Viser innlegg med etiketten Esztergom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Esztergom. Vis alle innlegg

søndag 16. mai 2010

Donau: Esztergom - Budapest

Sjarmøretappen inn til Budapest. 
Sykla 62 km + tog 22 km

Vi forlot klosteret og basilikaen(bilete) i Esztergom i fin stil, gjennom mange kilometer gjennom park, litt ut på ein lite trafikkert veg, for så å ta ferja (sjå bilete) over til venstresida av Donau igjen til Szob. Men denne gongen var venstresida også i Ungarn.

Kjekke stadnamn: Szob, Vác, Göd, Kocs, Ács og Pecs (det siste er i austre Ungarn) - var det herfrå dei kom dei som kalla ein stad på Høle for Ims?

Men det fins også lange namn i Ungarn. I nærleiken av Györ heiter stader Györság, Györújbarát,  Györújfalu og Györzabadhégy, langs Donau (Duna i Ungarn) finn i Dunakiliti, Dunaremete og Dunasziget. Min teori er at på same måten som ein seier Frankfurt am Main og Stoke on Trent, plasserer ein stadene geografisk ved byen eller elva dei ligg ved ved å henge på eit prefiks. Masonmagyarovar er og eit namn: Mason er ei elv byen ligg ved, Ovar er ei borg i byen, og Magyar? Ungarn? Ungarsk er eit kasusspråk, og i kasusspråk heng ein bestemmingar på orda. Eg skal sjekke denne teorien!

Nedover venstre side av Donau er det bare fryd å sykle: Heilt super sykkelsti, markert med gul stripe på begge sider. Kvar gong han kryssar ein veg, stor eller liten, er det tydeleg merking. Kvar gong ein må dele sykkelstien med fotgjengarar, og det er sjeldan, er det også merka.

Landsbyane ligg tett, naturen er vakker, slettelandet er avløyst av ein dal, og Donau svingar 90 grader sørover. Vi syklar "yttersvingen", og finn etterkvart ut at vi skal følgje rådet om å ta tog eller båt siste strekket til Budapest, det hadde blitt langt elles, og regnet truar.  Det blir toget. Båten går ein gong til dagen,  toget går kvart kvarter. Fordelen med hyppige avgangar oppveg problema med billettkjøp på utanlandsk og strabasiøst slit på stasjonane med trapper ned og opp for å kome til rett spor, i tillegg til  fire bratte trapper opp i togkupeen med sykkel, sykkeltasker og hjelm dinglande. Her er det ikkje mykje universell utforming, nei.

Også i Budapest er det fine, gulmala sykkelstriper langs Donau. Men det er meir folksomt, turistar går og dinglar i vegen, og farten må haldast nede av den grunn. Flamencohotellet vårt låg litt utanfor det mest sentrale strøket, men etterkvart var vi blitt så flinke på "ungarsk" at vi fekk spurt oss fram (Folk er veldig hjelpsame). - Og igjen var det eit verkeleg luksushotell vi var plasserte i, pengane våre rakk langt, konstaterte vi igjen.

Middag i Budapest etter anbefaling på Sir Lancelot, middelalderrestaurant med heilt spesiell atmosfære og stoore porsjonar.Vi har ete godt heile vegen på turen, særleg i Ungarn. Undervegs har det blitt lunsj på enkle serveringsstader i landsbyane. Kålsuppe var godt det, sjå biletet. På dei gode restaurantane hadde dei utsøkt mat av alle typar, mykje kjøtt, og store porsjonar.

Så var også denne turen over. Det var kjennskap til sykkelrutene langs Donau som sette i gang turistsyklinga vår for seks år sidan, og endeleg har vi prøvd Donau!

lørdag 15. mai 2010

Donau: Tata - Komarom - Esztergom

På første del av turen fraå Tata var det anbefalt å bruke tog. Interessant å kjøpe togbillett når du ikkje kan språket, og ekspeditøren bare kan ungarsk. Ved hjelp av tegn og fakter fekk eg kjøpt billettar for to personar og to syklar frå Tata til Komarom, fått to alternative avgangstider og kva spor toget gjekk frå. Og det er billig på jernbanen i Ungarn, ca NOK 30 for strekket på 20 km for alt. Vi måtte hale syklane opp og ned brua over jernbanen for å kome til rett spor, og heis, kva er det?  Men er vi spreke, så er vi  spreke!

I Komarom sykla vi raskt over til Sloavkia, venstresida av Donau var anbefalt denne dagen fordi det var fredeleg og lite trafikk. Eg valde i tillegg alternativet på grus. Det var ikkje bare grus, men ogsaa singel og sorpe på grunn av regnet dagen før, men ikkje like populært hos alle! Det gjekk seint, men det var vakker natur, nydelege blomar og fred og ro! Kva er gale daa? Dessutan passerte vi romerske ruinar i Kelemantia, romarane var her før oss, sjå bilete.

Men kanskje det hadde vore betre å bruke vegen, det var ikkje saa stor trafikk paa denne sida av elva. Då vi kom inn på hovudruta blei underlaget paa Donaudiket fastare, og til slutt sykla vi paa veg. Hadde det ikkje vore for toreveret og regnetvi fekk over oss, hadde det vore ein super dag. Men vi hadde ikkje fullt regnutstyr med oss i sekken, det låg i kofferten, og var ganske våte daa vi endeleg kryssa grensa til Ungarn igjen og fann vaar plass i herberget i Esztergom. Hotellet vaart var ein del av klosteret Szent Adalbert, ganske diskret plassert, og ikkje saa lett aa finne i regnet.

Vi saag byen lenge paa grunn av den enorme basilikaen plassert paa ein bakketopp over byen. Ganske flott! Ungarn blei kristna like seint som Norge, paa 1000-talet, og Esztergom spela ein viktig rolle i landet daa.

Sykla ca. 60 km, inkl vegen fraa hotellet i Tata til jernbanen. Lengdene stemmer ikkje med reisebeskrivingane, fordi vi vel alternative ruter.