Viser innlegg med etiketten Hafrsfjord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hafrsfjord. Vis alle innlegg

søndag 18. juni 2017

I tettbygde strok - men lite bilveg - Rundtur Sandnes - Stavanger

Det er bygd mykje bra av gang- og sykkelvegar dei seinaste åra. Vi hadde ein fin runde i dag, med innlagd sosial vaffelstopp i Våland kolonihage, og fantastisk fin kunstutstilling på Rogaland kunstmuseum - Kitty Kielland. Runden var på 42 km, kart nede på sida.

Det herlege, utan trafikk, starta på Lura, sykkelstien langs Gandsfjorden blir vi aldri leie av. Sidan vi skulle til Tjensvoll, tok vi av ved Hillevåg, kryssa bussvegen (Rv 44) og Kildensenteret og kom opp til sjukehuset og vidare til Våland kolonihage på småvegar. I Våland kolonihage var Anton med foreldre, ein liten stopp der.

Vi sykla ut av kolonihagen like ved inngangen til Ryfast-tunnelen, over motorvegen på gangbru, og på sørsida av Mosvatnet og rundt det til kunstmuseet.
Tun på Kvalbein - Kitty Kielland

Kitty Kielland-utstillinga blir ståande til litt utpå hausten. Eg anbefaler alle, med eit snev av kunstinteresse, å ta turen innom. Mange flotte maleri, mange frå Jæren, samt kunsthistorie og litt kulturhistorie på veggene. Og dekor for Egersund Fayanse, bekkeblomst av Kitty Kielland.



Turen gjekk vidare gjennom det store utstillingsområdet til Stavanger forum, ned til gangvegen som går langs bekken gjennom Madla (Madlabekken?) til Møllebukta. Der var det vikingmarknad og mykje folk. Vi kom oss forbi, sjølv om bilane også hadde parkert i sykkelstien. Turen langs Hafrsfjord er også flott, og sykkelstien har utmerka kvalitet. Derfrå over Grannes til "Rumagkrysset" ved motorvegen, til Sørnes og igjen: Over ein sykkelveg i det grøne til Forus. På Forus er det mange sykkelvegar å velje mellom, og det er gjort ein del arbeid med det som sikkert skal bli sykkel-motorvegen. - Vi kryssa motorvegen ved kollektivbrua ved Statoil, og derfrå var det inn på diverse bilvegar heilt til vi kom opp Austråttvegen og kunne sykle på gang- og sykkelvegen nedanfor Austrått og Høyland skole.

Ein kjekk tur med fine sykkelstiar!



søndag 25. november 2012

Rundtur Lura - Stavanger - Madla - Forus - Lura nesten bare på sykkelsti

Utsikt over Gandsfjorden mot aust
Laurdag 24. november kl. 12.15 - 16.15 var det opphaldsver med solgløtt, 8 - 9 grader og nesten vindstille. Sykkelen hadde stått i ro i garasjen lenge, batteriet på lykta og sykkelcomputaren var utlada, men kva gjorde vel det? Ut på tur før regnet kjem igjen! TUR! Ikkje transport til jobb eller treningsrunde.

Vi fann ein flott runde på ca 40 km, nesten alt på sykkelsti, eigen sykkelveg eller i lite trafikkerte gater. Veldig bra. Vi ser bort frå strekket vi måtte ta til og frå, langs Nordestraen, det er tragisk at det ikkje er blitt betre der.

I forklaringa bruker eg namn frå sykkelkartet for Nordjæren. Første delen av turen er for ny til å vere med på kartet, men han går langs jernbanen.

Velodromen over Tjensvollkrysset, bare for mjuke traffikantar
Forklaringa begynner på Lura, vi sykla Gamlevegen mot Lurahammaren frå nord. Til høgre ned Lurastø,  tok undergangen under jernbanen og sykla nordover på sykkelstien mellom jernbanen og Gandsfjorden. Vi passa på å nyte dette, det var bare flott. Heldt deretter til høgre etter Mariero stasjon, og sykla gjennom Vaulen badeplass, sjølv om merkinga viser på "innsida" av jernbanesporet akkurat der.

Steinsetting ved Møllebukta i Hafrsfjord

Det går an å ta seg ein bystopp i Stavanger, men vi sykla over gangbrua over Lagårdsveien, og kom inn på Indre Ring over Våland, passerte det gamle sjukehuset og Arkeologis museum. Ved Mosvatnet heldt vi til høgre og sykla Madlaruta. For første gomg sykla vi på den nye sykkelvelodromen over Tjensvollkrysset, sjå bilete, og vidare på brei sykkelveg til Madlakrossen.

Frå Madlakrossen tok vi nordover igjen, Madlaveien til Møllebukta, og inn på ny sykkelrute Hafrsfjordruta, som er nydeleg steinsett ut mot fjorden, sjå bilete.

I neste rundkjøring sykla vi sykla sørover over Grannessletta, ved Sørnes følgde vi skilting mot Forus (Sørmarkruta), under Nesbuvegen og inn på snarvegen mellom Sørnes og Forus som berre er for syklistar, fotgjengarar og rulleski (vi møtte to). På Forus skjer det store omleggingar heile tida, men det kjem til å bli veldig flotte forhold for syklistar på nordlege Forus. Litt verre var det i området ved Tvedtsenteret/ Elkjøp. Men når det var passert, var det fint langs Svanholmen og Vassbotnen. Endå betre blir det nå kollektiv/sykkelbrua over E39 blir ferdig (forsinka frå desember 2012 til vår 2013).

Vi sykla over E39 ved IKEA, på venstre side av RV44, og Stavangervegen retning Lura til slutt. Heile tida på fortau/sykkelsti. (Kaffe og dessert på Lura Turistheim passa godt før vi sykla gjennom trafikken på Nordestraen heim til Austrått.)






søndag 2. mai 2010

Randaberg og Stavanger mest på grus.

Fantastisk tur søndag føremiddag. Starta på
parkeringsplassen i Mekjarvik og følgde Nordsjøruta heile vegen til Hafrsfjordbrua. Verkeleg ei turistrute: Store delar heilt ute ved havet, på sti. Passerte Alexander Kiellandmonumnetet (plattformulykka 1980) og Svarthola på Viste (steinalderbuplass). Vil ein sykle fort, er ikkje dette rette løypa, men vil ein sjå vakker natur, havet og lyset,så er denne ruta verkeleg å anbefale. Etter å ha passert Hafrsfjordbrua sykla vi på turstien langs fjorden til Fluberget, framleis Nordsjøruta, forbi helleristningar mot Madla. Der skar vi inn mot golfbanen. Kryssa golfbanen med fare for å bli golfa ned, og fortsatte på sørsida av Store Stokkavann. Hadde eg ikkje gløymt kartet heime, hadde vi nok følgt Stokkavatnet til Tasta og sykla Tasta- eller Byfjordruta tilbake til Mekjarvik. I staden fekk vi ein fin tur gjennom Sandal, Eiganes - mange herskapelege bygg framleis, bispebustaden, Ledaal, Breidablikk, og nesten bilfritt i sidegatene - til sentrum, gjennom Gamle Stavanger og ut Byfjordruta derfrå. Siste del var den kjedelegaste: I Dusavikveien måtte vi bruke bilvegen. Ikkje bra. Betre på Grødem, der vi sykla gjennom byggefelt og søndagsstengde industriområde. Tilbake på Mekjarvik ville vi kjøpe is, men bua hadde lunsjpause! Fire ferjer til dagen gir vel rom for det.

Heile turen tok 3,5 timar i rooleg tempo, og med mange pausar. Har ein sprekt besøk, er dette ein flott dagstur, særleg for innlandsfolk.