Viser innlegg med etiketten sykkelmotorvei. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sykkelmotorvei. Vis alle innlegg

lørdag 1. november 2014

Sykkel gjer byar godt - om sykkelen, bilen og byen.


København og Amsterdam har forstått det, nå kjem andre byar etter. Den bevisste satsinga på sykkel som
København har gjort har medført eit betre byrom. Byen har få parkeringsplassar, nesten bare 1/3 av det Oslo har. Jan Gehl, som har vore sentral i byutviklinga i København seier at bilen er destruktiv for byutviklinga, og ser nå at ein har nådd eit metningspunkt. Fleire byar har begynt å satse på sykkel.

Firmaet Copenhagenize har bidratt med idear frå København i Paris, Bordeau, Sevilla, Barcelona, hamburg, Berlin, Malmø, Melbourne og New York. Siste er Singapore med ein 23 km sykkelveg rundt flyplassen.

Sykkelvegane i København er dei som først bli salta og måka om vinteren, dei har ofte to filer i same retning, når dei kryssar ein annan veg, er det sykkelfeltet som har forkjørsrett, trafikken er altså på syklisten sin premissar. Gehl seier vidare: lagar du sykkelstiar, får du fleire syklar, lagar du betre fortau, nye gågater og bilfrie torg, får du fleire til å gå. Du får det du inviterer til.

Vi i Noreg har parkeringsnormer som gjer det vanskeleg å byggje større leiligheiter i sentrumsområde, vi byggjer rundkjøringar som gjer livet til syklistar farleg, vi har smale sykkelstiar og syklisten må stadig vike for bilen. - Og kven har sett at ein sykkelsti blir måka før vegen?

Ein dokumantarfilm om god byplanlegging er The Human Scale (2013):


Filmen Bikes vs. Cars under produksjon av Fredrik Gertten er ein film som skal vise kor mektig bilindustrien er, og gjerne provosere. Her illustrasjon frå aksjonen av Rebecca Mendez.


Innlegget er basert på lesnad av artikkelen Gatekamp av Ulrik Eriksen i D2 08.08.14.


lørdag 4. januar 2014

Sykkelmotorveg kan kome!

Stavanger Aftenblad har i dag eit stort oppslag om sykkelmotorvegen som nå blir planlagd mellom Sandnes og Stavanger. Overskrifta er 800 millionar for fem minutt, Dei framstiller det slik fordi ein syklist frå Stavanger til Forus kjem fem minutt fortare fram med ein slik veg i staden for slik han syklar i dag. Dei gløymer betra sikkerheit for syklistane, færre bilar på vegane og mindre behov for vegar og helsegevinst for syklistar. Eg synest motorvegen ser bra ut, men er ikkje sikker på om han kjem så raskt at eg kan bruke han til og frå jobb før eg blir pensjonist.

Film om dette, og reportasje, med ganske mange dumme kommentarar under, akkurat det Aftenbladet legg opp til med overskrifta. Dei bit på!