om eit land har ein god sykkelpolitikk. Og Nederland besto testen, igjen. Vel var første del frå Muiden ikkje så koseleg, med høgspentlinje over oss, og motorveg, bussveg, vanleg veg på venstre side av oss. Me følgde knutepunkta som tok av frå den store vegen og sykla så på ei tynn landstripe i mellom to breie kanalar. På denne landstripa var det ikkje bebygd, for her gjekk dei svære høgspentkablane over oss. Men naturen sjølv hadde pynta langs vegen, og sykkelvegen var god.

 Enden av vegen munna ut i fantastisk, prisbelønna sykkel- og gangbru. Nesciobrua. Eg har aldri sett maken. Brua er 800 meter lang, og har kurver. Brua er mykje brukt, og betyr nok at ganske mange fleire kan bruke sykkel på jobb.


Frå brua og vidare innover i byen var det samanhengande sykkelveg heilt fram til Centraal-stasjonen. Når vegar skulle kryssast, var det eigne lys for syklar. Etterkvart som me kom inn i byen, blei det ganske fullt på sykkelstiane, her var det ikkje bare å stoppe midt i vegen for å leite etter skilt, ein måtte anten følgje straumen eller kome seg ut på sida. - Og fotgjengarar måtte bare passe seg.  - Me sykla i tunnell under sentralstasjonen og vidare ut til båten fann me og sykkelsti, og kom lett ombord.

Så var denne turen over. Ei ny erfaring er båt og sykkel, og muligheit til å sykle i gruppe med guide. Kjekt med kjentmann, me fekk mange opplysningar me elles ikkje hadde fått. Men me sykla "individuelt" heile tida. Dels for å kunne stoppe når me vil, dels fordi det er kjekt å finne vegen sjølv.

Å sleppe å pakke kvar dag som når ein syklar frå hotell til hotell er også ein fordel, men ein båtlugar er mindre enn eit hotellrom, for ikkje snakke om eit bad ombord på ein båt samanlikna med eit hotellbad. Eg var litt skeptisk til å ha same kokk kvar dag, men italienske Barbara har laga fantastisk god mat, så einsformig mat var det ikkje nødvendig å vere redd for. Under ligg Gandalf klar for tokt i Osterdok, i gåavstand frå sentralstasjonen.


Alle dei andre er tyske. Eg forstår tysk når dei snakkar til meg, men det er vanskeleg å delta i småsnakket ved bordet, så det blir kanskje litt kjedeleg ved måltida. Det hadde nok vore betre med ei blanding med fleire nasjonalitetar. Men elles er det fint med båt og litt korte strekk når helsa ikkje er heilt topp. I verste fall kan ein bli med båten i staden for å sykle!


Som vanleg kjøpte me turen av Pedalo, som brukte boat-bike tours som operatør. Profesjonelt på alle måtar. Svært god turleiar Rikko Bulten, ekstremt gode ruter og lett å finne fram, fine små byar, veldig godt sykkelstinettverk, svært god mat, kjekk skipper, reint og fint, fin ordning med sjølvbetning av drikke...



torsdag 29. juni 2017

Harderwijk - Spakenburg 53,3 km



Både startpunkt Harderwijk og endepunkt Spakenburg ligg ved det som tidlegare var Zuiderzee. I januar 1916 var det storm, springflo og ei stor oversvømming av området. Etter det blei utløpet til Zuiderzee lukka av demninga Afsluitdijk. Det hadde lenge vore planar om å lukke bukta, men det var først etter storflaumen at planane skaut fart. Afsluitdijk stod ferdig i 1932 og Zuiderzee vart IJsselmeer og store område vart tørrlagt og omgjort til polderar. Dette enorme prosjektet, kalla Zuiderzeeprosjektet varte frå 1919 til 1986, og av dei tørrlagte områda oppstod provinsen Flevoland i 1986. Dei opphavlege planane var òg at dei sørvestlege delane av Zuiderzee skulle tørrleggast. Det vart bygd ei dike på tvers av den gamle bukta, men prosjektet har sidan 1980-åra vore på vent, i følge kapteinen på båten fordi ein fann ut at natur var viktigare enn land. 

Me har bare sykla på den gamle delen av Nederland, men rett over bukta frå Spakenburg har me "det nye landet" Flevoland. Det me spesielt legg merke til er ei heil rekke med vindmøller, moderne vindmøller på ei lang rekke.


I dag avslutta me turen på polderland og oppå eit dike. Det var slik eg hadde tenkt ein sykkeltur i Nederland skulle vere, sykle over jordbruksland på den store flatheten og ein og annan landsby. Slik har det ikkje vore. Rett nok var den siste timen i dag slik, elles har det vore mykje skog og landsbyar, me har sykla på fleire sider av ein stor skog som heiter Veluwe. Det er ein gammal skog med svært høge tre, både løv- og barskog. Og faktisk litt kupert.


Sykkelsti i Nederland heiter vietspad. Det er det ekstremt mykje av. Undelaget varierer: Støypte plater som er gode å sykle på, hardstampa grus som er litt tyngre å sykle på, men heilt ok. Vanleg er og støypte steinar lagt i fiskebeinsmønster,  det ristar og humpar litt og sjølvsagt er det asfalt. Ein del av sykkelstiane går også på vegar, enten gardsvegar eller ein tydeleg tildelt del av vegen, kvite striper eller rødmaling eller begge delar. El-sykkelgjengen var svært begeistra over vegen som var merka: Sykkelveg, bilen er ein gjest. Syklar kan konsekvent kjøre mot einvegskøyring, men skal halde seg unna fotgjengaren sitt område, både fortau og gangområde i sentrum av byane (kan sykle i gangfart, ser det ut til). I nokre vegkryss og rundkjøringar har syklistane forkjørsrett. Bilistane er fantastiske til å ta hensyn. Ser dei ein syklist som kanskje tenkjer på å krysse vegen, så stoppar dei. - Slike kryssingar er merka tydeleg, det gjeld ikkje over alt.

I byen Putten var me innom minnesmerket etter ein gjengjeldingsaksjon etter at ein tysk offiser var drepen av nederlandska motstandsfolk. I 1944 blei byen brend, og nesten alle menn blei sende til konsentrasjonsleirar. Av 602 som blei sende til leirane, kom bare 49 tilbake.


Spakenburg var eit syn. Opprinneleg fiskarlandsby, men utviklinga har stoppa opp, sidan Zuidersjøen blei ferskvatn og atkomsten til Nordsjøen blei borte. Mange treskuter, kommersielt drive trebåtbyggeri/ - verkstad, den gamle hamna med tronge gater og små, koselege hus som det ennå bur folk i. Ikkje til å tru! Dette kunne lett ha vore ei turistfelle. Og me såg faktisk eit par damer i den tradisjonelle hollandske kjolen, ei av dei på !