Viser innlegg med etiketten Belgia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Belgia. Vis alle innlegg

torsdag 21. juni 2018

Fin dag i Brügge og Damme

Oppvarming til turen Brügge - Amsterdam. 



Brügge er ein velutstyrd turistby, også på sykkelfronten: Fleire sykkelutleigestadar sentralt i byen, sykkel velkommen i alle gater, også mot einvegskøyring, og fine, skilta sykkelvegar frå knootpunkt til knootpunkt. Me leigde sykkel hos ein kombinert frisør og sykkelutleige, nei ikkje Sola video og tepperens, men nesten. Haar Zone Kapsalon og Bike Rental  Med rabatt frå hotellet, kosta det 10 euro pr dag pr sykkel! - med kart og sykkeltaske, og service på telefon dersom behov. Veldig kjekke folk.




Me sykla langs ein av dei mange kanalane ut av byen og 8 km langs Damme Vaart kanal til Damme, ein søt landsby. På torget var det marknad, det vil seie tre velutstyrde trailarar oppstilt, ein med kjøtt, ein med fisk og ein med ost og liknande. Etter kaffe og is sykla me ei anna løype gjennom mais- og potetåkrar tilbake til Brügge, med god skilting og nye knooppunkt var det aldri tvil om vegen, Rundt Brügge går det ein sykkelring av svært god kvalitet, og inne i byen er det greit å sykle. Det einaste problemet er at i sentrum er det mange turistar i vegen. Men ein skal ikkje langt ut før det problemet gir seg. - Sykling er vanleg i byen, bilane tar omsyn, og det er trygt å gå frå sykkelen. Heilt flott. 


Dagen avslutta i ølkroa De Garre, med øl ein ikkje får andre stader. 






søndag 17. juni 2018

Brügge - Gent (56 km)

Brügge (117000 innb.), Flanderens perle, er ein by med historie som truleg kan daterast tilbake til før-romersk tid. I mellomalderen var byen ein leiande handelsby, med børs frå 1309. Men kanalen til havet tetta seg til, Zeebrügge tok over som hamneby, og Antwerpen som finanssentrum. Men byen voks vidare som sentrum for tekstilindustri, håndverk og handel ei tid, men på 1800-talet var det slutt, og nedgangen i folketalet var på 75%. Men den økonomiske nedgangen gjorde Brügge interessant som turistby alt på 1800-talet, og derfor er gamlebyen tatt godt vare på og byen står på UNESCOs verdsarvliste. Turistinntektene blir systematisk brukt til å renovere mellomalderbygningar og promotere byen, og turistnæringa er nå den største.

Gamlebyen Brügge ligg innanfor ei rund vollgrav, og sentrale er plassane Markt og Burg.

M/S Zwantje

 Første etappe på turen Brügge - Amsterdam med Boatbiketours. 
Denne gongen blei me overtalte til å bli med gruppa på gruppesykling, 22 personar i ei lang rekke. Det gjekk uventa bra, godt organisert av Rikko. Rikko først, med ein frivillig til å alltid sykle sist og plukke opp halen. Dessutan hadde den som låg som nr 2 ei oppgåve: Å stoppe og vere vegvisar når det var eit eller anna vegkryss eller endringar på vegen. Dette gjekk veldig bra, og farten var fin. Vi fekk ein stopp ved eit krigsminnesmerke, ein herregård og ein tur gjennom ein skog som ikkje var i den originale turtraseesn,




Men ting kan skje når mange syklar saman, det som skjedde var at ei dame mista sykkelnøkkelen på ein kafe me var innom, Og utan nøkkel var sykkelen låst. Alle måtte vente, men ingen nøkkel. Det enda med at Rikko sykla til båten og henta ein reservenøkkel, 16 km, mens gruppa venta. Då han var dradd, blei nøkkelen funnen på do, men det blei likevel ei lang venting.
 
I store sykkelløp er det ofte utbrytargrupper. Først stakk eit felt på fire frå Irland og Canada, deretter følgde Norge. Det var ikkje vanskeleg. Finne vegen med kart, nodar, nodeliste, GPS og rute i store trekk langs ein kanal,




Me tok denne turen mellom anna fordi det oftast er vind frå sørvest i området, noko som inneber medvind store delar av ruta. Det var nordvest i dag, men det var fint det også. Og så er det tilnærma heilt flatt, så 55 km er ikkje langt. Belgia har kome seg mykje dei siste åra, det er mange og gode sykkelvegar, der du treng dei. Innfarten til Gent var for eksempel fleire kilometer bilfri sykkelveg langs kanalen. Og godt å sykle i sentrum også.



Gent - Dendemonde - St.Amands (40 - 53 km)

Sykkeltur langs elva Schelde, ei tidevannselv.  Vi sykla saman med heile den internasjonale gjengen ut av Gent. Det var lurt, for Gent er ein ganske stor by, og båten vår låg ikkje ved noko knutepunkt. Det gjekk forbausande bra å manøvrere 21 personar gjennom trafikken. For det første er sykkelvegnettet bra, og bilane tek omsyn til syklistar. Dessutan fungerte systemet til Rikko bra. Men dette var vaksne syklistar. På denne tida er tydelegvis skoleklassar på tur, og i eit ganske stort kryss passerte ein gjeng med mellom 50 og 60 12-åringar. Modige lærarar! Men og flott for ungane som kan få kome seg på tur. Ikkje alle like flinke å sykle, til og med. 

Rikko tok oss til ein nydeleg plass som heitt Laarne, derfrå tok vi avtstad på eiga hand. Det var vegarbeid nokså snart, og der var det nok forsvunne eit skilt. Det betydde at me og dei fire andre utbrytarane sykla feil. Takka vere GPS kom fann Hu der og Han der vegen, men Irland og Canada kom på villspor. Hurra for GPS. 

Belgia er eit flott blomsterland. Først og fremst er det fantastiske med hortensia overalt, men dei har også begynt å så blomar i staden for plen. 





Schelde er ei tidevasselv, og vi fekk sett på då elva gjekk «feil veg», innover i landet. Rart! Schelde  er ganske stor, og det er framleis ein del frakttrfikk på henne. På begge sider er det bygt dike som det er fint å sykle på, så elva er på mange måtar like viktig for turisme og friluftsliv som for transport. Det blir også anlagt naturområde og flaumområde 


Irland og Canada i hortensiaen!
Turen gjekk gjennom Laarne - Kalken - Dook - Dendermonde - Baasrode - Sint Amands. Vi sykla langs elva, tok ferje over elva, sykla over ei sluse og til slutt ombord i båten som ligg på Schelde. Litt vind gjorde turen litt anstrengande, men det er jo bra! 

St. Amands - Temse - Antwerpen (47/59 km)

På grunn av tidevatnet starta dag 3 med at båten gjekk kl 7. Zwantje har nokså svak motor, og når ho må gå mot straumen, tar det lang tid. Derfor gjekk båten før frokost. Det betydde at syklinga blei korta mykje ned, vi starta i Stendorp i staden for St. Amands. Vi hadde god tid, og hadde derfor tid til å gå inn på slottet Kruibeke, som opna tidlegare enn vanleg for å sleppe vår gruppe inn. Det spesielt flotte med dette slottet var at det var to turar gjennom det, den eine viste det herskapet opplevde, den andre viste tenarane si verd. Utruleg forskjellige - og det i same huset. Tenarane gjekk inn og ut av dører som var ein del av tapetet!

Vi blei altså med gruppa denne gongen og, Hu der melde seg frivillig til å sykla sist, og var plutseleg tilbake til tida som gymlærara, og sistemann på tur. Ikkje alle er like vane med å sykle. Men det var kjekt å sjå kor godt utplasseringa av personar i svingar og kryss verka. Alle kom heilskinna fram til båten i dag og. 

Ei spesiell oppleving i dag var å ta rulletrapp 60 m ned, så sykle under Schelde, og så ta rulletrapp opp igjen. Det er eit gammalt system, rulletrappa er av tre, og frå første del av 1900-talet. Interessant! Det går også ferjer over Schelde, som er nokså brei her i utløpet. - I Antwerpen er det masse gamle hus også, vi hadde tid til å sjå på alle dei flotte husa frå 14-1500-talet, husa til dei rike lauga som konkurrerte om å ha dei finaste husa. Kyrkja var også flott. Og sidan Antwerpen er ein levande by, har han også sin del av moderne bygg. 

Lauga kappast om å pynte husa mest. Dette er St. Georg og dragen.

Slottet i Kruibeke

HU Der med vest og walkie talkie klar til å være sweeper

Om kvelden låg båten langt ute i elva, om morgonen hadde elva krympa, sjå under.




søndag 8. oktober 2017

Sommaren 2018 - planlegging i god tid - Brügge - Amsterdam

Gode erfaringar med sykling i Nederland, kombinasjonen båt og sykkel, anbefalt rute og kjekk sykkelguide gjer at me alt i oktober har bestilt båt&sykkeltur for juni 2018. Det blir denne gongen Zwantje (lille svane) frå Brügge til Amsterdam, med Rikko Bulten som guide og Boat and bike som arrangør.


Ruta er slik Brügge - Gent - Dondemonde - St. Amands - Antwerpen - Kreekrak sluser- Tholen - Willemstad - Dordrecht - Kinderdijk - Schoonhoven - Vianen - Breukelen - Amsterdam. Me vil besøke fire større byar, alle historisk interessante, og passere mange interessante landsbyar kvar dag. Me vil reise på kanalar og elver (Rhinen, Meuse, Schelde), ei tidevasselv og passere store dike, sjå dei 19 berømte vindmøllene på Kinderdijk, som blei laga for å pumpe ut vatn frå innsida og ut i havet. Dette er nok ein veldig flott tur.

Til ein viss grad kan me velje kort eller lang sykkeletappe, oppsettet viser dagsetappar frå 25 til 50 km. Ikkje til å slite seg ut av i det flate landskapet, men nok til at det kjens godt. Det skal også normalt vere ein del medvind denne retningen.