Viser innlegg med etiketten Dobbelsporet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dobbelsporet. Vis alle innlegg

søndag 18. juni 2017

I tettbygde strok - men lite bilveg - Rundtur Sandnes - Stavanger

Det er bygd mykje bra av gang- og sykkelvegar dei seinaste åra. Vi hadde ein fin runde i dag, med innlagd sosial vaffelstopp i Våland kolonihage, og fantastisk fin kunstutstilling på Rogaland kunstmuseum - Kitty Kielland. Runden var på 42 km, kart nede på sida.

Det herlege, utan trafikk, starta på Lura, sykkelstien langs Gandsfjorden blir vi aldri leie av. Sidan vi skulle til Tjensvoll, tok vi av ved Hillevåg, kryssa bussvegen (Rv 44) og Kildensenteret og kom opp til sjukehuset og vidare til Våland kolonihage på småvegar. I Våland kolonihage var Anton med foreldre, ein liten stopp der.

Vi sykla ut av kolonihagen like ved inngangen til Ryfast-tunnelen, over motorvegen på gangbru, og på sørsida av Mosvatnet og rundt det til kunstmuseet.
Tun på Kvalbein - Kitty Kielland

Kitty Kielland-utstillinga blir ståande til litt utpå hausten. Eg anbefaler alle, med eit snev av kunstinteresse, å ta turen innom. Mange flotte maleri, mange frå Jæren, samt kunsthistorie og litt kulturhistorie på veggene. Og dekor for Egersund Fayanse, bekkeblomst av Kitty Kielland.



Turen gjekk vidare gjennom det store utstillingsområdet til Stavanger forum, ned til gangvegen som går langs bekken gjennom Madla (Madlabekken?) til Møllebukta. Der var det vikingmarknad og mykje folk. Vi kom oss forbi, sjølv om bilane også hadde parkert i sykkelstien. Turen langs Hafrsfjord er også flott, og sykkelstien har utmerka kvalitet. Derfrå over Grannes til "Rumagkrysset" ved motorvegen, til Sørnes og igjen: Over ein sykkelveg i det grøne til Forus. På Forus er det mange sykkelvegar å velje mellom, og det er gjort ein del arbeid med det som sikkert skal bli sykkel-motorvegen. - Vi kryssa motorvegen ved kollektivbrua ved Statoil, og derfrå var det inn på diverse bilvegar heilt til vi kom opp Austråttvegen og kunne sykle på gang- og sykkelvegen nedanfor Austrått og Høyland skole.

Ein kjekk tur med fine sykkelstiar!



søndag 7. mai 2017

Rundtur Sandnes - Hommersåk - Stavanger - Sandnes med båt 32 km




Sykkelstien mellom Austrått og Hommersåk er langt frå ny, men veldig bra, godt skild frå biltrafikken, det tar 40 min i roleg tempo til Hommersåk. Søndag går båten mellom Hommersåk og Stavanger kl 11.30, (og kl 08.00, 13.45, 15.45, 17.30 og 19.40) den tar syklar gratis, og passasjeren betaler Kolumbus minstetakst. Etter ein fin tur innom hyttestadane Usken, Skjølsvik og Uskekalven, er ein i Stavanger etter ein halvtime.

Frå kaien i Stavanger kan ein sykle opp Klubbgata og finne skiltinga til Nordsjøruta, som går ut Lagårdsveien, over brua ved Paradis, ut Paradisveien, Consul Sigval Bergesens vei (som er stengd for biltrafikk på grunn av bygging) og inn på sykkelstien langs dobbeltsporet heilt til Lura. Derfrå var det vanleg Strandgata, Austråttbakken og sykkelsti over Iglenyr heim. Strekket frå Stavanger var 19,6 km. Ein flott tur som kan anbefalast, særleg ein soldag i mai. Dersom ein har kjekk slekt i Hommersåk, kan ein også overnatte og ta dette over to dagar.

lørdag 6. juli 2013

Herlig, herlig langs sjøen Sandnes - Stavanger

Laurdag med god temperatur, sol og nesten stille. Tidleg føremiddag i Vågen, Sandnes. Havblikk og stille i byen. Hanapiren i bakgrunnen. 

Relativt greit med lite trafikk på Norestraen, til Lura og ned til sykkelvegen langs dobbelsporet frå Lura og nordover mot Stavanger, Det var fantastisk flott. 

Ein pause på Ostehuset ved Viking Stadion med scones og kaffi. Herlig, 
Vi prøvde den tøffe brua over jernbanen i Hillevåg, deretter snudde vi og sykla tilbake til Sandnes same veg vi kom. Planen var opprinneleg å sykle til Stavanger, skjære inn og ta ein annan veg tilbake, Sørmarka eller Hafrsfjord. Men når du syklar og håper det ikkje skal ta slutt, kva gjer du då: Snur og syklar tilbake same vegen tilbake. - Og kva oppdaga vi: Sykkelbrua over vegen som går ned til Viking Stadion, like ved Jåttåvågen stasjon, var åpna. 



lørdag 30. juli 2011

Sjøvegen til Hommersåk

Kvifor ta kortaste veg til Hommersåk, når ein har tid til ei flott oppleving?

1. Den alltid kjekke vegen langs Gandsfjorden ved dobbelsporet. Nå kan vi vegen og syklar ikkje feil, sjølv om det manglar merking her og der. Ettersommar med geitrams, blåklokke, rød- og kvitkløver og mange andre blomar. Naturen pyntar det fint!
2. Tall Ship Race - båtar i Stavanger, og mange folk - interessant.
3. Hurtigbåt Stavanger - Uskekalven - Stølsvik - Sjølvik - Usken - Hommersåk  - Å sjå plassar som eg ikkje visste om, å sjå på alle folka som skal i land med pikk og pakk, å vere på fjorden, flott ein sommardag.

Rundturen Austrått - Sandnes - Stavanger - Hommersåk - Austrått: 33 km sykling, 35 min. i båt.


søndag 19. juni 2011

Lang sykkeltur med to ferjer - 75 km

Inspirert av Rigmor Bjørgo, kom me på at det går an å reise med ferja på søndagstur.

Forsandbrua
Me sykla på nasjonal sykkelveg 2, om Vatne og Hogstad til Høle og derfrå langs sjøen til Lauvvik (25 km). Den nasjonale ruta går med båt til Lysebotn, derfrå om Valle i Setesdal til Telemark.

Me laga vår eiga rute, me tok ferja til Oanes saman med tyskarar, nederlendarar og andre turistar. Ferja tok 10 min., og etter Oanes var det to alternativ: Gamle eller nye riksveg 13. Den gamle riksvegen går langs fjorden i retning Idse til Jørpeland og er 35 km lang. Den nye går forbi brua til Forsand, om Høllesli og rett over fjellet til Jørpeland. Denne er 25 km lang. Me frykta at turen på gamlevegen kunne gjere heile turen vel lang, over 8 mil, og valde derfor den nye. Når det er ein ferjestrekning i nærleiken, kjem dei fleste bilane i klumpar, så trafikken var ikkje så sjenerande, men det var god stigning/ bratt utfor etterpå (Han der var oppe i over 60 km/t) og fleire tunnellar, som ikkje er så stas med sykkel utan lykt. Derfor lurer eg på om det hadde vore kjekkare å ta det andre alternativet. - Det kan vi gjere ein annan gong.

Gamlevegen er blitt sykkelsti ved Jørpeland. Herleg!
Då me nærma oss Jørpeland, fann me ein sykkelsti på venstre side av vegen som nok var "gamlevegen". Det var freden å sykle der, i forhold til hovudvegen utan sykkelsti. - Jørpeland viste godsida, men mellom Jørpeland og Tau var det også strekk utan sykkelsti. - Det skal visst bli det når Ryfast-tunnellane blir bygde, men aksjonistar hadde hengt opp skilt med "Gi oss sykkelsti nå!" - Og eg forstår dei.

Frå Tau tok me ferja til Stavanger, kikka litt på livet og cruiseskipet Queen Mary der, før me tok vegen langs sjøen/dobbelsporet heim.  Mange hadde funne vegen ut på gang- og sykkelvegen, men ikkje så mange eg hadde trudd. Siste stopp i Vågen på Sandnes, før oppstigninga til Austrått, som var noko tyngre enn vanleg med sju mil på sykkel bak oss.
Rast ved dobbelsporet langs Gandsfjorden

søndag 8. mai 2011

Sykkel og jernbane



Dagens tema blei jernbane


1. Vi sykla den herlege nye ruta langs dobbelsporet frå Lura til Stavanger (sjå eige innlegg). Vind frå sør gjorde det veldig lett.

2. For å sleppe motvind, tok me syklane på toget til Bryne. Heldigvis kom me ikkje i sykkelkø på toget. Tidlegare i veka las me om at syklistar som skulle trene til Nordsjørittet måtte bruke bil til Egersund, det blei for mange syklar på toget! God logikk: Kven skal så kjøre bilen tilbake! - Og dumt i vår verden når både kollektivtrafikk og sykling bør stimulerast. - Men me og syklane våre kom med denne dagen.

3. Frå Bryne sykla me til Orstad og innom han Elkjøp. Han tipsa oss om ei herleg, ny rute: Frå Håbakken inn i Kalbergskogen og nedover mot Figgjoelva og den nedlagde Ålgårdbanen (Del av trase for Garborgriket rundt). Me sykla der oppover langs den gamle banen til skytebanen og kom ut på E36 ved Bråstein. Tenk der har det vore ein tversforbindelse mellom Sandnes, Time og Klepp heile tida, for syklistar vel å merke.

Ålgårdbanen skulle gå frå Ganddal til Helleland, kor han skulle møte Flekkefjordbanen. Første etappe blei bygd i tidsromet 1921 til 1924, og i 1955 var det stopp ved: Holane, Vagle, Foss-Eikeland, Kalberg, Bråstein, Figgjo Fajanse, Figgjo fabrikker og Ålgård. Det var ti daglege avgangar kvar veg. Den må ha vore viktig for dei som arbeidde på Foss-Eikeland Figgjo, før bilen var vanleg. - Prisdumping på buss konkurrerte ut persontrafikken i 1955, men godstrafikk var det heilt til 1988. På Figgjo er jernbanetraseen broten fordi brua over vegen er borte, men nå har dei vore finslege med sporet i arbeidet med den nye brua på Foss-Eikeland.

I England hadde dei laga god sykkelveg i staden for jernbane, sjå Cinder Trail. Her låg skinnane ennå, men på sida var det grei sti å sykle på. Men han står ikkje på sykkelkartet for Sandnes. Det burde han

.

søndag 6. juni 2010

Langs dobbelsporet Sandnes - Stavanger


Vi prøvde i dag for første gong den nye gang- og sykkelvegen langs dobbelsporet frå Lura til Hillevåg (tur- retur, måtte bare sykle begge retningane). Det var sol og fint ver, og turen var bare fantastisk. Tenk at vi har slike perler her vi bur. Folk vi møtte bare smilte, i dag var det plass til både syklistar og fotgjengarar. Å byggje ein slik veg, som gir alle tilgang til å gå eller sykle sjøen, er ein flott ting. Eg reknar med at asfalt kjem på det som ennå er grus og at det blir skilta betre etterkvart. Men... blir det samanhengande turveg til Sandnes sentrum? Det hadde vore stort!