Viser innlegg med etiketten Amsterdam. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Amsterdam. Vis alle innlegg

søndag 17. september 2023

Alkmaar - Amsterdam 61km

 Dag 1 på sykkeltur i Nederland juli 2023. Skriving på etterskot.

For første gong drar vi på sykkeltur utan å møte ein einaste arrangerør. Litt rart, men når ting fungerer er det greit. Det held nok prisen nede. Vi betalte 805 euro pr person for sju overnattingar + 164 euro for leige av elsykkel. 

I hotellet i Alkmaar står leigesyklar på rekke og rad i kjellaren. Vi får kartmateriell og nummerert nøkkel i resepsjonen, og syklane er utrusta med sidetasker, pumpe og litt til eventuell reparasjon. Men for eksempel ikkje umbraconøkkel. Det får vi bruk for til å justere seta nokså snart: Sykle ikkje mange min med eit sete som "gnissar"! Første gong vi stoppa og prøvde å justere seta, var det ein veldig serviceinnstild nederlendar som ropa oss inn, henta fram sitt komplette sykkelverktøy og hjelpte oss (Bilete 1) Men det var ikkje heilt perfekt, så neste var å kjøpe verktøy i ein sykkelbutikk. Det har dei i det landet. (Neste: Ta med verktøy på sjølvbetent tur).

Den første dagen sykla vi i ein skog og gjennom mindre byar: Bollendorp, Heiloo, Akersloot (med den kjekke mannen), Uitgeest, Krommenie, Wermeerveer, Zaandijk, Krog aan de Zaan, De Heel, Landsmeer og så inn i Amsterdam via gratis sykkelferje. Mellom byane er det store og små vatn, dyrka jord, dyr som beitar og kanalar heile tida. Ved Zaandijk passerte vi ei rekke med gamle, flotte vindmøller, og fekk ei påminning om korleis det var å vere flokkturist (Bilete 3) - Det var hordar av turistar ved desse vindmøllene, elles få i landsbyane.

Det var veldig lett å finne fram heilt til vi kom til Amsterdam. Der er ikkje vegvisarane (knoopunkt) så tydelege. Men med hjelp av Google Map gjennom turistgatene fann vi likevel hotellet - som låg noko utanfor sentrum. Akkurat det var litt dumt når "han der" ikkje er så god til å gå. Vi vurderte å ta ut syklane, men fann likevel ein fantastisk spiseplass i ein park i nærleiken "Gin und Musselen" eller noko slikt (bilete 4). 

Turen gjekk i vesentleg grad sørover, og det var ein del motvind - då var det utmerka med elsykkel. 






fredag 14. juli 2023

Nederland 2023

 Nederland er svært god tilpassa sykling, Og saman med hundretusenvis av nederlendarar har me igjen tatt i bruk det fantastiske nettet kor me syklar på sykkelstiar og sykkelvegar frå knutepunkt til knutepunkt. Heile landet er knytt saman med eit nett av knootpunkt, eit system som er heilt topp utanfor byane, men av og til ikkje heilt perfekt i byane, Heldigvis har me også gps på telefonen i Amsterdam.

Årets tur går frå Alkmaar til Amsterdam til Hoorn til Medemblik til Den Helder til Texel og tilbake til Alkmaar (og vidare tar ne båt frå IJmuiden til Newcastle). Turen er heilt utan fysisk kontakt med reiseoperatør. Vi fekk rute og opplysningar i epost og i utskrift på det første hotellet der, eit hefte for kvar dag, og syklane sto klar i parkeringskjellaren med fullt utstyr, bortsett frå verktøy. Operatør for Pedalo er Dutch Bike Tours, og så langt (etter to dagar) ser det ut til å ha fungert godt. Håper bare på at me ikkje punkterer, då har me beskjed om å klare oss sjølv.







søndag 8. oktober 2017

Sommaren 2018 - planlegging i god tid - Brügge - Amsterdam

Gode erfaringar med sykling i Nederland, kombinasjonen båt og sykkel, anbefalt rute og kjekk sykkelguide gjer at me alt i oktober har bestilt båt&sykkeltur for juni 2018. Det blir denne gongen Zwantje (lille svane) frå Brügge til Amsterdam, med Rikko Bulten som guide og Boat and bike som arrangør.


Ruta er slik Brügge - Gent - Dondemonde - St. Amands - Antwerpen - Kreekrak sluser- Tholen - Willemstad - Dordrecht - Kinderdijk - Schoonhoven - Vianen - Breukelen - Amsterdam. Me vil besøke fire større byar, alle historisk interessante, og passere mange interessante landsbyar kvar dag. Me vil reise på kanalar og elver (Rhinen, Meuse, Schelde), ei tidevasselv og passere store dike, sjå dei 19 berømte vindmøllene på Kinderdijk, som blei laga for å pumpe ut vatn frå innsida og ut i havet. Dette er nok ein veldig flott tur.

Til ein viss grad kan me velje kort eller lang sykkeletappe, oppsettet viser dagsetappar frå 25 til 50 km. Ikkje til å slite seg ut av i det flate landskapet, men nok til at det kjens godt. Det skal også normalt vere ein del medvind denne retningen.



fredag 30. juni 2017

(Spakenburg) - Huisen - Amsterdam


Siste dag på sykkel. Båten gjekk frå Spakenburg til Huisen medan me hadde frokost. Det hadde vore mulig å sykla frå Spakenburg, men denne turen er nok laga for personar som ikkje vil eller kan sykle så langt som over 60 km pr dag, derfor første del med båt. Turen er lagt opp slik at alle høgdepunkt i området er med.

Høgdepunkta i dag var var garnisonsbyen Naarden og sluse- og slottbyen Muiden. I Naarden er åttekanta med vollgrav og festningsverk. 


Muiden er kjent for slusa som regulerer eit heilt vannsystem innover i Nederland. I ein tidlegare krig slepte dei vatn inn i området sør for Muiden for å vanskeleggjere framrýkkinga til fienden. 


I Muiden prøve me kippering, laga i ei bu på gata som bare selde fisk. Kippering er fish & chips utan chips, og nylaga var dette veldig godt.


Så skulle me sykle inn i Amsterdam. Innsykling i byar er lakkmustesten på om eit land har ein god sykkelpolitikk. Og Nederland besto testen, igjen. Vel var første del frå Muiden ikkje så koseleg, med høgspentlinje over oss, og motorveg, bussveg, vanleg veg på venstre side av oss. Me følgde knutepunkta som tok av frå den store vegen og sykla så på ei tynn landstripe i mellom to breie kanalar. På denne landstripa var det ikkje bebygd, for her gjekk dei svære høgspentkablane over oss. Men naturen sjølv hadde pynta langs vegen, og sykkelvegen var god.

 Enden av vegen munna ut i fantastisk, prisbelønna sykkel- og gangbru. Nesciobrua. Eg har aldri sett maken. Brua er 800 meter lang, og har kurver. Brua er mykje brukt, og betyr nok at ganske mange fleire kan bruke sykkel på jobb.


Frå brua og vidare innover i byen var det samanhengande sykkelveg heilt fram til Centraal-stasjonen. Når vegar skulle kryssast, var det eigne lys for syklar. Etterkvart som me kom inn i byen, blei det ganske fullt på sykkelstiane, her var det ikkje bare å stoppe midt i vegen for å leite etter skilt, ein måtte anten følgje straumen eller kome seg ut på sida. - Og fotgjengarar måtte bare passe seg.  - Me sykla i tunnell under sentralstasjonen og vidare ut til båten fann me og sykkelsti, og kom lett ombord.

Så var denne turen over. Ei ny erfaring er båt og sykkel, og muligheit til å sykle i gruppe med guide. Kjekt med kjentmann, me fekk mange opplysningar me elles ikkje hadde fått. Men me sykla "individuelt" heile tida. Dels for å kunne stoppe når me vil, dels fordi det er kjekt å finne vegen sjølv.

Å sleppe å pakke kvar dag som når ein syklar frå hotell til hotell er også ein fordel, men ein båtlugar er mindre enn eit hotellrom, for ikkje snakke om eit bad ombord på ein båt samanlikna med eit hotellbad. Eg var litt skeptisk til å ha same kokk kvar dag, men italienske Barbara har laga fantastisk god mat, så einsformig mat var det ikkje nødvendig å vere redd for. Under ligg Gandalf klar for tokt i Osterdok, i gåavstand frå sentralstasjonen.


Alle dei andre er tyske. Eg forstår tysk når dei snakkar til meg, men det er vanskeleg å delta i småsnakket ved bordet, så det blir kanskje litt kjedeleg ved måltida. Det hadde nok vore betre med ei blanding med fleire nasjonalitetar. Men elles er det fint med båt og litt korte strekk når helsa ikkje er heilt topp. I verste fall kan ein bli med båten i staden for å sykle!


Som vanleg kjøpte me turen av Pedalo, som brukte boat-bike tours som operatør. Profesjonelt på alle måtar. Svært god turleiar Rikko Bulten, ekstremt gode ruter og lett å finne fram, fine små byar, veldig godt sykkelstinettverk, svært god mat, kjekk skipper, reint og fint, fin ordning med sjølvbetning av drikke...



søndag 25. juni 2017

Båt og sykkel: Hansatur ut frå Amsterdam: Wijk bij Duurstede - Arnhem.

Båt og sykkel denne gong med https://boatbiketours.com 

Etter noko strev med kansellerte tog gjekk vi kl 14.10 ombord på MS Gandalf som låg i Osterdok 2 like ved sentralstasjonen i Amsterdam. Der sat alt dei fleste deltakarane klar, alle tyske, utanom mannskapet og oss. Og alle ganske vaksne, Hu der er nokså ung i denne gjengen. Men presentasjonerunden viste at dei fleste er ganske spreke og sykkelvane. Ein av dei "yngre" spring halvmaraton (har gått ned til halv frå heil). Før kl 15 starta båten i retning Wijk bij Duurstede, for ankring og overnatting.

Gandalf, ombygd lastebåt, opprinneleg frå 1932, har 10 lugarar, med plass til 20-22 personar, og både middag og frokost blir servert på båten. Vi smører også lunsjpakke, så all mat er inkludert. Drikke kjem utanom.


Lugaren vår er liten, men det er plass til det vi treng. Det er to dekk og kombinert etesal og opphaldsrom. 
Første stopp Wijk bij Duurstede ligg ved elva Nederrijn som er ei sideelv til Rhinen. Reiseleiar Rikki tok oss på ei kveldsleg byvandring. 
Navnet 'Wijk bij Duurstede' betyr 'nabolag ved Duurstede'. Duurstede er namnet til slottet hvor biskopen av Erkebispedømmet Utrecht i tidligare tider budde. Wijk bij Duurstede er plassert omlag der Dorestad tidlegare var. Mellom år 600 og 850 var Dorestad ein viktig internasjonal handelstad, kor dei kristne frankarane møtte dei ikkje-kristne frå nord, og grensa for romarriket gjekk gjennom Dorestad. 

Det blei laga mynt i Dorestad, av ulike typar. Rundt 850 blei byen plyndra og øydelagd av vikingar. Byen mista også betydning på den tida, og blei ein liten jorbruksstad. Mykje av den gamle byen er vaska bort av elva, og dagens Wijk bij Duurstede ligg ein litt annan stad. 
I Wijk bij Duurstede er den einaste drive-through vindmølle i verda. Ho ligg på det som tidlegare var bymurane ut mot elva. Vindmølla blir ofte forveksla med mølla som ble gjort kjent av Ruisdaels maleri fra 1670, Vindmølla ved Wijk bij Duurstede. Men av denne mølla er det kun grunnmuren igjen av, dei er eit lite stykke unna den eksisterande mølla. Wijk bij Duurstede fekk bystatus i 1300.

Båten låg fint natta over i Wijk, men neste morgon kl 07.30 starta motoren og turen gjekk vidare til Wageningen kor vi kom ca kl 10. Vi hadde felles frokost, så orientering om dagens tur for oss "individuelle", og utdeling av syklar.


Vi fekk kart og liste over knutepunkt. Det fungerte strålande. På vår tur på 40 km passerte vi 27 knutepunkt. Nokre var det 200 meter mellom, andre var det 4 km mellom. Eit par gonger måtte me litt tilbake, men saman med kart var vi heile tida på sporet. Eit av dei beste systema vi har hatt på slike turar. Systemet er 7 - 8 år gammalt, det begynte i Belgia, er nå over heile Nederland og begynner å bli brukt i Tyskland også.

Turen i dag starta på dike (over både elva og terrenget også), inn i skog, over lynghei, og gjennom Wageningen, Renkum og Arnhem. På vegen la me spesielt merke til minnesmerke etter ein flyktiningeleir frå 1914 - 1918. Dette sto midt i ei lynghei

Det nederlandske friluftsmuseet i Arnhem var også interessant. Ei stor samling av hus frå heile landet, ikkje minst vindmøller. I gardshusa gjekk det igjen at husa var kombihus, både for folk og fe. 






søndag 22. januar 2017

Hollandske hansabyar 2017



Sommaren 2017 (sist i juni) har me bestilt tur med kanalbåt/sykkel i Nederland, start og slutt i Amsterdam. Tenk at me bare har sykla ein skarve bysykkeltur i sykkellandet Holland! Det blir det nå ein slutt på.

Frå Amsterdam går turen til Wijk bij Duurstede med båt kveld/natt, så startar syklinga til Arnhem (35 el. 50 km) neste dag, deretter sykle til Deventer (35/55 km), til Kampen (40/55 km), Harderwijk (40/60 km), Spakenburg (25/55 km) og så tilbake til Amsterdam 35/50 km). Dei fleste stadane finst på hansabykartet under. Det blir kjekt å sjå små hansabyar. 


Me treng ikkje pakka kofferten kvar dag, den siglar på kanalane med MS Gandalf, som me går ombord på når me kjem fram om ettermiddagane. Ein litt annleis tur, ferdig lunsjpakke, middag i båten kvar kveld, og sikkert ikkje så mange bakkar. Me kan velje kort eller lengre tur kvar dag, så dette burde vere ein tur for dei som ikkje er trygge på sykkelformen. Ein kan også velje å sykle med guide eller på eiga hand.
Harderwijk


Direktefly Sola - Amsterdam er eit argument for turen, hansabyane me skal innom er eit anna, og så er Nederland eit kjekt land å vere i, ordentlig, med kjekke folk som kan engelsk. 
Kampen var den største hansabyen i Nederland, og hansatida blir igjen eit tema på reisa. Ellers må vel eit anna nærliggjande tema vere vatn, sluser, bruer, dike og kampen mot havet. Dette området har tidlegare vore i kontakt med Nordsjøen, men diket i Ijsselmeer har stengt den direkte kontakten. 
Kampen
Før turen tar me nokre dagar i Haag, med litt strandsykling og kunst i Mauritshuis. Under maleriet Tanntrekking av Jan Steen, som heng i galleriet saman med kunst av mellom anna Potter, Rubens, Brueghel, Vermeer og Rembrandt. 
Jan Steen: Tanntrekking - Mauritshuis i Haag.



lørdag 6. september 2014

Endeleg Amsterdam


Amsterdam er vel den ultimate sykkelby! Og endeleg fekk eg sykle i Amsterdam også. Geografien i Amsterdam, med kanalar som dannar byplanen, hindrar biltrafikk og gjer sykkel til det desidert beste framkomstmidlet. Byen er paddeflat, kompakt og tilrettelagd for syklar. Avstandane er små, og parkeringsplassane få. Syklar er parkert overalt, og sjølv om det sikkert ikkje er dyre syklar, har dei skikkelege låsar. Sykkelantrekket er vanlege klede, og hjelm er ikkje brukt. Ein noko annan kultur enn i Noreg. Ein annan kultur er det også at sykkelen nærmast har forkjørsrett. Det er direkte farleg for fotgjengarar å gå i eller å krysse sykkelstien utan å sjå seg godt om.

Legg merke til at det er parkert syklar på brua, låste i rekkverket. Syklar er parkerte overalt. Faktisk kan det vere eit problem, og skilt med sykkelparkering forbudt er ikkje uvanleg.
Vi kjøpte oss ein tre timar lang guida sykkeltur av Yellow bike. Det fins også grøne, kvite og røde syklar, så det er godt med tilbud, Bysyklar såg eg ikkje. 

Yellow Bikes kan ha opptil 50 turar ein god laurdag om sommaren, og med gjennomsnitt 10 personar pr tur, blir det ganske mange turistar svimande på sykkel gjennom  byen. Men ein kjekk måte å sjå byen på er det. Vår tur gjekk først til Amsterdam hamn (under havnivå!), vestover til øyene kor det var eit triveleg bumiljø, ein stor runde til museumsområdet og Vondelpark (med drikkepause), før me snirkla oss tilbake til utgangspunktet i sentrumsområdet ved Dam. På turen var vi 10 stk, frå Belgia, USA, Canada, India og Norge. Vi fekk mellom anna vite at husa i Amsterdam var smale fordi dei ein gong i tida betalte skatt i forhold til kor stor fasade dei hadde til ein kanal. Og at Nederland var tilnærma avkristna (kyrkjene blei lagde ned). 



Det var ein grei tur, men faktisk litt styr å halde seg i ei gruppe med så mange i så tett sykkeltrafikk. Det kunne kanskje vore like kjekt å leige sykkel og sykle på eiga hånd i einså tilrettelagt by. Eg hadde budd der tre dagar før og gått ein del og blitt kjend, så eg hadde nok funne fram. Men paret frå USA i gruppa vår kom nesten direkte frå flyet til sykkeltur. Det var ein lur start! 

I 1960 var det planar om å legge lok på kanalane for å få plass til bilar. Heldigvis blei det ikkje slik. Etter at 3000 syklistar ( av dei 450 barn) var drepne i trafikken i Amsterdam i 1971, blei politikken lagd om, og eit stort arbeid for å leggje tilrette for sykling blei sett i gang. I dag er det 400 km sykkelvegar i Amsterdam, og ein antar at 50% av reisene i byen er på to hjul.