Viser innlegg med etiketten Haltwhistle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Haltwhistle. Vis alle innlegg

torsdag 25. juli 2013

Haltwhistle - Corbridge 42 km


I Haltwhistle (3-4000) har me vore før, og tenkte nok då at me ikkje kom igjen nokon gong. Der tok me feil.  Haltwhistle var ein romersk stad. Den romerske vegen Stanegate (steinvegen) mellom Carlisle og Corbridge gjekk like nord for staden, og det er ikkje langt mellom elva Tyne og muren på dette punktet.
Seinare har staden vore lasteplass for kol og metall frå gruver i området over på jernbane. I dag er staden i vesentleg grad ein turiststad: Fotturar og Hadrianmur-turisme.

Hall Meadows i Haltwhistle var ein svært rolleg og hyggeleg b&b i ein fin hage. Me var dei einaste gjestene, og blei tatt godt vare på. 

Elles er Haltwhistle ganske kjedelge om kvelden, og hotellet var fullt, så me åt på baren, ok, men ikkje god service, og det dei kalla espresso var traktekaffe. Men me klaga ikkje, me meir smilte av dei, slik er det på landet. 

Me vakna av eit veldig tordenver, men det hadde slutta då me starta syklinga etter ein engelsk frokost. Turen går mykje langs traseen til Hadrianmuren, og etter ei kraftig stigning kom me til Vindolanda utgravingsfelt og museum. Veldig mange gjenstandar frå romartida er funne fullt bevart i Vindolandautgravingane fordi jorda har blitt lukka, det har blitt anaerobt. Derfor fann dei sko og klede, og veldig interessant, små trestykke som romarane brukte slik vi bruker papir, til brev, notat og beskjedar. Det blei spekulert i om dei som budde rundt og handla med romarane måtte lære å snakke latin , og til og med lære å skrive. 

Heile dagen har me sykla på vegar, men lite trafikk, som lova. Me sykla vel ca 10 km og møtte bere tre bilar, for eksempel. Desse små landevegane er lite brukte, og veldig få folk bur på landsbygda i høgda her. Nede i Tynedalen blir det straks fleire.

Corbridge var ein viktig romersk by som låg ved ein stad det var mogleg å krysse over elva Tyne. Han heitte Corisopitum eller Coria då. I år 85 kom det første romerske fortet der, like etter blei det bygd ein by med doble bymurar, og romarane var der til slutten av romersk okkupasjon. I dag er Corbridge ein søt by kor det bur ein del rikare engelskmenn. mykje blomar og mange turistar. 

Hadrian/Adrian var keisar frå år 117 til år 138, og overtok styret av det store riket etter grandonkelen sin, Trajan. Trajan var ekspansiv og utvida riket, men Hadrian var meit forsiktig og konsoliderte det. Den romerske kspansjonen i Britannia stoppa opp i hans keisartid, og han begynte å byggje muren som fekk namn etter han. Seinare (142 - 154) bygde keisar Antonius ein mur lenger nord, kor landet var smalare (64 km), men denne er ikkje så kjend eller synleg lenger. festningsverket ved muren var bare i bruk i 20 år, då måtte romarane igjen trekkje seg tilbake til Hadrianmuren.


Fell Croft b&b er spesiell med norsk vertinne, Tove. Det ligg litt utanom sjølve byen, ved jernbanen. Middag på Black Bull i byen med besøk frå Ovingham igjen. Bra. 

onsdag 24. juli 2013

Carlisle - Haltwhistle 42 km

Carlisle (vel 70000 innbyggjarar) ligg 16 km frå grensa til Skottland, og har vore eit viktig militært støttepunkt då England og Skottland var to rike. Det er i dag godt bevarte bymurar, og Carlisle slott frå 1092. Byen har og vore skotsk og har eit skotsk preg. I Tullie house finn vi historien til området og til Hadrianmuren. Til fin nettside om romarane i Cumbria.


Hadrianmuren var ein voll bygd av stein og torv, bygd frå år 122, for å forsterke grensa og verne mot piktarane. Muren var 4 - 5 m høg og 6 m brei, ikkje slik som denne resten som fins i dag. Muren går frå Wallsend til Solway Firth. Muren er 117 km og den sterkaste befesta grensa i Romarriket. I tillegg til at muren var festningsverk, var det også kontroll med trafikken gjennom portane, slik at det kunne krevast toll for varer frakta gjennom dei. Sjølv om stein er tatt frå muren til annan bruk, står mykje igjen. Muren er på UNESCO si verdsarvliste.


Inn og ut av Carlisle gjekk turen i grøntområder og parkar. Frå  Warwick Lodge var det ganske kort veg til Rickerby Park (med ungfe på beite), og fin veg ut sv byen. Elles var 72-ruta mellom Carlisle og Brampton eit godt døme på at den rette veg mellom to punkt ikkje er den finaste sykkelvegen. På små landevegar med hekkar på begge sider gjekk det i kryss og tvers og opp og ned til søte landsbyar som Linstock, Crosby-on-Eden, Newby, Warwick Bridge, Allenwood, How, Hayton, Low Gettbridge og Aarons Town før kaffepause i Brampton. Cupcakes og kaffe. I Brampton kjøpte me også med oss sandwiches på eit bakeri, som me fann den perfekte stad å ete ein time seinare, etter ei lengre stigning, i Banks.

Me hadde i grunnen rekna med å treffe mange andre syklistar på ein slik tur på ei nasjonal sykkelrute, gjerne bu på same staden, slik me ofte har gjort på kontinentet. Men til nå har det vore få. Då me toucha linja for Hadrianmuren, begynte me å treffe vandrarar, og i dag har me truffe syklistar som tar same løypa som oss. Eit hollandsk par som har vore sju veker på tur (Nederland, Belgia, Frankrike, Irland, England, Nederland) og overnattar i telt, for eksempel. 

Sykkelturen i høgda langs muren var veldig fin, gode vegar, og eigne vegar der det var litt trafikk. Fekk med oss Birdoswald romarfort og lærte litt meir om romanane, før me trilla fint og flott inn i Haltwhistle, midt i England, og fann overnattingsstaden Hall Meadows veldig lett. Der blei me tatt imot i ein fantastisk hage av hund, mann og kone.