Viser innlegg med etiketten Kampen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kampen. Vis alle innlegg

onsdag 28. juni 2017

Kampen - Elburg - Harderwijk

Kampen har som hansaby ein eldgammal tradisjon for handel og skipsfart og er kjend for sine gamle hus, blant anna har dei eit rådhus og mange kyrkjer som er bygde på 1300 og 1400-tallet.  Byen har ei av de best bevarte gamle bykjernene i Nederland, blant anna restane av den gamle bymuren (sjå kartet under frå 1652) og dei mange kyrkjene. 


Kart av Kampen 1652. Godt festningsverk. 
På det gamle kartet ser me gamle festningsverk. Dei er nå bytta ut med flaumbeskyttelse, dels murar, dels portar som kan stengjast på kort varsel. Sterke konstruksjonar som skal halde vatnet ute. 

I byen fins mange minne etter ei rik hansatid: gamle fiskebåtar og koggar, og mange bygnigar som skulle vise fram rikdommen til kjøpmennene. Me såg også ein bitteliten bustad og baksida av ein gammal tobakksfabrikk, den siste som var igjen, sjå bilete.


Dette var ein våt dag. Det regna kattar og hundar ein del av tida, men med godt regntøy var det ikkje så verst, for det var ikkje så kaldt. Problemet er at ein når det regnar syklar raskare og ikkje ser så nøye på skilta og kartet, så det som måtte hende, det hende. Me sykla feil. Ruta var i dag i utgangspunktet ganske lang, men me klarte å utvide henne ganske godt. Det blei nok opp mot 70 km i regn og vind. Det betyr at det gjekk ganske raskt på slutten, slik at me akkurat nådde middagen i båten kl 18.30. Alle sat benka då me kom dryppvåte inn, applaus! Men ingen sure miner. - Og god middag i dag også, og høg stemning!

Folk er svært hjelpsomme og imøtekomande i dette landet. Våre tyske venner på elsykkel møtte ein god vegvisar i Kampen då det var arbeid på vegen og omsykling. 

Men ekstra flott var det då me sykla feil, og gjekk inn i eit hagesenter for å lesa kart og bruke Google-map under tak. Staden det hende heiter Mulligen, verkeleg ingen stor stad. Me blei bydd kaffe, og dama som ikkje kunne engelsk, henta sonen som snakka det. Han forklarte fleire alternative ruter og fekk oss inn på vegen igjen. Koseleg! Me kunne sikkert ha fått overnatta også dersom me hadde hatt behov. 


Elburg (23000 innb) er eit syn. Byen har også røter tilbake i steinalder og romartid. I perioden 1392 - 1396 var byen bygd opp igjen etter ein storflaum etter ein byplan med kvadratiske kvartal. (Det må vel vere rekordtidleg!) Denne bystrukturen fins ennå. Også Elburg var ein hansaby. Men det gjekk tilbake med byen utover i moderne tid. Innbyggjarane nekta å betale for ein jernbanestasjon, så toget går forbi. Fisket minska då Zuidersjøen blei danna av eit dike mot Nordsjøen. Tilbake sto då Elburg med mellomalderbyen som dei viser fram til turistar, men det er slett ikkje dårleg, og det var ikkje fullstappa med turistar, det er tydelegvis ikkje slik her i denne delen av Nederland. 




tirsdag 27. juni 2017

Deventer - Hattem - (Kampen)

Deventer er for oss litt vaksne nordmenn skøyteløp. VM for menn i gullalderen, 1969 og 1973, då vi sat med skjema og noterte rundetider til og med på 10.000 meter. Men Deventer er så mykje meir. Dei har styltefestival, stor bokfestival og Charles Dickens-festival. Byen er kjend for honningkakene sine, og Deventer er ein hansaby. Rikko tok oss på byvandring, og viste oss kyrkja, med opne rom der helgenane skulle ha vore. Forklaringa kunne vere dårleg råd, men truleg var det reformasjonen som tok statuane som skulle ha vore der. Bildet under viser Erasmus Rotterdamus som gjekk på latinskole i Deventer, og var avbileta i eit vindauge over døra til skolen. 


Igjen ein fin dag med sykling fra knutepunkt til knutepunkt. Små, idylliske byar, sykling på dike, jordbruk og skog. Og ferje over Ijssel:

Det mest interessante i dag var å passere eit stort område som er i ferd med å bli eit område med reserveplass for vatnet når det blir ekstrem vannstand. Det blir gjort på den måten at det blir bygd nye demningar på 8 og 7 kilometer som rammar inn eit område som blir liggjande som ei øy mellom elva Ijssel og det nye reservereservoaret Vallei en Veluwe, mellom landsbyane Veessen og Wapenveld. Arbeidet er i avslutningsfasen, og me sykla over to fine bruer som såg ut til å gå over tørt land, men som med berekna frekvens 1 gong pr 100 år vil blir bruer over vatn, inn til gardane som då blir liggjande som øyer. Fordelen med ei slik ordning er heilt klar å unngå flaumar. Når det blir gjort på denne måten, er det også slik at landskapet er i bruk til jordbruk og fuglar alle dei andre 99 åra. - Men for eit strev! Og dette er bare eitt av 30 tiltak mot flaum.

Skipperen fortalde om alle demingane Nederland har bygt mot havet, og det nye landet som er "tatt" frå havet. Ikkje utan omkostningar, grunnvatnet i tilgrensande område sig når det ikkje er kanal mellom gammalt og nytt land, for eksempel. Men mange har flytta inn i områda som før låg under vatn, og det ser ut til å gå bra. 


Me kom fram til den vesle byen Hattem i fin form. Hattem er også ein idyll med alt på plass: Vindmølle, gamle hus, stor kyrkje og koseleg torg. - Vi gjekk ombord, og kl 18.00 tøffa båten vidare til Kampen.