Viser innlegg med etiketten Deventer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Deventer. Vis alle innlegg

tirsdag 27. juni 2017

Deventer - Hattem - (Kampen)

Deventer er for oss litt vaksne nordmenn skøyteløp. VM for menn i gullalderen, 1969 og 1973, då vi sat med skjema og noterte rundetider til og med på 10.000 meter. Men Deventer er så mykje meir. Dei har styltefestival, stor bokfestival og Charles Dickens-festival. Byen er kjend for honningkakene sine, og Deventer er ein hansaby. Rikko tok oss på byvandring, og viste oss kyrkja, med opne rom der helgenane skulle ha vore. Forklaringa kunne vere dårleg råd, men truleg var det reformasjonen som tok statuane som skulle ha vore der. Bildet under viser Erasmus Rotterdamus som gjekk på latinskole i Deventer, og var avbileta i eit vindauge over døra til skolen. 


Igjen ein fin dag med sykling fra knutepunkt til knutepunkt. Små, idylliske byar, sykling på dike, jordbruk og skog. Og ferje over Ijssel:

Det mest interessante i dag var å passere eit stort område som er i ferd med å bli eit område med reserveplass for vatnet når det blir ekstrem vannstand. Det blir gjort på den måten at det blir bygd nye demningar på 8 og 7 kilometer som rammar inn eit område som blir liggjande som ei øy mellom elva Ijssel og det nye reservereservoaret Vallei en Veluwe, mellom landsbyane Veessen og Wapenveld. Arbeidet er i avslutningsfasen, og me sykla over to fine bruer som såg ut til å gå over tørt land, men som med berekna frekvens 1 gong pr 100 år vil blir bruer over vatn, inn til gardane som då blir liggjande som øyer. Fordelen med ei slik ordning er heilt klar å unngå flaumar. Når det blir gjort på denne måten, er det også slik at landskapet er i bruk til jordbruk og fuglar alle dei andre 99 åra. - Men for eit strev! Og dette er bare eitt av 30 tiltak mot flaum.

Skipperen fortalde om alle demingane Nederland har bygt mot havet, og det nye landet som er "tatt" frå havet. Ikkje utan omkostningar, grunnvatnet i tilgrensande område sig når det ikkje er kanal mellom gammalt og nytt land, for eksempel. Men mange har flytta inn i områda som før låg under vatn, og det ser ut til å gå bra. 


Me kom fram til den vesle byen Hattem i fin form. Hattem er også ein idyll med alt på plass: Vindmølle, gamle hus, stor kyrkje og koseleg torg. - Vi gjekk ombord, og kl 18.00 tøffa båten vidare til Kampen.






mandag 26. juni 2017

(Arnhem) - Doesburg - Zutphen 44km - (Deventer)

Arnhem er ein by med ca 150 000 innbyggjarar, 13 meter over havet. Opprinneleg var dette ein landsby i eit vegkryss, ikkje ved ei elv. Ca. år 1500 endra innbyggjarane løpet til elva, og Arnhem fekk tilknytning til vassvegane. På 1800-talet var Arnhem ein fasjonabel by for hollandsk elite, men byen er mest kjend for slaget om Arnhem i 1944, om brua over Rhinen. Innbyggjarene blei evakuerte, og byen blei øydelagd og plyndra.

Arnhem gamle rådhus 1850

Den store kyrkja i Arnhem er under restaurasjon, men det sto ein byport og eit hus som såg gammalt ut: Duivelhuis, som vel må bety djevelhuset, sjå bilete.

Gandalf la ut frå Arnhem kl 0700 neste dag, og tok vegen opp elveløpet til den tredje største greina til Rhinen som heiter Ijssel. Den er mykje rolegare enn dei andre elvene må ha vore på. Då frokosten var ferdig, og matpakken klar, sykla me inn i den søte byen Doesburg. Doesburg er ein liten stad med historie tilbake til 1237. Byen låg strategisk til, og var beskytta av bymur. Men elva Ijssel blei grunnare etter 1500-talet, og Doesburg mista makt. Doesburg var med i hansaforbundet.


Ut av Doesburg var løypa vår stengd av vegarbeid. Det var skilt omkjøring, men ikkje godt nok skilta for oss, så me valde ei alternativ rute - godt hjelpte av ein mann som kunne engelsk, to damer som ikkje kunne det og kart/knooppunkten. Mest det siste. Drempt låg på denne alternative ruta, og der var hagane eit syn.

Vidare gjekk vegen gjennom landbruksland. Det er flatt, men det er ganske mange tre som bryt flatheita. Det blir dyrka mykje mais, gras (og kyr), poteter i området. Vi møtte gruppa med Rikko i spissen, og takka vere det fekk me kome inn i Bronkhorst vindmølle som framleis var i drift. Dei malte spelt og mais til dyrefor i dag. Landsbyen Bronkhorst var ein idyll som turismen ennå ikkje har tatt, men bare vent.


Sola kom, og utan regn blei dette ein herleg dag. Litt vind, men me sykla ikke same retningen lenge, så det var ikkje noko større problem. Første dag sykla me vel utelukkande på sykkelsti. Siste del i dag måtte me dele vegen med bilar. Kva har dei gjort i Nederland når bilar og syklar må dele vegen: Dei har gitt syklistane halve vegen ved hjelp av maling. Det er plass til ein bil i midten.


Zutpen er også ein liten by ved Ijssel som var ein hansaby. Walburgiskerk (kyrkje) ligg på Unescos verdsarvliste.