Viser innlegg med etiketten elsykkel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten elsykkel. Vis alle innlegg

fredag 14. juli 2023

Nederland 2023

 Nederland er svært god tilpassa sykling, Og saman med hundretusenvis av nederlendarar har me igjen tatt i bruk det fantastiske nettet kor me syklar på sykkelstiar og sykkelvegar frå knutepunkt til knutepunkt. Heile landet er knytt saman med eit nett av knootpunkt, eit system som er heilt topp utanfor byane, men av og til ikkje heilt perfekt i byane, Heldigvis har me også gps på telefonen i Amsterdam.

Årets tur går frå Alkmaar til Amsterdam til Hoorn til Medemblik til Den Helder til Texel og tilbake til Alkmaar (og vidare tar ne båt frå IJmuiden til Newcastle). Turen er heilt utan fysisk kontakt med reiseoperatør. Vi fekk rute og opplysningar i epost og i utskrift på det første hotellet der, eit hefte for kvar dag, og syklane sto klar i parkeringskjellaren med fullt utstyr, bortsett frå verktøy. Operatør for Pedalo er Dutch Bike Tours, og så langt (etter to dagar) ser det ut til å ha fungert godt. Håper bare på at me ikkje punkterer, då har me beskjed om å klare oss sjølv.







onsdag 22. juli 2020

Telemarkskanalen Vrådal-Dalen 46 km



Det er utruleg kor mange fine vegar det finst i Noreg nesten utan trafikk. I dag sykla me to av dei, langs Vråvatn og langs Bandak. Det er nokre få hus, nokre hytter, men god veg for syklistar er det. Ca 4 km var litt laus grus, resten var oljegrus eller for det meste asfalt. Ein fryd å sykle. 

Det var godt med nye syklar med gode bremser. Det me i går sykla opp, sykla me i dag ned. Pysa (Hu der) sleit godt på bremsene ned Bandakli, medan Han der fauk avgarde. Det var kjekt med elsyklar i dag og, det er kupert heile tida, men det hadde nok gått fint med vanlege syklar også. Ingen kafear eller butikkar i grisgrente strok i bygdenorge, så nista hadde vi med sjølv i dag og. 

O

Og så kom me til Dalen. Dalen hotell var fullt heile juli, det visste vi, og dei hadde heller ikkje plass til middagsgjester, så vi tok oss ein tur i hagen og såg på herlegheita. Dalen bed&breakfast hadde ein plass igjen då eg bestilte, men har i heile juli hatt 20 - 30 rom for lite kvar dag i sommar, i følgje verten. Norgestrykket er stort. Vi har fått kjellerleilegheita, vindua er små, men det er alt som trengs. 



tirsdag 21. juli 2020

Telemarkkanalen Lunde -Vrådal 55 km

Fullt! Fullt av nordmenn på ferie i Norge. På Lunde vandrerhjem hadde vi heldigvis bestilt, for det var fullt. På Straand Hotel måtte vi vente med middag til kl 20.30, sikkert regulering pga korona, men også fordi hotellet er fullt. Men vegen me syklar, har ennå svært god plass, heldigvis.


Og det er forståeleg at det ikkje er så mange syklistar på denne ruta, for ho er nok krevjande. For det første er det ganske kupert meir eller mindre heile vegen, sjølv om ruta går langs to vatn. For det andre er det ei saftig stigning på 370 m på slutten av dei 55 kilometrane. Det er denne etappen som først blei døypt til Dødsmarsjen av Han der, og som medførte at han skaffa seg elsykkel som kunne klara eit så langt strekk. Og det blei spennande om det kunne gå. Det minka fort batterikraft opp den siste stigninga, og då me var framme på Straand Hotel, var det bare 9% kraft igjen på batteriet hans. Det kunne blitt tungt om det hadde vore lengre.

Men turen var veldig fin. Det aller finaste strekket var på gamlevegen langs Flå frå Hogga sluser til Strengen. Her var vegen heilt i vasskanten, og så flat at det kinne vore eit jernbanespor. Det var nok godt for hestane i si tid, men og ein veg som kosta ein del å lage på 1800-talet. Sjølv om det var grusveg, var kan fast og fin å sykle, og godt halden. 


Etter denne opplevinga gjekk resten av turen på asfalt, det var bilveg, men med så få bilar at det ikkje var sjenerande. Og vegen var så smal og svingete at bilane måtte halde låg fart. Vi hadde to tunellar, og fekk testa lyktene våre som fungerte fint, spesielt etter at Hu der hadde fått av seg solbrillene. På førehand var vi varsla at det var grisgrente strok vi sykla i, og at vi måtte ha med det vi trong av niste. Så undervegs koste vi oss med baguettar, Kvikk Lunsj og kaffe frå den koselege nederlandske verten på Lunde vandrerhjem. 








mandag 20. juli 2020

Førebuingar til sykling i Norge.

Å sykle frå hotell til hotell i Noreg er faktisk ei ny oppleving for oss, etter mange år i Mellom- og Sør-Europa. Det er mykje nytt: Veret, det kuperte terrengent, å frakte bagasjen sjølv og å bruke eigne syklar. Nytt for oss er det også å kjøre bil fram til startstaden. 

Dette nye medførte fleire val: 

Dersom me skulle bruke dei lette, "vanlege" syklane våre, måtte minst ein av oss montere bagasjebrett. Sjølv om det bare var to overnattingar med sykkel, ville det truleg vere mykje å sykle med all bagasjen på ryggen. 

Å bruke el-syklane ville vere ein risikosport for Han der, el-sykkelen hans ville truleg ikkje ha god nok rekkevidde. Ein kikk på kartet viste at seint dag 1 (55 km) var det ei saftig stigning. - Då dette gjekk opp for Han der, blei turen døypt til Dødsmarsjen.

Slik kunne me ikkje ha det. Lille rektor kom med eit veldig godt forslag: Han der kunne låne Pilfinnar sin el-sykkel. Den hadde god rekkevidde. Då Han der hadde tenkt litt over det, kom han til at han like gjerne kunne kjøre seg ny el-sykkel sjølv. Dette ville gi han ein sykkel som kunne gjere Dødsmarsjen om til ein parademarsj, og dessutan ville han ein gong for alle få slutt på det der at Hu der hadde meir el-kraft og sykla frå han. Som sagt så gjort: Ny Raymon el-sykkel kom raskt i hus, tidsnok til eit par prøveturar før Telemark. På el-syklane er det bagasjebrett, og med våre eigne to sykkelvesker og lån av eitt sett frå Lille rektor, har vi meir enn nok lastekapasitet, både til regntøy og mat vi må ha med oss. 

Prøvetur 1 var bytur i Sandnes sentrum ++ i regn (brukte 10% av batterikrafta), prøvetur 2 var Austrått - Bergsagel - Hommersåk- Austrått, 42 km. Då var det gått 40% av elkrafta på Hu der sin sykkel, litt meir på Han der sin. Det bør halde.

I dag har me kjørt Hunnedalen, Sirdal, Suleskar, Setesdal og over fjellet igjen til Telemark. Dette er delar av vegen Ranveig og Marie sykla då dei sykla frå Sandnes til Gol ca år 2000, eller litt før det. Dei hadde i tillegg 800 m rett opp frå Lysebotn i regn før dette, og dei var begge i tenåra. Eg er så imponert over det dei klarte, med relativt enkelt utstyr. Det er stigningar i masse, og lange fjellstrekk utan vidare ly. Det var nok mindre trafikk då, for i år var det stor trafikk, spesielt Suleskar, men likevel.

Me køyrde alle småvegar som fanst, og vegen verka ganske lang, men me fekk også inspisert vegen me skal sykle i morgon. Konklusjon: Me må ha med niste.





 


onsdag 17. mai 2017

Elsykkel i hus

Å sykla elsykkel er bare for pyser, har Hu der lenge tenkt. Skal ein først sykla, må det vere rein og rå muskelkraft. Sjølv for ei kone på 63. - Men i løpet av dei første vårturane med "Sykle til jobben", blei det merkeleg nok til at ho tenkte meir og meir på elsykkel, spesielt i kuling motvind på Lura. Hu der kom til å tenka på Moste, som i åttiårsalderen ennå nekta å bli trilla i rullestol, fordi då "såg ho så gammal ut". 63 er vel gammalt nok til elsykkel når ein har 14 - 15 km til jobben? Og sjølv om ho skulle få seg elsykkel, ville det ikkje vere forbod mot å sykle på vanleg sykkel, eller?


Eit søk på Finn.no, lite brukt elsykkel til sals på Gramstad, så god som ny, den hadde trilla 56 km. Hu der tok med seg Han der, og sykkelen skifta eigar. Han der kjørte bilen heim, Hu der sykla. Etter to dagar hadde sykkelen trilla 120 km. Dobling!

Bortsett frå at batteria ladar grusom seint, og straumen nesten blir brukt opp på eine strekket av jobbsyklinga, har elsykkelen vore ein suksess. (Trur batteriet må gå seg til...) På ein god dag med vanleg sykkel tar det 50 - 52 min til jobben, nå tar det 35 - 38 min med elsykkel. Det hender det tar like lang tid å kjøre bil. Og det blir nokre sykkelturar meir enn med bare vanleg sykkel, både nordvesten og sørausten kan taklast, sjølv etter ein arbeidsdag. - Og dersom ein vil, kan ein legge krefter i trøinga og få god trening med elsykkel også.