Viser innlegg med etiketten Alsace. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Alsace. Vis alle innlegg

søndag 15. juni 2014

Erstein - Strasbourg 25 km



Siste sykkeldag var det også kombinasjon tog og sykkel. Denne gongen gjekk togturen Colmar - Erstein ganske greit, me spreidde oss på fleire vogner, og noen av oss fekk også bruke sykkeloppheng.  Nokre kilometer frå Erstein kom me inn på kanalen mellom Rhinen og Rhone. Då var det lett å finna fram, og nokså flatt. Ei stund er det greit å sykla slik også. Det er ein del å sjå: Sluser, båtar, husbåtar og etter kvart også syklistar og forgjengarar. Dessutan er det ganke roleg langs ein kanal.

Det var motvind og omsykling på grunn av arbeid, så det blei litt anstrengande denne dagen også, sjølv om det sto 25 km på planen. Denne dagen sykla me på EU sykkelveg 15, som er Rhinruta mellom Rotterdan og Andermatt i Sveits.

I Strasbourg kom me inn på dei flottast by-sykkelvegane eg har vore borti, dei hadde heilt eigne trasear, lyskryss og hadde sjølvsagt to filer. Det einaste som var brysomt, var når dei gjekk gjemmon fotgjengartette område, slik det var ein del av i Strasbourg.

Katedralen i Strasbourg imponerte. og Lille Ponny, som kom med toget heilt fram til byen utan sykkel, fekk seg ein tur på karusell. Han der fiksa lunsj til ti, det blei åpna i andre etasje i eit vertshus for oss, for det var nokså fullt ute på bakkeplan. Og tilbake til Colmar var det tog for alle, og sykkeltur opp til hotellet frå stasjonen. Om kvelden var det konsert med eit kor som sang gregoriansk musikk og moderne musikk på ein gregoriansk måte. Me fekk med oss litt av kvart.

Om kvelden hadde Store Ponny innlegg om kjende alsassarar: Alsasshamster, Madame Tussaud og ein kjend fotograf, medan Sneglespisaren fortalde om Issenheimalteret me såg på dagen etter. Alltid meir interessant på museum når me veit kva me skal sjå etter.



Colmar - Sélestat - Colmar 44 km

Colmar - tog - Sélestat - Kintzheim- Bergheim (lunsj) - Beblenheim - Ostheim - Houssen - Colmar.

Vurderinga gjekk ut på at å sykle tur-retur Colmar - Sélestat kunne bli for mykje for fleire rumper gjorde at me valde å ta toget til Sélestat for å sykle tilbake. Å ta sykkel på toget skulle vere relativt greit, med eigne sykkelvogner, sjølv om me då kom med seks syklar. Men det var ikkje så greit, ein tyskar stengde for dei tre siste syklane og hevda at det var fullt, han hadde også reservert vogna, og dessutan ville han heller ikkje løfte opp våre syklar når dei ramla. Me fekk likevel plass, men erfaringa med denne turen var god å ha vidare.


Humanistblioteket i Sélestat var under ombygging, slik at det med sine fem utstilte bøker ikkje blei for stort for nokon. Humanistbiblioteket er bygd opp rundt samlinga til Beatus Rhinanus og har både manuskript og trykte bøker, både blokktrykk (utskoren treplate) og typografisk trykte bøker frå før 1501, såkalla inkunablar. 


Utstillinga var raskt unnagjort, så ein koseleg kafe med økologisk kaffe før syklistena tok farvel med togreisarane.

Igjen ein fin sykkeltur på vinruta. Me sykla denne dagen tidvis på sykkelveg EU 5 (på biletet over). At det er EU-sykkelvegar er nytt for meg, og interessant. Her er lenke til sida for EU velo routes. Desse sykkelvegane er svært gode og godt merka. Bortsett frå inne i byane er det svært lett å finne fram. EU 5 går frå London til Brindisi i Italia, og er ruta som erkebiskopen av Canterbury, Sigeric, brukte då han drog til paven i Roma (og vidare til Brindisi?). Ruta heiter Via Romea Francigena.



Igjen frå ein Hans-og-Grete-by til neste. Over ser me frå Bergheim kor me (den harde kjerne) hadde lunsj.

Dyrelivet Askeladden fekk med seg: Stork, ørn, hegre, spurvehauk, hønsehauk, vandrefalk, tårnseglar, trost, sangarar, svaner, ender, hare, moldvarphaugar. Me kunne ha sett alsacehamster, men det gjorde me ikkje. 

Og plantelivet: Grønnsakhagar, raps, kveite, bygg, rug, kirsebærtre, moreller, epletre og anna frukt, modne rips, jordbær, selleri, asparges, salat og så vidare. Og sjølvsagt druer. 

Rundtur i vinmarkene rundt Colmar 62 km


Desse blei med meg for å sykle og feire at eg hadde blitt seksti år: Liltle og Store ponny, Muskuløs og Muskuline, Sneglespisaren, Askeladden og fru Askeladd, Laktosefri og sjølvsagt Han der. Det er ein ganske variert gjeng, alder frå åtte til syttito, treningsgrunnlag frå sykling på ergometersykkel åtte minutt i veka til konkurransetrente cross-fittarar. Spennande!

Ruta første dag var 66 km og gjekk slik: Colmar - Houssen - Guémar - Ribeauvillé - Hunawihr - Riquewihr -Kientzheim - Sigolsheim - Ingersheim - Turckheim - Wintzenheim - Wettolsheim - Eguisheim - Colmar. Overgangen frå åtte minutt til åtte timar var ganske stor, sjølv om dei åtte timane hadde innlagd lunsj i Riquewihr og svært mange andre stopp.

Først sykla vi i flatt lende i by, mellom maisåkrar og i skog, så inn i vinmarkene ved Ribeauvillé. Sykkkelveien går på vegar brukt i arbeidet på vinmarkene og er så godt som utan trafikk, og avstanden mellom dei supersøte, blomstrande bindingsverklandsbyane er bar nokre få km. Ei kort tid er løypa kupert, men ho blir snart relativt flat igjen.


Til å vere åtte personar i feltet går det overraskande bra. Muskuløs og Muskuline tar nokre bakkespurtar, men ventar fint og gildt på toppane. Askelandden legg fint inn naturlege pausar for alle, han finn nøtter og andre frø, han finn det meste, utanom vegen. Dei andre legg seg fint inn i rekka og det er bare godord å høyre.

Utstyrt med fleire kartbøker, GPS og avstandsmålar på syklane skulle det vere greit å finne vegen. Første vanske var at hotellet låg nokre kilometer inne i løypa, så me måtte trekke frå km på avstandsmålet i kartboka. (Eller var det leggje til?). Neste vanske var at dei ulike syklane viste forskjellig avstand, dei var rett og slett ikkje nøyaktige nok. Tredjeg vanske var at GPSen nok viste kor vegen gjekk, men ikkje retningen, slik at me ved å følgja GPSen sykla tilbake ein gong etter to. Etter kvart sigla Muskuløs opp som ein god vegfinnar, han brukte sola, rutebeskrivelsen og følgde med på avstanden frå punkt til punkt. Det gjekk svært bra! Skulle tru at han hadde trening i å finne fram!

Hotel Beauséjour er eit ganske midt på treet hotell, litt utanom den gamle bykjernen, og reine, men ikkje spesielt flotte rom. Men dei tok igjen ved at dei ligg på sykkelstien ut/inn i Colmar, har svært godt kjøkken, fin hage, stille rom, og ikkje minst ein super service. Nå er det femte generasjon som driv hotellet.

Første kveld hadde Muskuline vinsmaking. Då fekk vi gratis låne eit lite konferanserom, glas og lov til å bruke vin Muskuline hadde kjøpt inn for dagen. Vi smaka på forskjellige druer frå Alsace:
Pinot Gris,
Riesling og
Gewürtztraminer.

Interessant.

Kvelden etter var det festmiddag med den eigentlege bursdagsfeiringa, femrettare på restaurant Keller på hotellet. Alle fekk svært god mat på tilpassa vin, både vegetarianarar og Laktosefri fekk rett mat.



søndag 17. november 2013

Sekstiårssykling i Alsace - mai 2014

Første varsel gjekk ut til barn og barnebarn 1,5 år på forhånd: Vil de bli med på tur når eg fyller 60 år? Alternativa var å sykle i Europa (Bourgogne foreslått), tur i Sør-India (Tamil Nad og Kerala) eller tur i Nord-India (Sikkim eller Ladakh). Varselet gjekk ut til ein astrofysikar i Trondheim, ein jurist i Newcastle, ein dyrevenn og språkkunnig i Ovingham, ein sjuåring i Ovingham, ein vinimportør i Oslo og ein politi i Hønefoss. Dessutan til pensjonisten på Sandnes.
Og tru det eller ei: Det blei semje om sykkeltur ganske fort! Pensjonisten sette søkemoteoren i sving, og kom med eit forslag som kunne passe alle: Stjernetur i Alsace. Stjernetur betyr at vi bur same staden heile tida, men syklar i ulike retningar kvar dag.

Her er ei redigert  utgåve av invitasjonen (og alle blei med!!)

Eg vil gjerne ta dykk med på noko av det beste eg veit, sykkelferie.

Reisemålet blir Alsace, Frankrike, for der trur eg vi kan finne noko som kan interessere alle, i tillegg til syklinga: Vinmarker og vinproduksjon, tidleg skrift og utdanning, historiske byar, idylliske landsbyar, kyrkjekunst og god mat og vin. (Eg veit ikkje om dei driv med Crossfit.)

Turen blir ein så kalla stjernetur rundt byen Colmar. Stjernetur betyr at vi bur på same hotellet i Colmar (Hotel Beauséjour), og kvar dag dreg ut frå det. Det betyr òg at alle ikkje nødvendigvis må sykle kvar dag.

Alsace har tre nasjonale kulturskattar, og vi skal heilt sikkert få med oss dei to siste, ja kanskje alle tre:
  • Katedralen i Strasbourg 
  • Issenheimaltartavla i Colmar
  • Det humanistiske biblioteket i Sélestat

Colmar

Gamlebyen i Colmar har bruer og kanalar som har gitt opphav til kallenamnet "Petite Venise" – lille Venezia. Han er som ein eventyrlandsby med skeive bindingsverkshus og blomar i alle fargar; bysentret står på UNESCO si verdsarvliste. Sjå biletet på side 1.

Men den største skatten i Colmar finn ein innandørs, i det fredelige kapellet i Musée d’Unterlinden.

Her kan vi sjå Mattias Grünewald sitt meisterverk, Issenheimaltaret. Dette meisterverket gjorde djupt og varig inntrykk på oss som såg det i 2007. Detaljane her kan gi eit lite inntrykk av kva vi kan vente. 






Det humanistiske biblioteket i Sélestat
Bøkene i Det humanistiske biblioteket i Sélestat frå 1542 gjer oss i stand til å studere utviklinga av boka frå 7. til det 16. århundret. Her finn vi mange håndskrivne bøker, blant andre ei merovingisk lectionary (= preikenbok) frå det 7. århundret, den eldste boka i Alsace. Bøkene ligg under fløyelsteppe, slik at lyset ikkje skal øydeleggje dei.

Katedralen i Strasbourg

Den gotisk-romanske katedralen, Notre Dame, er eit av dei vakraste og mest imponerande kyrkjebygga i Europa. Han har bare eitt tårn (142 m), som vart ferdig i 1439. Det gir bygget ein asymmetrisk og særeigen profil. Kyrkja er eit eksempel på brytninga mellom fransk og tysk gotikk. Ho har ei ualminneleg rik utsmykking med vakre glassmaleri, skulpturar og eit astronomisk ur frå 1571.



Vin i Alsace
Bortsett frå litt raudvin og rosévin, lagar ein her kvite, tørre vinar (92 prosent av produksjonen) samt god musserande vin, AOC Crémant d’Alsace. Men vin skal Marie få fortelje meir om. 









Program:
▪       Kome til Colmar - best med fly til Basel eller Strasbourg
▪       Rundtur i dei berømte vinlandsbyane, m.a. Riquewihr, Turckheim, Eguisheim. Ruta er 60 km, men det er ein rundtur rundt Colmar, slik at det heilt sikker går an å korte ned.
▪       Sélestat: enten med tog frå Colmar til Sélestat utan sykkel og 0 km sykling, eller tog + 37 km liten rundtur, eller sykling heile vegen frå Colmar tur/retur 60 km for dei sprekaste.
▪       Tog + sykkel til Strasbourg, sykling 25 km - oppleve Strasbourg
Fødselsdagsmiddag om kvelden.
▪       Reise heim eller forlenge.

My little pony har lov å bli med. 



Etter kvart blei også ein lærar frå Klepp, ei helsesøster og ein osteopat frå Skudeneshavn påmelde.
 


søndag 28. mars 2010

Alsace - Frankrike



Alsace er vakkert! Her syklar du i kupert landskap, mellom vinranker, frå den eine blomstrande landsbyen til den andre, med få kilometer mellom. Byane har konkurranse om å få flest mulige blomster (stjerner), som Ville Fleurie. Aldri kjedeleg.

Ruta vi sykla i 2007 tok utgangspunkt i Strasbourg som vi sykla ut av gjennom gamlebyen, Petite France. Vidare langs Rhine-Rhone-kanalen til Sand. Neste dag vidare til Colmar (2 dagar, ekstrabestilt), gjennom Neuf Brisach/Breisach inn i Tyskland, langs Rhinen til Ottmarsheim (fransk nå, trass i namnet). Ruta vidare var Guebviller - Riquewihr, ein strekning som må vere den ultimate sykkeletappe, med landsbyar kvar 3 - 4 km og sykling på vinmarkveier. Riquewihr er ei turistfelle, men vi likte oss, vi hadde hotell frå 1500-talet , dessutan var vi på Hansi-museum, interessant. Deretter sykla vi til Obernai og tilbake til Strasbourg.

Området ber preg av velstand. God vin produsert opp gjennom åra har ført til rikdom. Dei gamle landsbyane er tekne godt vare på og er svært romantiske og maleriske. Når du syklar, er du også i landsbyane utanom tida når hordane med turistar frå bussar invaderer dei.
Eg hadde også gleda av å få sjå nokre gamle bøker. Humanistbiblioteket i Selestadt hadde håndskrifter frå 700 til 15-1600 utstilt. Kjekt!

Vi sykla i juli. Det var uventa kjøleg i 2007, men kan vere varmt. Vi var svært nøgde med opplegget: Syklar, kart, overnatting, rute, landskap, merking, startmøte... Vi kjøpte reisa av Pedalo RadReisen, men det var Espace Randonné som var den lokale arrangøren, solid!