Viser innlegg med etiketten London. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten London. Vis alle innlegg

lørdag 12. juli 2014

Crawley - London 60 km + 6 km


Fortsettelse England og mat. I Crawley hadde han der funne ein restaurant på Trip Advisor som heitte Happy Meeting. Då me endeleg fann lokalet, på baksida av eit varehus, ved vareleveringa, såg det ut til å vere ei take-away-sjappe med to triste bord i eit hjørne. Heldigvis fekk ikkje Hu der viljen, som var å finne noko anna, for då me gjekk inn, viste det seg å vere ein flott kinesisk restaurant i andre etg. God mat, og ikkje så dyrt.
Holiday Inn Gatwick Crawley var også greit. Turen er legt opp med fine hotell som arrangøren må ha fått god rabatt på. Crawley er ein ryddig soveby for London, med ganske uskjønne delar utbygde i nittenseksti- og sytttiåra. Men då me sykla ut mot London, kom me gjennom fine, litt eldre bustadstrøk. Me passerte Gatwick flyplass, på sida og delvis under, elles gjekk turen denne dagen gjennom nokre mindre byar (Horley, Redhill, Coulsdon, Carlshalton, Croydon) og ein stor, men svært mykje av traseen var i parkar, commons og greens, kilometervis og heilt nydeleg, sjå over.


Det er imponerande korleis engelskmenn held seg med parkar og grøne anlegg, på vegen på 66 km sykla me gjennom: Riverside Garden Park, Farthing Downs Tree Belt, Figgs Wood, Sparkle Wood, Devilsden Wood, Woodcote Park, Clockhose Recreation Ground, Woodmansterne Park, The Oaks Park (lavendel, sjå under), Tha Grove, Poulter Park, Deen City Farm, Ravensbury Park, Wandsworth Common, Battersea Park, Clapham Common og i sentrum St. James Park, Green Park og Hyde Park. Syklinga i London sentrum gjekk overraskande bra, men tok tid, så me var ikkje framme ved hotellet før 17.45, sjølv om me starte før 9 og hadde pik-nik. 


Eg hadde ikkje venta lavendelmark i London!
Traseen hadde ei stigning på 110 m på litt over 1 km, og ei litt skikkelig stignng til, elles var det nokså flatt og lettsykla. Me sykla på Nasjonal sykkelrute 20 og 21, deretter Londonrute 3 og 4 til Westminster Abbey. Bysyklinga i London gjekk overraskande bra, kanskje fordi det var lørdag ettermiddag? At me var ei større gruppe (me samla kvarandre opp på vegen) var sikkert også ein fordel i byen, Frå Westminster Abbey hadde Verde Natura merka veg gjennom parkar til hotell Premier Inn Kensington Olympia, og med kom fram kl 17.45, eit kvarter før innleveringsfrist for syklane.
ert 
På Chez Partick hadde me fin middag saman med Joanne og Harold, Canada, for å feira at me klarte det. Ein ganske krevande tur, variert, spennande. Nokre heilt strålande bra delar, nokre strekk langs trafikkert veg, variert ver (siste dag var svært bra), god vegbeskriving. Personalet i www.verde-natura.com var også svært hjelpsomme. 

fredag 11. juli 2014

Newhaven - Crawley 59 km


Newhaven ligg ved utløpet til elva Ouse. Over tid har elva tatt med seg singel som har hopa seg opp ved utløpet av elva og flytta det. På 1600-talet laga dei ein kanal gjennom denne banken av sand og singel, og då blei det ei beskytta havn innanfor, det var opphavet til moderne Newhaven, med to avgangar til Dieppe kvar dag. Men grusen fortsatte å hope seg opp, og seinare er det bygd moloar for å styre dette.

Premier Inn Newhaven, heilt ok, men me bare sov der og hadde frokost.æ

National Cycle Network er eit rutenett i England drive av Sustrans. Det er ruter på kryss og tvers i Storbritannia, både eigne sykkelvegar, men ofte på vegar med lite trafikk. Vi syklar på NCN 2, NCN 20 og NCN 21 på vegen mot London.

Me sykla frå Newhaven langs klippene i South Downs til Brighton, som med sin flott pir, kafear og gammelby er ein populær ferieby i England. Først langs havna i Newhaven, deretter inn i bustadstrøk litt oppi høgda, deretter gjennom bustad- og feriehusstrøk i små nabobyar som Peacehaven og .... Deretter var det sykkelsti langs vegen, trygt, men bråkete. Heldigvis leia Nature Verte oss ut av NCN 20, og ned på strandpromenaden inn til Brighton. Der sykla me med klippene over oss på høgre side og havet på venstre i meir enn 4 km, for så å sykle vidare langs byen Brighton sin promenade. Flott.


Frå Brighton går vegen 90 grader rett inn i Sussex sitt bølgande landskap, kor me også passerar Devil's Dyke, ein dal som i følgje ein legende skal vere utgraven av djevelen. Bølgande landskap betyr opp og ned, ned og opp. Ruta var svært variert. Det mest primitive var stiar som nesten var gjengrodd, for eksempel med brennenesle, svært mykje av ruta gjekk på minimalt trafikkerte landevegar med fantastisk flotte eigedommar (er det bønder eller rike byfolk som bur slik?), men vi sykla også ein del saman med bilar. Då gjer eg meg så smal eg kan og sykøar på og likar meg ikkje. Her er også forbetringspotensial. Inn i Crawley tok ruta oss inn gJennom Tilgate Forest, eit stort naturområde. Trass i kupert landskap, regn og yr, så er me ikkje utsletne. Hurra!

Eg tar tilbake at stygt eg har tenkt og sagt om engelsk mat. Den beste lunsjen til nå hadde me på pubben Duke of York i Sayers Common. Salat med steikt laks, alt friskt og varmt. Etter middels mat i Frankrike, ein opptur. 

mandag 31. mars 2014

Bysyklar i London

London by, sponsa av Barclay, har klart å få til eit svært godt bysykkelsystem. Det er mange syklar, tett med oppstillingsplassar, godt vedlikehald og ei svært god internettside med alle typar opplysningar, mellom anna kor mange syklar som er inne på kvar oppstillingsplass. Ein grunn til at det var mange syklar inne heile tida, var betalingssystemet slik at den første halvtimen var gratis, etterpå steig prisen ganske mykje kvar halvtime. - Sette du frå deg sykkelen, kunne du begynne på ny halvtime etter fem minutt. 

Pippi hadde vore i London før, og gjorde eit godt arbeid med å få med både Tommy, ho som ikkje er Annika og Prussiluskan med på tur den søndagen vi hadde i London etter ein dysleksikonferanse.



Pippi fekk oss raskt På Sporet frå marknad til marknad, de var jo søndag. Først til Camden-marknaden kor det blei litt handling, peruiansk og etiopisk mat frå buer og forfriskningar. I folkemengda var det herleg å sleppe å bry seg om syklane, det er tydeleg å sjå på Pippi og ho som ikkje er Annika at dei slett ikkje bekymrer seg for syklane --->

Etter Camden sykla vi eit heilt stykke til blomemarknaden i Shoreditch. Og før vi trykka oss inn i marknadsgata Columbia Road, var syklane parkerte.

Etter tredje sykkeluttak klarte Pippi  å finne vegen tilbake til hotellet sjølv om kartet hadde reist frå oss. Godt gjort. - Einaste typiske Pippihandling var då ho skar til høgre tvers over fire filer for å ta ein sving.

Så var det kritikken. Vi måtte sykla i gatene. Det beste London hadde å by på, var bussfiler, men der var jo dei irriterande bussane. Like før nokre lyskryss var det laga nokre rørande sykkelfiler, ca fem meter, og plass for syklistar framfor bilane i sjølve krysset. - Det skla vere sykkelmotorvegar i London, men ikkje der vi var.

Wikipedia har ei fin side om sykling i London.

lørdag 4. januar 2014

Sommaren 2014: Paris - London

Det bli tur frå Paris til London i juli. Turen består av fire sykkeldagar i Frankrike, ferje over kanalen og to sykkeldagar i England, totalt mellom 300 og 370 km på to hjul. Turen skal store delar av tida gå på Avenue Verte, sykkelvei som dei prøvde å få ferdig til London-OL 2012, men som ikkje er heilt ferdig ennå.

Vi syklar ut frå Paris langs Seinen, gjennom Eptedalen, kor Monet måla vannliljene sine, inn i Epte-dalen kor mange av impresjonistane, m.a. Cezanne og van Gogh, henta inspirasjon til maleria sine. Vidare på nedlagde jernbanestrekk, småvegar og parkar gjennom Normandie til havnebyen Dieppe. Derfrå går ferja til Newhaven, kor vi syklar langs dei kvite klippene til Brighton, så inn i Sussex til London på sykkelstiar og gjennom parkar.