Viser innlegg med etiketten båt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten båt. Vis alle innlegg

søndag 26. juli 2020

Telemarkskanalen med båt Dalen - Lunde

Siste del av sykkeljakken Telemarkskanalen var retur fra Dalen til Lunde med båt på vatna og i slusene. Henrik Ibsen, som vi tok, var ein restaurert versjon av ein svensk rutebåt frå 1907. Absolutt fin, med raud fløyel på stolane i fin salong, og kappe til pynt utanpå. Syklane blei manuelt løfta  opp på øvre dekk. Elsyklar er ganske tunge, sjølv utan batteri. Då syklane skulle ut, på Lunde, blei det gjort slik at folk gjekk av på eitt slusenilvå, så gjekk båten inn i slusa og ned eitt nivå, og så blei syklane løfta av. Men også her var det eit godt stykke ned. 





Første innsjø er Bandak. Fjellsidene går rett ned i denne innsjøen, og det er svært liten plass til hus og vegar. Det er nok forklaringa på at sykkelrute 2, den vi sykla på, ikke følgjer Telemarkskanalruta, men tar av til Vrådal og går heile vegen langs Vråvatn før ruta igjen går ned Bandaksli og følgjer den private vegen inn til Dalen. Sykkelrute er svartbstipla på kartet under. 

Svar det slusene, Hogga var den mest imponerande, ei sluse som måtte tåle trykket fra Bandak, Kviteseidvatnet og Flåvatnet. Vidare fekk vi med oss Kjeldal og Lunde sluse før vi gjekk av, fekk syklane og freste opp bakkane til Lunde vandrerhjem kor bilen sto fint og venta på oss. Så var det kjøretur heim. Det er ganske langt når ein legg ruta inn på småvegar...

Heilt flott tur, og stor kontrast til det vi er vane med. Ingen frakta bagasjen, ingen kafear, butikkar eller bakeri undervegs, men fantastisk natur og gode overnattingar, samt ein eineståande båttur. - OG veret var fint. 17 - 20 grader og sol. 

søndag 17. juni 2018

Dordrecht- Kinderdijk - Schoonhofen - Vianen (55 km)

Rett og slett ein herleg dag. Turen i dag starta med ein tur med hurtigbåt, waterbus, frå Dordrecht til Alblasserdam, deretter var det ein kort sykkeltur til dei 19 berømte vindmøllene i Nederland, Kinderdijk. Vindmøllene blei laga på 1700-talet for å pumpe ut vatn frå Ablasserward-polderen, og er delvis i bruk i dag, når det er mykje regn og dei motoriserte pumpene ikkje held unna. Kvar vindmølle løfter vatnet opp eit nivå, og etter fleire slike kjem vatnet over havnivået og kan pumpast ut i elva som går til havet. Nederlanda har godt land, så folk begynte tidleg å slå seg ned der. Men det blei for knapt med det tørre landet, og dei drenerte det med kanalar. Resultatet var at vatnet sokk, og det måtte gjerast noko. Resultatet var kanalar, dike og pumper. Veldig imponerande, og noko som bare kan gjerast når mange samarbeider. Det kan vere ei forklaring på det velorganiserte landet Nederland er. Gud skapte jorda, men hollendararne skapte Holland.




På kartet ser vi kor lite Nederland hadde vore utan arbeidet mot vatnet, bare det kvite er over havnivå heile tida. Me sykla og såg, kanal på kanal, på kanal. Kanal mellom jordstykka, kanal rundt eigedommane og kanalar langs vegane me sykla på. Nokre stadar var det stor høgdeforskjell mellom kanane på venstre side av sykkelstien og høgre. Sist på turen sykla me også på diket ut mot elva Lek, ei sidegrein av Rhinen. 

Det var lunsj i Schoonhoven  og slutt på etappen i Vianen, men inntrykka frå denne dagen var frå turen; det store kanalarbeidet som er gjort, dei fantastiske hagane ut mot kanalen eller sykkelstien eller begge delar. Me var med i flokken denne dagen. Ein fordel når det var motvind ein del av strekket, og så fekk me med oss eit besøk på ein ostegard.



Me kjem også meir med i det sosiale når me er med i gruppa, og det er mange kjekke folk med. Det er veldig greit med engelsktalande, sosialt innstilte personar. I dag avslutta me med fødselsdag og sjampanje!


Brügge - Gent (56 km)

Brügge (117000 innb.), Flanderens perle, er ein by med historie som truleg kan daterast tilbake til før-romersk tid. I mellomalderen var byen ein leiande handelsby, med børs frå 1309. Men kanalen til havet tetta seg til, Zeebrügge tok over som hamneby, og Antwerpen som finanssentrum. Men byen voks vidare som sentrum for tekstilindustri, håndverk og handel ei tid, men på 1800-talet var det slutt, og nedgangen i folketalet var på 75%. Men den økonomiske nedgangen gjorde Brügge interessant som turistby alt på 1800-talet, og derfor er gamlebyen tatt godt vare på og byen står på UNESCOs verdsarvliste. Turistinntektene blir systematisk brukt til å renovere mellomalderbygningar og promotere byen, og turistnæringa er nå den største.

Gamlebyen Brügge ligg innanfor ei rund vollgrav, og sentrale er plassane Markt og Burg.

M/S Zwantje

 Første etappe på turen Brügge - Amsterdam med Boatbiketours. 
Denne gongen blei me overtalte til å bli med gruppa på gruppesykling, 22 personar i ei lang rekke. Det gjekk uventa bra, godt organisert av Rikko. Rikko først, med ein frivillig til å alltid sykle sist og plukke opp halen. Dessutan hadde den som låg som nr 2 ei oppgåve: Å stoppe og vere vegvisar når det var eit eller anna vegkryss eller endringar på vegen. Dette gjekk veldig bra, og farten var fin. Vi fekk ein stopp ved eit krigsminnesmerke, ein herregård og ein tur gjennom ein skog som ikkje var i den originale turtraseesn,




Men ting kan skje når mange syklar saman, det som skjedde var at ei dame mista sykkelnøkkelen på ein kafe me var innom, Og utan nøkkel var sykkelen låst. Alle måtte vente, men ingen nøkkel. Det enda med at Rikko sykla til båten og henta ein reservenøkkel, 16 km, mens gruppa venta. Då han var dradd, blei nøkkelen funnen på do, men det blei likevel ei lang venting.
 
I store sykkelløp er det ofte utbrytargrupper. Først stakk eit felt på fire frå Irland og Canada, deretter følgde Norge. Det var ikkje vanskeleg. Finne vegen med kart, nodar, nodeliste, GPS og rute i store trekk langs ein kanal,




Me tok denne turen mellom anna fordi det oftast er vind frå sørvest i området, noko som inneber medvind store delar av ruta. Det var nordvest i dag, men det var fint det også. Og så er det tilnærma heilt flatt, så 55 km er ikkje langt. Belgia har kome seg mykje dei siste åra, det er mange og gode sykkelvegar, der du treng dei. Innfarten til Gent var for eksempel fleire kilometer bilfri sykkelveg langs kanalen. Og godt å sykle i sentrum også.



Gent - Dendemonde - St.Amands (40 - 53 km)

Sykkeltur langs elva Schelde, ei tidevannselv.  Vi sykla saman med heile den internasjonale gjengen ut av Gent. Det var lurt, for Gent er ein ganske stor by, og båten vår låg ikkje ved noko knutepunkt. Det gjekk forbausande bra å manøvrere 21 personar gjennom trafikken. For det første er sykkelvegnettet bra, og bilane tek omsyn til syklistar. Dessutan fungerte systemet til Rikko bra. Men dette var vaksne syklistar. På denne tida er tydelegvis skoleklassar på tur, og i eit ganske stort kryss passerte ein gjeng med mellom 50 og 60 12-åringar. Modige lærarar! Men og flott for ungane som kan få kome seg på tur. Ikkje alle like flinke å sykle, til og med. 

Rikko tok oss til ein nydeleg plass som heitt Laarne, derfrå tok vi avtstad på eiga hand. Det var vegarbeid nokså snart, og der var det nok forsvunne eit skilt. Det betydde at me og dei fire andre utbrytarane sykla feil. Takka vere GPS kom fann Hu der og Han der vegen, men Irland og Canada kom på villspor. Hurra for GPS. 

Belgia er eit flott blomsterland. Først og fremst er det fantastiske med hortensia overalt, men dei har også begynt å så blomar i staden for plen. 





Schelde er ei tidevasselv, og vi fekk sett på då elva gjekk «feil veg», innover i landet. Rart! Schelde  er ganske stor, og det er framleis ein del frakttrfikk på henne. På begge sider er det bygt dike som det er fint å sykle på, så elva er på mange måtar like viktig for turisme og friluftsliv som for transport. Det blir også anlagt naturområde og flaumområde 


Irland og Canada i hortensiaen!
Turen gjekk gjennom Laarne - Kalken - Dook - Dendermonde - Baasrode - Sint Amands. Vi sykla langs elva, tok ferje over elva, sykla over ei sluse og til slutt ombord i båten som ligg på Schelde. Litt vind gjorde turen litt anstrengande, men det er jo bra! 

St. Amands - Temse - Antwerpen (47/59 km)

På grunn av tidevatnet starta dag 3 med at båten gjekk kl 7. Zwantje har nokså svak motor, og når ho må gå mot straumen, tar det lang tid. Derfor gjekk båten før frokost. Det betydde at syklinga blei korta mykje ned, vi starta i Stendorp i staden for St. Amands. Vi hadde god tid, og hadde derfor tid til å gå inn på slottet Kruibeke, som opna tidlegare enn vanleg for å sleppe vår gruppe inn. Det spesielt flotte med dette slottet var at det var to turar gjennom det, den eine viste det herskapet opplevde, den andre viste tenarane si verd. Utruleg forskjellige - og det i same huset. Tenarane gjekk inn og ut av dører som var ein del av tapetet!

Vi blei altså med gruppa denne gongen og, Hu der melde seg frivillig til å sykla sist, og var plutseleg tilbake til tida som gymlærara, og sistemann på tur. Ikkje alle er like vane med å sykle. Men det var kjekt å sjå kor godt utplasseringa av personar i svingar og kryss verka. Alle kom heilskinna fram til båten i dag og. 

Ei spesiell oppleving i dag var å ta rulletrapp 60 m ned, så sykle under Schelde, og så ta rulletrapp opp igjen. Det er eit gammalt system, rulletrappa er av tre, og frå første del av 1900-talet. Interessant! Det går også ferjer over Schelde, som er nokså brei her i utløpet. - I Antwerpen er det masse gamle hus også, vi hadde tid til å sjå på alle dei flotte husa frå 14-1500-talet, husa til dei rike lauga som konkurrerte om å ha dei finaste husa. Kyrkja var også flott. Og sidan Antwerpen er ein levande by, har han også sin del av moderne bygg. 

Lauga kappast om å pynte husa mest. Dette er St. Georg og dragen.

Slottet i Kruibeke

HU Der med vest og walkie talkie klar til å være sweeper

Om kvelden låg båten langt ute i elva, om morgonen hadde elva krympa, sjå under.




søndag 8. oktober 2017

Sommaren 2018 - planlegging i god tid - Brügge - Amsterdam

Gode erfaringar med sykling i Nederland, kombinasjonen båt og sykkel, anbefalt rute og kjekk sykkelguide gjer at me alt i oktober har bestilt båt&sykkeltur for juni 2018. Det blir denne gongen Zwantje (lille svane) frå Brügge til Amsterdam, med Rikko Bulten som guide og Boat and bike som arrangør.


Ruta er slik Brügge - Gent - Dondemonde - St. Amands - Antwerpen - Kreekrak sluser- Tholen - Willemstad - Dordrecht - Kinderdijk - Schoonhoven - Vianen - Breukelen - Amsterdam. Me vil besøke fire større byar, alle historisk interessante, og passere mange interessante landsbyar kvar dag. Me vil reise på kanalar og elver (Rhinen, Meuse, Schelde), ei tidevasselv og passere store dike, sjå dei 19 berømte vindmøllene på Kinderdijk, som blei laga for å pumpe ut vatn frå innsida og ut i havet. Dette er nok ein veldig flott tur.

Til ein viss grad kan me velje kort eller lang sykkeletappe, oppsettet viser dagsetappar frå 25 til 50 km. Ikkje til å slite seg ut av i det flate landskapet, men nok til at det kjens godt. Det skal også normalt vere ein del medvind denne retningen.



fredag 30. juni 2017

(Spakenburg) - Huisen - Amsterdam


Siste dag på sykkel. Båten gjekk frå Spakenburg til Huisen medan me hadde frokost. Det hadde vore mulig å sykla frå Spakenburg, men denne turen er nok laga for personar som ikkje vil eller kan sykle så langt som over 60 km pr dag, derfor første del med båt. Turen er lagt opp slik at alle høgdepunkt i området er med.

Høgdepunkta i dag var var garnisonsbyen Naarden og sluse- og slottbyen Muiden. I Naarden er åttekanta med vollgrav og festningsverk. 


Muiden er kjent for slusa som regulerer eit heilt vannsystem innover i Nederland. I ein tidlegare krig slepte dei vatn inn i området sør for Muiden for å vanskeleggjere framrýkkinga til fienden. 


I Muiden prøve me kippering, laga i ei bu på gata som bare selde fisk. Kippering er fish & chips utan chips, og nylaga var dette veldig godt.


Så skulle me sykle inn i Amsterdam. Innsykling i byar er lakkmustesten på om eit land har ein god sykkelpolitikk. Og Nederland besto testen, igjen. Vel var første del frå Muiden ikkje så koseleg, med høgspentlinje over oss, og motorveg, bussveg, vanleg veg på venstre side av oss. Me følgde knutepunkta som tok av frå den store vegen og sykla så på ei tynn landstripe i mellom to breie kanalar. På denne landstripa var det ikkje bebygd, for her gjekk dei svære høgspentkablane over oss. Men naturen sjølv hadde pynta langs vegen, og sykkelvegen var god.

 Enden av vegen munna ut i fantastisk, prisbelønna sykkel- og gangbru. Nesciobrua. Eg har aldri sett maken. Brua er 800 meter lang, og har kurver. Brua er mykje brukt, og betyr nok at ganske mange fleire kan bruke sykkel på jobb.


Frå brua og vidare innover i byen var det samanhengande sykkelveg heilt fram til Centraal-stasjonen. Når vegar skulle kryssast, var det eigne lys for syklar. Etterkvart som me kom inn i byen, blei det ganske fullt på sykkelstiane, her var det ikkje bare å stoppe midt i vegen for å leite etter skilt, ein måtte anten følgje straumen eller kome seg ut på sida. - Og fotgjengarar måtte bare passe seg.  - Me sykla i tunnell under sentralstasjonen og vidare ut til båten fann me og sykkelsti, og kom lett ombord.

Så var denne turen over. Ei ny erfaring er båt og sykkel, og muligheit til å sykle i gruppe med guide. Kjekt med kjentmann, me fekk mange opplysningar me elles ikkje hadde fått. Men me sykla "individuelt" heile tida. Dels for å kunne stoppe når me vil, dels fordi det er kjekt å finne vegen sjølv.

Å sleppe å pakke kvar dag som når ein syklar frå hotell til hotell er også ein fordel, men ein båtlugar er mindre enn eit hotellrom, for ikkje snakke om eit bad ombord på ein båt samanlikna med eit hotellbad. Eg var litt skeptisk til å ha same kokk kvar dag, men italienske Barbara har laga fantastisk god mat, så einsformig mat var det ikkje nødvendig å vere redd for. Under ligg Gandalf klar for tokt i Osterdok, i gåavstand frå sentralstasjonen.


Alle dei andre er tyske. Eg forstår tysk når dei snakkar til meg, men det er vanskeleg å delta i småsnakket ved bordet, så det blir kanskje litt kjedeleg ved måltida. Det hadde nok vore betre med ei blanding med fleire nasjonalitetar. Men elles er det fint med båt og litt korte strekk når helsa ikkje er heilt topp. I verste fall kan ein bli med båten i staden for å sykle!


Som vanleg kjøpte me turen av Pedalo, som brukte boat-bike tours som operatør. Profesjonelt på alle måtar. Svært god turleiar Rikko Bulten, ekstremt gode ruter og lett å finne fram, fine små byar, veldig godt sykkelstinettverk, svært god mat, kjekk skipper, reint og fint, fin ordning med sjølvbetning av drikke...



torsdag 29. juni 2017

Harderwijk - Spakenburg 53,3 km



Både startpunkt Harderwijk og endepunkt Spakenburg ligg ved det som tidlegare var Zuiderzee. I januar 1916 var det storm, springflo og ei stor oversvømming av området. Etter det blei utløpet til Zuiderzee lukka av demninga Afsluitdijk. Det hadde lenge vore planar om å lukke bukta, men det var først etter storflaumen at planane skaut fart. Afsluitdijk stod ferdig i 1932 og Zuiderzee vart IJsselmeer og store område vart tørrlagt og omgjort til polderar. Dette enorme prosjektet, kalla Zuiderzeeprosjektet varte frå 1919 til 1986, og av dei tørrlagte områda oppstod provinsen Flevoland i 1986. Dei opphavlege planane var òg at dei sørvestlege delane av Zuiderzee skulle tørrleggast. Det vart bygd ei dike på tvers av den gamle bukta, men prosjektet har sidan 1980-åra vore på vent, i følge kapteinen på båten fordi ein fann ut at natur var viktigare enn land. 

Me har bare sykla på den gamle delen av Nederland, men rett over bukta frå Spakenburg har me "det nye landet" Flevoland. Det me spesielt legg merke til er ei heil rekke med vindmøller, moderne vindmøller på ei lang rekke.


I dag avslutta me turen på polderland og oppå eit dike. Det var slik eg hadde tenkt ein sykkeltur i Nederland skulle vere, sykle over jordbruksland på den store flatheten og ein og annan landsby. Slik har det ikkje vore. Rett nok var den siste timen i dag slik, elles har det vore mykje skog og landsbyar, me har sykla på fleire sider av ein stor skog som heiter Veluwe. Det er ein gammal skog med svært høge tre, både løv- og barskog. Og faktisk litt kupert.


Sykkelsti i Nederland heiter vietspad. Det er det ekstremt mykje av. Undelaget varierer: Støypte plater som er gode å sykle på, hardstampa grus som er litt tyngre å sykle på, men heilt ok. Vanleg er og støypte steinar lagt i fiskebeinsmønster,  det ristar og humpar litt og sjølvsagt er det asfalt. Ein del av sykkelstiane går også på vegar, enten gardsvegar eller ein tydeleg tildelt del av vegen, kvite striper eller rødmaling eller begge delar. El-sykkelgjengen var svært begeistra over vegen som var merka: Sykkelveg, bilen er ein gjest. Syklar kan konsekvent kjøre mot einvegskøyring, men skal halde seg unna fotgjengaren sitt område, både fortau og gangområde i sentrum av byane (kan sykle i gangfart, ser det ut til). I nokre vegkryss og rundkjøringar har syklistane forkjørsrett. Bilistane er fantastiske til å ta hensyn. Ser dei ein syklist som kanskje tenkjer på å krysse vegen, så stoppar dei. - Slike kryssingar er merka tydeleg, det gjeld ikkje over alt.

I byen Putten var me innom minnesmerket etter ein gjengjeldingsaksjon etter at ein tysk offiser var drepen av nederlandska motstandsfolk. I 1944 blei byen brend, og nesten alle menn blei sende til konsentrasjonsleirar. Av 602 som blei sende til leirane, kom bare 49 tilbake.


Spakenburg var eit syn. Opprinneleg fiskarlandsby, men utviklinga har stoppa opp, sidan Zuidersjøen blei ferskvatn og atkomsten til Nordsjøen blei borte. Mange treskuter, kommersielt drive trebåtbyggeri/ - verkstad, den gamle hamna med tronge gater og små, koselege hus som det ennå bur folk i. Ikkje til å tru! Dette kunne lett ha vore ei turistfelle. Og me såg faktisk eit par damer i den tradisjonelle hollandske kjolen, ei av dei på !



onsdag 28. juni 2017

Kampen - Elburg - Harderwijk

Kampen har som hansaby ein eldgammal tradisjon for handel og skipsfart og er kjend for sine gamle hus, blant anna har dei eit rådhus og mange kyrkjer som er bygde på 1300 og 1400-tallet.  Byen har ei av de best bevarte gamle bykjernene i Nederland, blant anna restane av den gamle bymuren (sjå kartet under frå 1652) og dei mange kyrkjene. 


Kart av Kampen 1652. Godt festningsverk. 
På det gamle kartet ser me gamle festningsverk. Dei er nå bytta ut med flaumbeskyttelse, dels murar, dels portar som kan stengjast på kort varsel. Sterke konstruksjonar som skal halde vatnet ute. 

I byen fins mange minne etter ei rik hansatid: gamle fiskebåtar og koggar, og mange bygnigar som skulle vise fram rikdommen til kjøpmennene. Me såg også ein bitteliten bustad og baksida av ein gammal tobakksfabrikk, den siste som var igjen, sjå bilete.


Dette var ein våt dag. Det regna kattar og hundar ein del av tida, men med godt regntøy var det ikkje så verst, for det var ikkje så kaldt. Problemet er at ein når det regnar syklar raskare og ikkje ser så nøye på skilta og kartet, så det som måtte hende, det hende. Me sykla feil. Ruta var i dag i utgangspunktet ganske lang, men me klarte å utvide henne ganske godt. Det blei nok opp mot 70 km i regn og vind. Det betyr at det gjekk ganske raskt på slutten, slik at me akkurat nådde middagen i båten kl 18.30. Alle sat benka då me kom dryppvåte inn, applaus! Men ingen sure miner. - Og god middag i dag også, og høg stemning!

Folk er svært hjelpsomme og imøtekomande i dette landet. Våre tyske venner på elsykkel møtte ein god vegvisar i Kampen då det var arbeid på vegen og omsykling. 

Men ekstra flott var det då me sykla feil, og gjekk inn i eit hagesenter for å lesa kart og bruke Google-map under tak. Staden det hende heiter Mulligen, verkeleg ingen stor stad. Me blei bydd kaffe, og dama som ikkje kunne engelsk, henta sonen som snakka det. Han forklarte fleire alternative ruter og fekk oss inn på vegen igjen. Koseleg! Me kunne sikkert ha fått overnatta også dersom me hadde hatt behov. 


Elburg (23000 innb) er eit syn. Byen har også røter tilbake i steinalder og romartid. I perioden 1392 - 1396 var byen bygd opp igjen etter ein storflaum etter ein byplan med kvadratiske kvartal. (Det må vel vere rekordtidleg!) Denne bystrukturen fins ennå. Også Elburg var ein hansaby. Men det gjekk tilbake med byen utover i moderne tid. Innbyggjarane nekta å betale for ein jernbanestasjon, så toget går forbi. Fisket minska då Zuidersjøen blei danna av eit dike mot Nordsjøen. Tilbake sto då Elburg med mellomalderbyen som dei viser fram til turistar, men det er slett ikkje dårleg, og det var ikkje fullstappa med turistar, det er tydelegvis ikkje slik her i denne delen av Nederland. 




tirsdag 27. juni 2017

Deventer - Hattem - (Kampen)

Deventer er for oss litt vaksne nordmenn skøyteløp. VM for menn i gullalderen, 1969 og 1973, då vi sat med skjema og noterte rundetider til og med på 10.000 meter. Men Deventer er så mykje meir. Dei har styltefestival, stor bokfestival og Charles Dickens-festival. Byen er kjend for honningkakene sine, og Deventer er ein hansaby. Rikko tok oss på byvandring, og viste oss kyrkja, med opne rom der helgenane skulle ha vore. Forklaringa kunne vere dårleg råd, men truleg var det reformasjonen som tok statuane som skulle ha vore der. Bildet under viser Erasmus Rotterdamus som gjekk på latinskole i Deventer, og var avbileta i eit vindauge over døra til skolen. 


Igjen ein fin dag med sykling fra knutepunkt til knutepunkt. Små, idylliske byar, sykling på dike, jordbruk og skog. Og ferje over Ijssel:

Det mest interessante i dag var å passere eit stort område som er i ferd med å bli eit område med reserveplass for vatnet når det blir ekstrem vannstand. Det blir gjort på den måten at det blir bygd nye demningar på 8 og 7 kilometer som rammar inn eit område som blir liggjande som ei øy mellom elva Ijssel og det nye reservereservoaret Vallei en Veluwe, mellom landsbyane Veessen og Wapenveld. Arbeidet er i avslutningsfasen, og me sykla over to fine bruer som såg ut til å gå over tørt land, men som med berekna frekvens 1 gong pr 100 år vil blir bruer over vatn, inn til gardane som då blir liggjande som øyer. Fordelen med ei slik ordning er heilt klar å unngå flaumar. Når det blir gjort på denne måten, er det også slik at landskapet er i bruk til jordbruk og fuglar alle dei andre 99 åra. - Men for eit strev! Og dette er bare eitt av 30 tiltak mot flaum.

Skipperen fortalde om alle demingane Nederland har bygt mot havet, og det nye landet som er "tatt" frå havet. Ikkje utan omkostningar, grunnvatnet i tilgrensande område sig når det ikkje er kanal mellom gammalt og nytt land, for eksempel. Men mange har flytta inn i områda som før låg under vatn, og det ser ut til å gå bra. 


Me kom fram til den vesle byen Hattem i fin form. Hattem er også ein idyll med alt på plass: Vindmølle, gamle hus, stor kyrkje og koseleg torg. - Vi gjekk ombord, og kl 18.00 tøffa båten vidare til Kampen.