Viser innlegg med etiketten Caltagirone. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Caltagirone. Vis alle innlegg

søndag 9. oktober 2016

Sicilia: Caltagirone - Modica 52 km sykkel + 40 km bil

Modica var utsett for jordskjelv i 1613 og 1693, og blei bygd opp i siciliansk barokkstil etter 1693 og er ein vakker by. Katedralen San Giorgio, dedikert til St. Georg, er eit eksempel på akkurat den stilen.

San Giorgio ligg i øvre Modica (Modica Alta) og frå kyrkja går det ei trapp på 300 trinn ned til nedre Modica, Modica Bassa.

Vi bur på B&B I Tetti Di Siciliando. Enkelt, men sjarmerande, i skråningen med utsikt over mange hustak. Byane i området ligg høgt, utan unntak har vi sykla opp til Piazza Armerina, ned og opp igjen til Mirabella Imbacari, på same måten til Caltagirone første dag. Andre dag ned først, deretter opp til Santo Pietro, ned og opp til Acate så ned og opp til Cosimo. Men då var det slutt! I Cosimo kom mannen frå Caltgirone og henta oss og syklane og kjørde oss meir opp, så ned og deretter opp til Modica, ein fantastisk by.

Litt om maten. Dag ein stakk Tornerose og Pikniksjefen ut og kjøpte inn brød, pølse, ost, tomatar og bananer som blei lekkert sett fram på Pikniksjefen sin duk. Kaffe blei kjøpt på ein kafe like over gata, og vi hadde ein herleg piknik på ein liten plass i Piazza Armerina. Dag to var søndag, butikkane var stengde om morgonen, og vi var varsla om at det var tur gjennom ein skog utan butikkar eller kafear. Men Pikniksjefen og Tornerose visste råd: Kafeane i Caltagirone var åpne! Ciabatta til alle, i folie, ned i sekken og opp igjen inne i skogen.

Om kveldane har vi vore på to flotte restaurantar og tatt menyar med 7- 9 smårettar pluss ein eller to hovudrettar. Tapssliknande og veldig godt, sjølvsagt med siciliansk vin.

lørdag 8. oktober 2016

Sicilia: Caltagirone - Piazza Armerina - Caltagirone 42 km

Sicilia er den største øya i Middelhavet med 5 millionar innbyggjarar. Plassert midt i leia i det havet som lenge var ei svært viktig ferdselsåre, har øya vore besøkt av og herska over av ei rekkje folkeslag: Dei første ein kjenner til var sikulane, deretter kom i kronologisk rekkefølgje fønikarar, kartagenarar, grekarar, romarar, vandalar, østgotarar, arabarar, normannarar, kongehuset Hohenstaufen, fyrstehuset Anjou (fransk), aragonsk kongehus (spansk), Savoia, Østerrike, Spania og frå 1860 blei øya ein del av Italia. Så kom fire damer i sin beste alder frå Sandnes. Mange har sett spor etter seg, og kulturen er rik, trass i at vulkanutbrot, jordskjelv og flaumar har gjort sitt til for å øydeleggje.

Sicilia er langt frå Noreg. To mellomlandingar er ikkje til å unngå, og turen til tre av oss blei litt komplisert: vi måtte ta ut ombordstigningskort både i Amsterdam og i Roma. Transittkøen i Roma var lang og rikka seg ikkje. Og ulikt seg sjølv så sneik Storesøster i køen og fekk ordna billettar til nesre fly, som var det sane flyet som siste dame, Pikniksjefen, skulle ta. Ho blei ganske paff då ho såg oss andre tre, der ho sto einsam norsk i køen, trudde ho.






Turen startar i Caltagirone, (UNESCO)70 km frå flyplassen i Catania.
Caltagirone (40.000) ligg ganske høgt, 608 moh. Byen har ein tusenårig tradisjon i keramikkproduksjon, elles er næringslivet basert på landbruk, dyrking av druer, oliven og fersken.
Over ser vi den viktigaste attraksjonen i Caltagirone, trappa Santa Marai del Monte, med 142 trinn, bygd i 1608. Kvart trinn er dekorert med fliser med mønster ulikt dei andre. Og om våren blir trappa dekorert med blomar i forskjellig mønster kvart år.
I Caltagirone bur vi i B&B La Pilozza Inforiata ei familiebedrift som også kjører syklistar, syklar og bagasje.

Første dag blei me kjørte av mannen i huset til Piazza Armerina og Villa Romana del Casale (UNESCO). Villaen blei bygd som jakthytte (!) på 300-talet e.Kr. Ho er kjend for godt bevarte mosaikkar frå daglegliv og mytologi. Imponerande var ein lang gang som viste romarar som fanga ville dyr i Afrika  og Asia til sirkus i Roma.


Landskapet så høgt er tørt, men kaltusen veks fint, og har nå spiselege frukter. Fruktene måtte smakast, og ei av damene spratt fort opp i bakken og plukka kaktusfrukt og smaka. Godt! Ho plukka til alle og delte ut. Litt seint oppdaga me at det var massevis av små torner på fruktene. Ho som smaka første hadde torner både på fingrane og rundt og i munnen. Det var ikkje godt, men ho klaga ikkje, og heiter frå nå av Tornerose. Tornerose er ikkje av dei som klagar, snarare det motsatte.