Viser innlegg med etiketten Venezia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Venezia. Vis alle innlegg

søndag 15. mai 2011

Mestre - Venezia - Lido de Jesolo 40 km


Veret rundt Middelhavet skulle vere fint i mai, trudde me. Der tok me feil. Men trass i regn og motvind har me hatt ein flott tur frå Mestre via Venezia til Lido de Jesolo.

Mestre er bakgarden til Venezia, byen på landet "bak", der ein har putta alt det der ikkje er plass til i Venezia, bilar, bussar, fabrikkar og dei lokale som ikkje har råd til å bu på Venezia-øya. Men me budde godt der på Ai Pini, firestjerners hotell i liten park, elles var området me starta syklinga i så som så. Men lett å finne fram.

Mellom Mestre og Venezia er det ei 5 kilometer lang fylling/ bru med veg, jernbaneskinnar og sykkelsti av middels kvalitet, sjå biletet. Med vind i ryggen gjekk det kjempefint ut til Venezia. det vil seie, ikkje heilt inn i byen, nei me svinga av til høgre og fann ferjeleiet til Lido de Venezia, og kom oss på ferja. Ferjeturen gjekk forbi Markusplassen og mykje kjekt, før me gjekk i land på Venezia si strandøy. Derfrå skulle me finne ein annan båt vidare til fastlandet. Me tulla litt med vegen i regnet, litt vanskeleg å lese kart då, men fann båten til slutt. Etter denne kom ein verkeleg flott sykkeletappe langs sjøen, men me hadde motvind og piskande regn i ansiktet og fekk ikkje heilt nyta den flotte naturen, kan du seie. Fullt regnutstyr var beste påkledning då, dei som ikkje hadde det, blei veldig våte og kalde. - Me kunne ha ringt til følgebilen frå Funactive som kunne ha kjørt oss og syklane til hotellet. Det kom ikkje på tale, første dagen.

Jesolo er må vel vere inkarnasjonen på turistghetto. Kilometervis med hotell, restarantar og butikkar. Vårt hotell Bali fann me først etter litt leiting, delvis på grunn av at kartet var klissvått og vanskeleg å lese. Me sakna dei grøne pilene som skulle vist oss vegen store delar av turen, hadde sikkert sykla litt feil, men kartet var godt så lenge det var tørt, og vegbeskrivelsen var god. Me hadde også god hjelp av sykkelcomputer son målte avstanden. Dessutan hadde me med oss kompass, barometer, termometer og utsyr til å måle høgda over havet, så me klarte oss. Legg også merke til at sola var på plass dag to, sjå strandbiletet.

onsdag 13. oktober 2010

Planar 2011

Nå er det lenge til neste langtur, men planlegginga er begynt. Ein tur tidleg i juni ein stad ved Middelhavet, bra eller?

Alternativ 1. Venezia - Kroatia langs kysten inst i Adriaterhavet til Kroatia. Ser veeldig kjekk ut. Her fins det både strender, kultur og godt ver (trur eg). Har vore i Venezia før, og det var jamen litt av ein by. Kjem gjerne igjen. Eg har ikkje vore dei andre stadane inne i bukta der, det kan bli spennande. Vanskegrad 2 av 4, det er vel akkurat passe?

Blir det ikkje Venezia, fins det fleire alternativ
Alternativ 2. Provence - Luberon. Rundtur med start og stopp i Aix-en Provence. Vakkert, kupert landskap. Sykling på småvegar og sykkelsti. Sykla ein flott tur lenger vest i Provence mai 2009, syklar gjerne meir i det området.
Alternativ 3. Tidleg juni er det vel heller ikkje for varmt i Portugal? Dette forslaget er ein tur i Alentejo, landskapet mellom Lisboa og Algarve.
Fleire gode forslag?