Viser innlegg med etiketten Györ. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Györ. Vis alle innlegg

fredag 14. mai 2010

Donau: Györ - Tata



  

Ei av dei store utfordringane når ein syklar tur på eiga hånd, er å finne vegen ut og inn av byar. Inn i Györ gjekk det strålande, sykkelvegen gjekk rett fram til hotellet, og var tydeleg merka på kartet. Men ut av byen neste dag sleit vi. Å lese vegbeskrivelsar på dårleg engelsk medan ein syklar kan vere utfordrande, vi tok feil i ei rundkjøring og vi fekk oss nokre ekstra kilometer før vi fann rette vegen ut.


Etappen mellom Györ og Tata hadde både positive og negative sider: Idylliske landsbyar, hus med sirlege kjøkkenhagar, men også lange strekk på bilveg. Totalt er ikkje sykkelvegnettet i Ungarn like godt utbygd som i Tyskland og Østerrike, det kan vi nok slå fast. Hovudruta var også skilta frå Györ til Komarom, ikkje til Tata. Men vi forsto kvifor vår operatør hadde valt Tata, trass i at vi måtte sykle på bilveg:


Tata er ein nydeleg, liten by ved ein sjø. Ei gammal borg i eine enden, fleire hotell og flotte hus, skog. Folk som padla på sjøen, spaserte og jogga. Vi sykla og sykla gjennom skogen på leit etter hotellet, trudde vi hadde sykla feil, men fann til slutt Hotel Gottwald etter nesten 3 km. Det var lønn for strevet: Flott hotell, god service og god mat. Og meget god vin. Ungarsk vin er utmerka, også kvitvinen. Vi oppdaga mange viner som dei kalla cuvée. Fekk forklaring på det: Cuvée er namnet på vin blanda av fleire druesortar (Cuvée kjem av tank, vin på tank). Pannonhalma cuvée, var for eksempel ein svært god vin, god nok til fødselsdagen min, som blei feira med eit godt måltid i Tata. - Alle restaurantar vi var på hadde bare ungarsk vin, svært mange hadde også eigen husvin, med eige merke. Ikkje nokon simpel vin, men god vin som dei kjøpte direkte frå vinbonden etter nøye utprøving.

Strekket mellom Györ og Tata blei 71 km, inkl. feilsykling ut av Györ og vegen gjennom skogen til Hotel Gottwald. Om ettermiddagen sykla vi 9 km sightseeing. Måtte jo få med oss litt!!

Donau: Masonmagyarovar - Györ

Ungarn. Eg tar tilbake det eg sa om holete landevegar. Mellom Masonmagyrovar og Györ sykla vi bare på sykkelsti, heilt flott, og takka vere ein kroatisk syklist som tok oss igjen og ga gode råd. Han anbefalte oss å ta alternativ rute, den nye, som han sa, og det var lurt, som sagt var det ei rein sykkelstirute. Vi rulla inn i Györ i god form, tidleg paa dagen, og hadde deilig lunsj paa La mareda før vi tok inn paa Hotel Raba (fekk suite).

Om ruta: Vi tar Donaurute 6,  Ungarsk rapsodi. Når vår rute folgjer den offisielle Donau Radweg, er den veldig godt skilta, men av og til har løypa vår ein annan vri, då er det å følgje kartet. Til forskjell frå tidlegare turar, er det ikkje eiga skilting for vår reise, her er det offisiell Donau Radweg 6 som blir brukt, og det er trykt opp ferdige kartbøker for dei ulike etappane langs elva. Dermed slepp operatøren Rad & Reisen å bekymre seg for merking, men det betyr og at dei heller ikkje kjenner løypa så godt. For eksempel burde dei gitt råd om å velje den alternative ruta som vi tok (er vist som alternativ i kartboka).

Naar vi stadig har rapportar frå Norge om kaldt ver, er det ein fest å sitje ute og ete middag om kvelden, igjen på La mareda på grunn av kvaliteten på maten, og etterpå vandre heim gjennom gamlebyen i  Györ, sjå bilete over.